søndag 16. august 2009

nytt krypinn

Eg hev ein ny heim no. Ingen fleire dagar og næter på Voll.
Men fan! - dette er ti tusund gonger betre. Dette er ein heim.
Far vel, linoleum og institusjonskjensla.
Her, i nyheimen, er både trivelegt og lognt og ljost.
Ja her kann ein byggja og bu!
Eller berre bu.
Sovekråi mi er soleides:



Jau, sengi er grum. Kaupt på Finnskogdagane på Svullrya, sjølvpussa og sjølvmåla, med hjelp frå mor og far. Snikkar-far meiner ho radt er hundrad år eller so.
Og eg hev Ludvig og bestefar yver hovudet, og Ludvig og Solan på dynetrekket. Betre vert det ikkje!

Eg bur med ein ven, og eg hev framleis eit lauvtre utanum gluggen.

Alt ihoplagt: Eg er nøgd.

I morgon fer eg atter ein gong til Íslands. Það verður gaman & gleði!

Lat oss enda med ei strofa av Aasen:

Ja heime der baka dei Braudet best,
og vænaste klippa dei Klædi,
der hava dei Klangen i Maalet mest
og vænaste kveda dei Kvædi.
Der ser du ein Dag med ljosare Lag,
og Skog med eit mildare Skygge;
og raamar so Sorgi deg der med eit Slag,
so finner du endaa eit Hygge.

5 kommentarer:

Ragnil sa...

Det var no den finste senga eg har sett på veldig lengje:) Til lukke med både seng og krypinn!

fridtun sa...

Takk! :D Men fin-sengi er hard som granitt å liggja på, so eg lyt nok åt ikea og skaffa meg ein liten overmadrass..

-kf

Toten sa...

Fin seng, fin sovekrok og fine ord fra Aasen. Smil.

Silje sa...

Å-å-å, for ei fin seng!

Når du kjem frå Island får du berre setje over kaffien, for då kjem eg og vitjar.

fridtun sa...

Hei og hå!
Ja, det er berre å kakka på døri og stiga frampå, me hev koppar og kaffi åt alle snillingar.

Og Aasen hadde målet i si makt, det kann ingen vera i tvil um :)