Som det gode, gamle ordet segjer: Betre seint en aldri! I går las eg endeleg Ordbok for underklassen, ei bok eg høyrde um for vel eit år sidan, men som eg av einkvan grunnen ikkje kasta meg yver, endå eg såg ho hausta rikeleg med lovord både her og der. Men i går hende det: Eg skulde slå i hel tri timar på Oslo lufthamn og hadde lese ut alle bøker og blad eg hadde i sekken, so gjekk eg til bokbudi, og der stod boki på ein pall og skein imot meg.
Kva slags bok er det? Som forlaget skriv på sida si: «Skarp og lettbeint selvhjelpsbok som avkler politikerspråk og frustrerende moteord i arbeidslivet.» Millom desse moteordi og umgripi er styggedomar som fokusområde, samhandlingskompetanse, balansert målstyring, styringsdialog, endringsorientering og lesestrategiskolering.
Eg las boki med det me kallar skrekkblanda frygd. Frygd av di det er rasande moro å sjå kor umåteleg hjelpelaust folk greider å ordleggja seg. Skrekk av di denne målføringi kann koma til å øyda det etter måten gilde samfundet me hev greidt å skipa, ikkje minst kann det taka livet av folk! Det meiner eg. Når politikarar og leidarar talar eit tåkelagt mål som borgarane ikkje skynar (og det er ikkje meiningi at me skal skyna det heller, trur eg), er me sanneleg ille ute.
Er dette tåkespjåket noko nytt? Tja, Ivar Aasen skreiv i 1859:
«Det norske
Folket treng til greide og klaare Tankar, so vel som til eit heimlegt
og høvelegt Maal; det er inkje vel teent med ei Ovmengd av blinde og
skoddefulle Tankar, og helder inkje med ei Mukka av myrke og undarlege
Ord, som lett kunna tena til eit Skalkeskjol fyre umogne Tankar og rein
Tankaløysa, og som sedvanlega verda so mistydde og forvanskade, at dei
berre føra til ein Slurveskap i Tenkningi og ei Utskjemming i
Maalsansen, som me alt hava seet so riklege Merke paa, at me inkje hava
Hug til at sjaa meir av same Slaget.» (mi utheving)
Det er fulla lika gale no? Eller verre?
Her er nokre utdrag frå Ordbok for underklassen:
Bruker: «Oss er i dag en kunde født». Kunde og bruker er moderne betegnelse på utdaterte betegnelser som mennesker, kvinner, menn, personer, individer, innbyggere, borgere, velgere og pasienter, jf. ord som brukerinvolvering, brukerstyring, brukervalg, brukervennlig og brukermedvirkning.
Coaching: Coach: Av engelsk for kusk. Hyppig brukt i stadig nye disipliner. [...] Populært og kostbart semiprofesjonelt kvakksalveri som fungerer som en fortrinnsvis godt avlønnet amatøraktivitet utført på hjelpetrengende mennesker med økonomisk bærekraft, drevet av en kusk, norsk hestepisker. Man kan ta en slags master i coaching, «Mentor-Coach».
Driftsenhet: Begrep som erstatter betegnelser som sykehus, aldershjem, skoler, barnehager, museum, gallerier, bibliotek etc. Som oftest synonymt med resultatenhet (se samme).
Håndhevelsesbistand: Ferskvare på nyordsfronten, erstatter det hjelpeløse «hjelp».
Kostnadseffektiv: Fordyrende endring. Hyppig brukt begrep i nyliberal styringsideologi. Tomt snakk for økt privatisering. Kostnadseffektivitet betegner at et mål nås til lavest mulige kostnader, les nedbemanning og økt arbeidsmengde på de som ikke blir overtallige.
Kunnskapsbasert: Kunnskapsbasert er et uttrykk reservert for folk med formelle titler og helst de som arbeider mer med hodet enn med hendene. Kva med kunnskapsbasert kunnskapssamfunn? Dette er et dobbelt signal om at all tenking er opphørt.
Reformimplementering: Begynne eller iverksette en endring eller prosess ved hjelp av unødvendige lånord.
Storbarnsekvivalenter: Moderne og human omtale av barnehagebarn i alderen 3-6 år.
Og slik held det fram!
torsdag 6. mars 2014
fredag 21. februar 2014
lukka for norrønfilologen
er å hava ein kjærast
som krullar seg i hop i sofakråi
og trør*
medan ho les Snorre
og lær so ho rister
av alt det undersame som ber til,
til dømes flirde ho åt
det same som eg flirde åt
jolaftan 2007,
det året me vart kjende.
