Aldri såg eg ei yta so still, som i gårmorgon, då vatnet låg skirt og lognt, endå vinden hadde herja heile kvelden og natti i fyrevegen. Undersamt, det der, kor det skjek og driv den eine stundi, og so er alt ovende audt og stilt den næste. Fint med hytteliv um hausten.
Snjo var det au, det datt ned tjugo til tretti centimeter tysdagskvelden. Morosamt, det, for tvo ungsprettar som eg og syster mi.
Fjellgutusjøen. Tagall og mild.
Basing i snjoen.
Veslesyster fekk stella neglene mine som ho vilde.
Manikyr, heiter det visst.
Mannsdagen 2022
for 2 år siden
5 kommentarer:
Vakkert - rett og slett!
Du er no so raus med gode ord, du!
Hjarteleg takk! Ser ut til at eg hev fenge ein ny og ihuga og ikkje minst trufast blogglesar!
Ja, det har du :)
Får vatn i kjeften og vatn i augo.
Å! I munnen òg? Tyrst på Fjellgutu-vatn?
Legg inn en kommentar