mandag 20. januar 2014

flygande førkjor

Ja, eg veit det: Det vert langt millom stykki her no! Fyrst var det joli som kom og kravde tid og merksemd, so laut eg hiva meg rundt og lesa Prøysen i alle fristunder, for rett fyre årsskiftet melde Dag og Tid at dei vilde ha Prøysen-teig i staden for ord-teig i 2014. Og so lyt eg då husmora meg litt attpå! Det er god husmoring å mora seg i heimen, og no hev eg millom anna mora meg med å skriva om kvinnfolk som flyg. Kvifor? Fordi dei endeleg fær lov til å vera med i OL, og OL tek til no snart!

So de lyt orsaka at husmori tek slike snarvegar stundomtil og skriv innlegg um innlegg ho hev skrive andre stader. Stykket um dei skidhoppande kvinnone ligg ute her: Jenter som flyg

Helsing frå husmori
(som i skrivande stund er på skuleturné på Austlandet)


Husmori som 7-8-åring:





3 kommentarer:

Anonym sa...

Eg såg snarvegen til nettkurset "Nynorsk med Kristin" og fekk store ambisjonar om å styrke nynorsken min, men snarvegen var ein blindveg. Er nettkurset fortsatt tilgjengeleg ein eller annan stad på den vide verdsveven?

fridtun sa...

Du store mi tid! Takk for at du melder frå. No skal det vera i ordet att. Kurset er elles svært so tilgjengeleg: Det ligg ute på sidone til NTNU (som den nye snarvegen fører til), og jamvel på YouTube og iTunes.

Alt godt!
Kristin

Kristin sa...

Hei!

Jeg har flere ord jeg lurer på hvor kommer ifra. Første ord: Burugle. Vet hva det betyr, men hvor kommer det ifra?

Også, hvorfor er kjærring negativt på noen steder (f.eks sørlandet), mens der jeg kommer ifra så er det nøytralt? Brukte det en gang på sørlandet, og har aldri fått så mye kjeft i mitt voksne liv.