Som det gode, gamle ordet segjer: Betre seint en aldri! I går las eg endeleg Ordbok for underklassen, ei bok eg høyrde um for vel eit år sidan, men som eg av einkvan grunnen ikkje kasta meg yver, endå eg såg ho hausta rikeleg med lovord både her og der. Men i går hende det: Eg skulde slå i hel tri timar på Oslo lufthamn og hadde lese ut alle bøker og blad eg hadde i sekken, so gjekk eg til bokbudi, og der stod boki på ein pall og skein imot meg.
Kva slags bok er det? Som forlaget skriv på sida si: «Skarp og lettbeint selvhjelpsbok som avkler politikerspråk og frustrerende moteord i arbeidslivet.» Millom desse moteordi og umgripi er styggedomar som fokusområde, samhandlingskompetanse, balansert målstyring, styringsdialog, endringsorientering og lesestrategiskolering.
Eg las boki med det me kallar skrekkblanda frygd. Frygd av di det er rasande moro å sjå kor umåteleg hjelpelaust folk greider å ordleggja seg. Skrekk av di denne målføringi kann koma til å øyda det etter måten gilde samfundet me hev greidt å skipa, ikkje minst kann det taka livet av folk! Det meiner eg. Når politikarar og leidarar talar eit tåkelagt mål som borgarane ikkje skynar (og det er ikkje meiningi at me skal skyna det heller, trur eg), er me sanneleg ille ute.
Er dette tåkespjåket noko nytt? Tja, Ivar Aasen skreiv i 1859:
«Det norske
Folket treng til greide og klaare Tankar, so vel som til eit heimlegt
og høvelegt Maal; det er inkje vel teent med ei Ovmengd av blinde og
skoddefulle Tankar, og helder inkje med ei Mukka av myrke og undarlege
Ord, som lett kunna tena til eit Skalkeskjol fyre umogne Tankar og rein
Tankaløysa, og som sedvanlega verda so mistydde og forvanskade, at dei
berre føra til ein Slurveskap i Tenkningi og ei Utskjemming i
Maalsansen, som me alt hava seet so riklege Merke paa, at me inkje hava
Hug til at sjaa meir av same Slaget.» (mi utheving)
Det er fulla lika gale no? Eller verre?
Her er nokre utdrag frå Ordbok for underklassen:
Bruker: «Oss er i dag en kunde født». Kunde og bruker er moderne betegnelse på utdaterte betegnelser som mennesker, kvinner, menn, personer, individer, innbyggere, borgere, velgere og pasienter, jf. ord som brukerinvolvering, brukerstyring, brukervalg, brukervennlig og brukermedvirkning.
Coaching: Coach: Av engelsk for kusk. Hyppig brukt i stadig nye disipliner. [...] Populært og kostbart semiprofesjonelt kvakksalveri som fungerer som en fortrinnsvis godt avlønnet amatøraktivitet utført på hjelpetrengende mennesker med økonomisk bærekraft, drevet av en kusk, norsk hestepisker. Man kan ta en slags master i coaching, «Mentor-Coach».
Driftsenhet: Begrep som erstatter betegnelser som sykehus, aldershjem, skoler, barnehager, museum, gallerier, bibliotek etc. Som oftest synonymt med resultatenhet (se samme).
Håndhevelsesbistand: Ferskvare på nyordsfronten, erstatter det hjelpeløse «hjelp».
Kostnadseffektiv: Fordyrende endring. Hyppig brukt begrep i nyliberal styringsideologi. Tomt snakk for økt privatisering. Kostnadseffektivitet betegner at et mål nås til lavest mulige kostnader, les nedbemanning og økt arbeidsmengde på de som ikke blir overtallige.
Kunnskapsbasert: Kunnskapsbasert er et uttrykk reservert for folk med formelle titler og helst de som arbeider mer med hodet enn med hendene. Kva med kunnskapsbasert kunnskapssamfunn? Dette er et dobbelt signal om at all tenking er opphørt.
Reformimplementering: Begynne eller iverksette en endring eller prosess ved hjelp av unødvendige lånord.
Storbarnsekvivalenter: Moderne og human omtale av barnehagebarn i alderen 3-6 år.
Og slik held det fram!
Mannsdagen 2022
for ett år siden
4 kommentarer:
Der minna du tanto på boka og! Ho var på kurs i fjor, og Jon Severud heldt eit framifrå godt foredrag om gode faguttrykk og ord som vert tekne frå oss og erstatta med m.a. uttrykka som du nemner. Ser at ordboka er komen i revidert utgåve, no er berre Arne Klyve nemnd som forfattar
Hm! Det var underleg, for eg hev visst ei revidert utgåva (det stend revidert utanpå), og der er både Severud og Klyve nemnde på umslaget og inni. Her er det noko muffens! Eller muffins, som eg trudde det heitte då eg var ung/yngre.
Ja, det er ei gild bok. Og med eit godt fyreord av Morten Strøksnes.
Her har Trondsmo forsømt seg! På lista over bestseljarane er berre AK nemnd som forfattar av den reviderte
Fysj!
Legg inn en kommentar