* å trø = å røra på tærne, eller jamvel heile foten, fordi ein hev det so godt (eller fordi ein et noko godt)

fredag 14. februar 2014
sjåarminne frå OL-hopprennet 11.02.14*
* Husmori såg rennet i upptak 12.02.14, for på sjølve rennkvelden var ho på Litteraturhuset i Bjørgvin og preika ordsoga. Men ho greidde verja seg frå nettaviser og fjasbok og alt som kunde ha røpt endskapen for henne, so spaningi var stor då ho sette seg til og skulde sjå førkjone fljuga! No er me so sæle at ho vil leggja fram nokre brot frå medvitsstraumen sin, sumt av det som fauk igjenom skallen medan ho sat og såg på.
... so glade dei er! her kjem dei ein etter ein ålvorsame og hugfaste på bommen, i ovanrennet, i lufti, i landingi, men på sletta renn dei yver av frygd, ålvora brest og løyser seg upp i breide smil og lette rørslor hoi! der kjem Gyda, no lyt du klinka til, eg minnest fyrste gongen eg såg deg, du var fem år og hadde lilla dress, trur eg, far din sleppte deg utfyre veslebakken og du sat ihopkrøkt som ein ball heile vegen ned, og so rett upp att og hoppa meir ... ja, det der gjekk no tolleg bra, so kjem Lindsey! so tidleg? du er radt ikkje heilt i gamalt slag, då, det er mestsom eg trefte deg i går, endå det var i 2011, etter eit renn i Granåsen og du og Jessica og Coline vilde ut og drikka øl, Coline var berre femtan, for pokker! hadde lånt legget til Jacqueline, men steike ho var frisk og morosam, og vinteren 2002 då de ikkje kunde fljuga heim til statane på grunn av ufreden med Irak og de måtte bu heime hjå oss i mange dagar, og medan eg var på skulen, fauk de Elverum rundt på spark, ja, de kom no innum skulen òg, sat i klasseromet og gutane totte Jess var so snygg, og de var med til Rena på trening, de lika bakken, eg òg, han var kvass og fin, no kjem det berre slike eg ikkje kjenner, smårips, men dei er gode, alle er gode! eg hadde ikkje havt ein sjanse i havet slik eg hoppa, dei eg var jamgode med, som ho der Maja Vtic, me var jamne stødt, no hoppar ho heilt annarleis, er heilt der uppe ... Maren! deg kjenner eg ikkje, men du talar totenmål, bra, og det er'kje mange som hoppar finare enn du, kul dress, det vert rart um nokre år, når eg ikkje kjenner nokon av dei som hoppar, men det er fint å ha vore ein del av det, no dreg det seg til, Coline var bra, so kjem Daniela, eg vil du skal vinna! du er ein av veteranane, det vøre fortent um du vann, og so er du skeiv, enn um eg hadde visst dét då eg hoppa, eg trudde eg var den einaste, no er det jamt i toppen! Vogt i leidingi etter fyrste, det var litt uventa hm hm hm fanden at Sagen ikkje er med, liksom urettvist, endå idrotten er og skal vera slik, at resultati tel ... so er me i gang att, eg fær tresmak i rauva av denne stolen, men no sit eg her, det er so spanande! endå det hende i går, det er berre eit upptak eg ser og neimen er det fåe som set gode nedslag, ikkje at eg skal segja noko, eg sette juksenedslag sjølv, Maren kliv upp på lista, vonar ho vert millom dei ti beste, ja då! no vert ho dårlegast nummer 8, og so, fy fasan so spent, hjartat sprett i bringa, 104,5 meter på Daniela! aiaiai, ho vert vondt å slå, halvmiss for Insam, ho er stødt lika blid, ho, halvmiss på Takanashi, blid, ho òg, so er det Coline, du skal på pallen, høyrer du, jaddå! inn på andre, fy fasan, éin hoppar att, Daniela stend nedpå sletta og skjelv, andblæst, tenk om ho vinn, berre Vogt att, ho hev aldri vunne noko, ho, og no sit ho att som siste hoppar i OL-rennet, det er ei hard røyning, ooo det vert jamt, jamt jamt! fytti ... so skal dei visa hoppet i sakte film, ja, her skal dei halda oss på pinebenken ... det vart Vogt! ho vann! og ho græt, og dett i hop i snøen og græt med Ulrike og dei hine yver seg, og græt og græt, og Daniela er nøgd, og Coline er i alle fall nøgd, og no kjenner eg jaggu tårebekken sildra her òg.

torsdag 6. februar 2014
fridtun (hus)morar seg: kjendisnytt
Saki er radt kjend for flestalle no, men for ei hardtarbeidande husmor som ikkje hev Twitter, sjeldan er på Facebook, aldri er på vg.no og anna i den gata, hender det at sume nyhende kjem seint fram, um dei kjem i det heile. Det liver ho godt med, men stundom kjem ho burti kjendisnytt som kveikjer hugen. Til dømes:
Den svenske skodespelaren Nour El-Refai terga mange då ho, som programleidar for ein delfinale i Melodifestivalen, kom til å lyfta armane og dermed røpte at ho ikkje rakar armhòlone sine. Sume sagde at dei helst vilde sleppa å sjå slikt i beste sendetid. Då ho seinare vart beden um å svara på lastordi mot armhòlehåret, sagde ho:
«Det växer ut där. Det var inte jag som kom på det. Det är evolutionen.»
Haha! Ja, og håri er der for ein grunn, kann husmori fortelja. Til dømes hev ho aldri vore so klam og rar under armane som dei åri ho raka håri. So veit de det.
(Korleis husmori kom burti denne saki? Det utifrå friske vevritet til Marta Breen.)

mandag 20. januar 2014
flygande førkjor
Ja, eg veit det: Det vert langt millom stykki her no! Fyrst var det joli som kom og kravde tid og merksemd, so laut eg hiva meg rundt og lesa Prøysen i alle fristunder, for rett fyre årsskiftet melde Dag og Tid at dei vilde ha Prøysen-teig i staden for ord-teig i 2014. Og so lyt eg då husmora meg litt attpå! Det er god husmoring å mora seg i heimen, og no hev eg millom anna mora meg med å skriva om kvinnfolk som flyg. Kvifor? Fordi dei endeleg fær lov til å vera med i OL, og OL tek til no snart!
So de lyt orsaka at husmori tek slike snarvegar stundomtil og skriv innlegg um innlegg ho hev skrive andre stader. Stykket um dei skidhoppande kvinnone ligg ute her: Jenter som flyg
Helsing frå husmori
(som i skrivande stund er på skuleturné på Austlandet)

Husmori som 7-8-åring:
søndag 15. desember 2013
husmormote
Godtfolk! No kjem stundi de hev venta på: Med stød hand skal husmori og maken gjeva dykk ei rikt illustrert innføring i siste nytt på husmormotefronten. Som det heiter på sidemålet: Her er intet overlatt til tilfeldighetene! Med friske fargar og sidrumpa stilongs viser dei korleis kokekunsten kann gleda augo like mykje som smakslaukane.
Nærlesing av uppskrift med matchande
forklæde og uppvaskkost.
Og boki? Frå bollar til burritos.
Nærlesing av ei onnor kokebok som er mykje
nytta i heimen. Vanleg ordbyte millom makane:
"Kva skal me ha til middag i dag?"
"Me spør Gunda!" (signert utgåva)
Utdrag frå Smalhans-boki hennar Gunda.
Merk ordet husmødrer midt i bilætet.
Men det er ikkje chili con carne makane lagar.
Kva kann det vera, tru?
Her er det likt til at husmori skjer paprika so snøgt
at fingrane vert skamfarne. Slikt driv ho ikkje med:
Etter eit ublidt møte med ein kjøkenkniv
i heimkunnskap i 6. klasse, skjer ho
seint og varsamt.
Under forklædet finn me husbunaden:
slapp stilongs (visest ikkje so godt her)
og anonymt spøtte labbar.
Glimt frå millomvasken.
SJÅ ALT SOM MATCHAR!
Programleidarar i fjernsynet skifter kjole jamt.
Husmori skifter forklæde.
Men det skal matcha kosten.
Grønt og rosa og lett knekk i knei.
Endeleg ser de godsakene:
Ein marokkansk vegetarrett som snøgt fekk namnet grapsegryte,
og som endåtil vert laga i gryta hennar mor.
Legg merke til dei frekke kontrastane i samspelet
millom gryteklut, steikespade og grønsaker.
Ho mor ho kveikjer alle ljos.
Kjole uppe i vinstre hyrna.
Megamatch frå topp til labbetå.
