mandag 13. juli 2009

D'er betre på Berg en på Baara

Jau, eg skal ganga ved det, eg er landkrabbe inn til beinet. Fridtun tykkjer betre um fjellvegen en sjøvegen, endå so blautt det var uppi dalom i fyrrvikun. Då gjekk me, fem blidauga ungmøyar, fjell-leidi frå Alvdal til Uppdal. Me ansa ikkje blåster og bløyta, men klivra og kleiv upp den eine lidi etter den andre, gjenom fjellkjørr og yver fjellgras, lauga oss i blanke vatn og sov medan regnet sildra nedetter lavvoduken. So var det upp å koka graut og sopa sakene i sekken og fara ut i den frie fjellheimen. Eta ei kakuskiva på ein stein medan skoddeflokane seig innpå og fór att, sjå lambi i kvike sprang uppetter fjellsida, suga på kvitfrosne fingrar og leita i lummone etter mjukblaute mandlar som sette ny kraft i leggene.

Det var ei gild ferd.
Ingi kiv og strid, ingi stygge skadar, ingi rædslenæter.

Men me såg ørn! Å jø, som me såg ørn! Me skræmde upp ei lika attmed stigen, snaudt tretti meter ifrå, ov-vengjone slo og duna og fuglen steig og me stod med gapande kjeft og såg dyret luftsigla langt og lenge fyrr en det kvarv um ein bergknatt.
Då tenkte eg på Sjón. Ja, i slik ei stund tenkte eg på den islendske skalden. Då han vitja Nordkurs-klassa for tvo vikor sidan, spurde eg: Hvað er þat fegrasta íslenska orðið?
Og Sjón svara: Arnsúgur.
Ein arnsóg er ljodet eller vinddraget av ei fljugande ørn, susen av ørnvengjeslag. Tenk at målet hev eit ord for slikt!
Det var ei gild stund skal eg lova deg, den tidi ørni var innan augleitet.

Her ser de teiknaren på veg mot Folldalsfjelli og andre fjell. Der var godt gjengt. Dessutan var der turt, fyrste dagen. Eg er budd til næste fjellferd, um ei snaud vika. Det vert i Femundsfjelli. Og då skal eg koma i hug tjukke vottar.

8 kommentarer:

Zeugma sa...

Eg elskar denne posten.

I dag såg eg to korpe' i fjellet.

fridtun sa...

Takk fyrir! Må eg spyrja: Er det emnet? Målet? Eller berre dåmen?

Korpar! Du slette tid. Er dei so svarte som dei etter segjing er? Og er dei for eller imot sidemål, trur du?

Zeugma sa...

Det er alt! Forteljinga, målet ditt som syng og krislar så vent, biletet.

Dei var kolsvarte, vakre fuglar som heldt til ved Peer Gynt-hytta i Rondom. Eg trur dei likar alle språk, sjølv om dei er litt for gode til å svara menneskje.

Silje sa...

Jeg tror du har en veldig fin sommer, Kristin. :-)

Når vi alle kommer til Trondheim igjen, krever jeg et sammenflyttingsbesøk hos deg og André.

fridtun sa...

Prima! Gilde fuglar, eg hev aldri sét slike med eigne au'er, um eg minnest rett. Og takk atter.

Men hej, kvekk frå ei etterlengta and! ;p Ja, eg hev ein fin sumar, eg. Eg kjem faktisk til Bergen ein tur tidleg i august, for då skal me køyra syster og flyttelasset til Bergen. Er du der då? Fyrste veka i august?

Sunniva sa...

Dette hørtes ut som en fantastisk fin tur. Har snoka litt på fjesbok og sett på bilder. Herlig!

Silje sa...

Kaaanskje, men trolig ikke. Jeg og Bjarke skal vestover, men jeg tror vi skal på hytteferie før vi havner i selve Bergen. Med mindre du vil innom en vestlandshytte på vei nordover igjen? Og jeg skal holde deg oppdatert dersom planene endres (de endres stadig).

fridtun sa...

Sunniva: Japp, han var fin, og dette vert ein tradisjon - ope for kvinnelege nordistar av alle slag. Eg skal seia ifrå når påmeldingsliste for neste sumar vert lagd ut ;)

Silje: Den er god - hald meg underretta.