fredag 31. juli 2009

glytt frå Gutulidi (og strôki kringum)

Eg er nyst attkomi etter tvo vikor utanfyre "folk'skikken". Godt nøgd med dagane uppi der, so nøgd at eg mest ikkje ansa at dei, dagane, kom og gjekk. Då er det vel som det skal vera.

Núna er ég heima, og þess vegna hlusta ég á heima - aftur og aftur og aftur.

...men det varar ikkje lenge, for snart skal heile huslyden ut på vegen att. Ferietur, heiter det visst. Er du i eller millom Nidaros og Bjørgvin i næste vika, so kann det henda me støyter saman.

Fyre dét, kann du sjå sumt av det teiknaren gjorde uppi Femundsmarki:


Sat på troppi i kveldsoli og drakk øl.



Sov i telt høgt uppi fjellom. Me såg ikkje ørn denne gongen,
men me kom nært innpå ein diger elg som veifta med øyrom
og luska innetter i skogen
so majestetisk og høgreist som berre ein elg kann luska.



Eg gjekk med sekk. Og trekopp.



Og eg raka gras av bikkja. Me hev ikkje grasklyppar på hytta, må vita,
men far hev ein sigd.


Kveldskos i lyngen. Gjev ans på regnbogen. Fine saker.


Sjáumst!

7 kommentarer:

Ragnil sa...

Eg trudde nesten du hadde slutta å blogge, fint å sjå at det ikkje var tilfellet:) Det ser ut som du har hatt det GILDT!

Fridtun sa...

Å, eg er so glad du stikk innom med jamne mellomrom og legg att ord her! Dessutan kjem eg i hug at det er på tide å stikka innom din blogg att, og der er det støtt mykje fint å lesa.

Zeugma sa...

Hahahaha! Kristin som rakar gras av hunden er det artigaste eg har sett i dag. Så veldig desautomatiserande.

ida sa...

Hæ? har du vore i Bergen no? Det har jo eg òg. Eg er der faktisk endå..

fridtun sa...

Ja, eg hev vore i Bergen. Det var litt slik turbo-upplegg, eine syster mi flytte inn på andre sida av Padde-pudde-brui, og me hjelpte til med det, og so fór me heim, via Voss og Ulvik :D
Men når det er sagt, eg tenkte på deg. Men so er eg litt feig, berre.

-kf

ida sa...

oioioi. over puddefjordsbrua du? det er ikkje berre berre! eg budde der då byen nesten sette ny nedbørsrekord. heldigvis budde guro og ane der òg. på feil side. me nytta brua til å slengja skit, og det fungerte den særs godt til. spar-butikken i nærleiken er forresten ubrukeleg. men det er mykje bra nede på danmarksplass. og ein sundagsopen joker som ein må leita litt etter.
eg kjem truleg til trondheim ei gong i haust. då skal eg gje lyd frå meg.

fridtun sa...

Hurra! Eg bur i lag med André no, so du kan koma på kaffi og heimebakst!
Sest!