Eg hev ein ny heim no. Ingen fleire dagar og næter på Voll.
Men fan! - dette er ti tusund gonger betre. Dette er
ein heim.
Far vel, linoleum og institusjonskjensla.
Her, i nyheimen, er både trivelegt og lognt og ljost.
Ja her kann ein byggja og bu!
Eller berre bu.
Sovekråi mi er soleides:

Jau, sengi er grum. Kaupt på Finnskogdagane på Svullrya, sjølvpussa og sjølvmåla, med hjelp frå mor og far. Snikkar-far meiner ho radt er hundrad år eller so.
Og eg hev Ludvig og bestefar yver hovudet, og Ludvig og Solan på dynetrekket. Betre vert det ikkje!
Eg bur med ein
ven, og eg hev framleis eit lauvtre utanum gluggen.
Alt ihoplagt: Eg er nøgd.
I morgon fer eg atter ein gong til Íslands.
Það verður gaman & gleði!
Lat oss enda med ei strofa av Aasen:
Ja heime der baka dei Braudet best,og vænaste klippa dei Klædi,der hava dei Klangen i Maalet mestog vænaste kveda dei Kvædi.Der ser du ein Dag med ljosare Lag,og Skog med eit mildare Skygge;og raamar so Sorgi deg der med eit Slag,so finner du endaa eit Hygge.