So er det berre å hogga innpå,
eller som det heiter austanfor:
"Skjer og et, fins itte ben!"
søndag 8. desember 2013
Ivar Aasen er DAUD
Enno er det nokre vikor att av Aasen-året. For meg er det i grunnen Aasen-år stødt – ja, kvar dag er Aasen-dag, spyrr du meg. Fylgjeleg skal eg halda fram med å skriva smått og stort um denne karen i tidi som kjem òg, anten de vil eller ikkje. I dag skal eg fortelja dykk um ein kjepphest som Aasen og eg rid i lag. Jiiiiha!
Svært mange hev lært at det er stygt å segja at ein person daud. Eg hev høyrt småe ungar ned i 10-11-årsalderen retta på kvarandre, til dømes tvo gjentor på bussen i Nidaros, der ei av deim sagde: «Nabo'n min e dau'.» Då kom det straks frå ho hine: «Nei, det e stygt å si! Du må si at'n e dø'.» Men kvifor det? Daud og død – det er då plent det same ordet, berre i ulik form?
Skilnaden er at dau' hev vore den utan tvil vanlegaste uttaleformi i talemål yver heile landet i mange hundrad år. So det, so! Dø' og død hev kome inn seinare, i hovudsak frå dansk. Og kven tala dansk? Dei «fine». So var det vel nokon av dette finfolket som vart støytte og okka og bar seg, og so sende dei ut ålvorsord i aust og vest og greidde å yvertyda det jamne folket um at dau' var grovt og rått og vyrdlaust og ein styggedom – dei laut segja dø', i minsto i høgtidssame stunder. Trur eg, då. Noko prov hev eg ikkje. I alle fall hadde mange lært seg til å segja dø' tidleg på 1800-talet, då Aasen fór kringum på granskingsferd. Det lika han ikkje!
Lat oss fyrst sjå kva han skreiv um saki i Prøver af Landsmaalet i Norge, som kom ut i 1853. I ei målprøva frå Telemark ser me at informanten hev nytta formi dø'. Aasen legg inn ein merknad til ordet, og der stend det: «For daud. Ogsaa i mange andre Distrikter gjøres den latterlige Forskjel imellem død og daud, at det første bruges i Alvor og om Mennesker, men det sidste kun om Dyr og i Spøg.»
So gjeng me til storverket Norsk Grammatik frå 1864. Aasen held seg i skinnet lenge, til dømes skriv han ein stad: «I nogle faa Ord er Ø for Au blevet meget utbredt i Landet, nemlig i Brød (for Braud), Nød (Naud), Død (Daude).» Alt vel so langt. Men han greider ikkje lata vera, og mot slutten høgg han til:
«Det danske Bogmaal har saa længe været fremstillet som Mønster for den norske Talebrug, at det ikke er at undres paa, at ogsaa Almuen tildeels har søgt at lempe sig derefter. [...] I Samtale med fremmede eller reisende Personer ville Landsfolk ogsaa gjerne Tale saa dansk som muligt og vogte sig for at bruge sine egne gammeldags Udtryk, saa at vistnok mange Fremmede komme til at faae et meget feilagtigt Begreb om Landets Talebrug. Paa flere Steder ansees de norske Former at være for simple i en Tale om gudelige Ting, og der findes endog Exempler paa, at et Ord kan bruges i to Former, en dansk til bedre Brug og en norsk til andre Ting; saaledes pleier man paa nogle Steder at sige ‘daud’ om Dyr, men derimod ‘død’ om Mennesker, hvorefter altsaa den norske Form skulde være god nok, naar der Tales om Fæ, men ikke ellers. Og naar det skal være rigtig vakkert, vil man nok ikke heller være synderlig vel tilfreds med saadanne Former som: Aaker, Skaap, Skot, Skuld, djup, turr, og lignende, da de ikke passe til Mønstersproget og altsaa kunne vække Mistanke om Mangel paa ‘Dannelse’.»
Ja-ja. I Norsk Ordbog frå 1873 er det på'n att. Uppslaget til daud ser slik ut:
daud, adj. 1) død, ikke længere levende. G. N. daudr. (Goth. dauþs). 2) stille, uden Liv eller Rørelse (om et Sted); ogsaa kraftløs, uvirksom, f. Ex. om jord. At man paa nogle Steder adskiller daud og død, saa at det første bruges om Dyr og det sidste om Mennesker, grunder sig kun paa en falsk Forestilling.

Sanneleg eg segjer dykk: Det er ikkje stygt å segja dau'! Tvert um, det er god norsk. Og eg hev Ivar Aasen i ryggen, so det nyttar ikkje å segja imot. I alle fall bør me gjera Aasen den æra, at me brukar daud når me talar um honom.
Abonner på:
Innlegg (Atom)