tirsdag 25. august 2009

inní mér syngur vitleysingur

Já, ég er alltaf á Íslandi!
Det er berre å orsaka at det fer fram so lang tid millom kvart innlegg, men det er so mykje som hender um dagane. Handskrift-skeidet i Reykjavík er nyst endt, og eg hev lært ovende mykje um dei gamle millomalderbøkene. Me fekk endåtil halda i og blada i dei eldgamle bøkene!

Vel. Men det beste er at me jamvel fekk innsyn i gamle, islendske songtradisjonar. Frå gamalt hev dei ein songleik der ein skal syngja same songen sju gonger - og kvar gong skal ein ganga éi tone upp. Er rår dykk til å sjekka ut dette her, og syt for å skru ljodet høgt upp! (Du skal trykkja på "Jón Stefánsson" > og dinæst "Hlusta" øvst i vinstre kråi)

For stemningi: Eit bilæte av Konungsbók (Codex Regius av poetiske Edda), frå um lag 1270, som eg hev sét med mine eigne augo!

2 kommentarer:

dativfleirtal sa...

"Me fekk endåtil halda i og blada i dei eldgamle bøkene!" åh, eg veit so vel! du er heldig :)

fridtun sa...

Ja! Og mykje morosamt er aa lesa i desse bökene au, smaa kommentarar og teikningar i mergene.

Det ser diverre ikkje ut til at lekken til sju gonger-songen verkar. Daa kann ein gjera eitt av tvo:
- Beda meg um aa faa songen tilsend paa e-post;
- gaa inn paa denne sida: http://ismus.musik.is/, klikka paa "Munnleg geymd", skriva "sjö sinnum" i sökjefeltet "Efni", trykkja paa "Leita" og dinæst velja "Jón Stefánsson". Til lukka, og god laatt!