søndag 9. august 2009

glup raping

For tidi les eg Konungs skuggsjá, eller Kongsspegelen, frå um lag 1230-1260, og der råkar ein på mykje moro. Dette er ei "uppsedingsbok" med ein far og son i samrøda, og boki vert drivi fram ved at sonen spyrr og faren svarar og legg fram og tyder ut alt det sonen hev hug til å spyrja um. Her er dryft både krigskunster og våpen, seder og skikkar, kaupmenner og kongar, hav og jord, klæde og matstell.

Ein ovende morosam bolk er den um Islandshavet og alt levande som finst i det. Til dømes skal det finnast ein slik undersam skapnad:

"Det er fortalt at naturen til denne fisken [havguve] er slik at når han skal ete, så gjev han opp ein stor rap or halsen, og med den følgjer det då mykje åt, så allslags fiskar nær ved samlast til, både store og små, og meiner dei der skal få seg god mat og føde. Men denne fisken let munnen sin stå open imedan, og det opet er ikkje mindre enn eit stort sund eller ein fjord, så fiskane kan ikkje vare seg for det og renner inn, heile horga. Men så snart magen og munnen hans er full, så let han att munnen, og då har han fanga og stengt inne alle dei som før trådde dit og ville leite seg mat" (norsk tyding ved Alf Hellevik)

Det var jaggu ei glup gjerd!
Noko å tenkja på næste gong kjøleskåpet er tomt og svolten gneg.

Ingen kommentarer: