lørdag 25. april 2009

når Våren kjem, er Vetteren gløymd

Eg heiv meg på trøsykkelen i dag og fór til Jonsvatnet. Gildt! For eit påhitt!

Eg sveiv og dreiv
i steikande solskin
i t-skyrta og stuttbrok
i fint driv.

Gode greidor.
Og mykje fint å sjå langsetter vegen:

- Kvitsymra.
- Ei diger hestruga som nokon hadde stukke hestehov i (sjølvsagt).
- Mange småe, raude hus med kvite karmar. Ei slik liti stova skal eg ha når eg vert stor.
- Eit turkestativ stint med rosa barneklæde.
- Ein bonde som køyrde gjødsl utpå jordet sitt. Måsen totte òg det var gildt.
- Eit gamalt ektepar på tur. Dei var godt påklædde, må vita, medan eg svinsa framum i stuttbroki mi.
- Insekt og andre greidor som flaug i lufti. Dei rende beint inn i hjelmen og kjaken so det small, og ei fluga villa seg inn i munnen. Ho lét livet, diverre. Men for eit vårteikn!

So, no er det tid for rjomegraut med spekt kjøt og øl og so skal eg lesa ut Finnskogens folk (Grønoset) og sysla med mitt, som eg plar. Kannhenda drøyma litt um stova eg skal bu i. Og um kona som skal bu der med meg, ikkje minst.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Å ja det hørtes gildt ut å sykle slik. :) Sykla du helt rundt? I morra får je atte sykkelen min fra rep. Da kan jeg også ut å sykle!

Hmmm, men du har ete rømmegraut i dag altså... Da lyt eg væra kreativ med middagen i morgo. Men det ordnar seg! Ses da :)

Cathy

fridtun sa...

Nei, je sykla itte helt rundt. Je stoppa omtrent midt på og så stod je der og glåmte ut i dagen og so tok eg samma vægen hematt!
Oi!

Tenkte du rømmegraut på mennyn?
Telepati.

Engeline sa...

For noen vårtegn! Fridtun, jeg er så glad i bloggen din. Jeg tror på det rødmalte huset i fremtiden din, og jeg tror på den konen. Jeg vil bygge meg en gård, med en hage utenfor, aktig - blogger som får meg til å nynne barnesanger er så godt.

Og så likte jeg overskriften din. Knall.

Ragnil sa...

Dette gav meg mange fine bilete i hovudet. Måtte rett og slett smile litt! Og ja, fin og veldig sann overskrift. Hurra for våren!

fridtun sa...

Ja visst, er det vårteikn! Eg gler meg til å vitja garden din. Og hagen, som eg veit kjem til å vera mest som paradiset! ;)

Takk for ros for tittel-valet. Det er henta or Norske Ordsprog , sjølvsagt, av Ivar Aasen.

Fröken fräken Lom: Gildt at du rett og slett laut dra på smilebandet. Då tolkar eg vårglede-innlegget som vellukka!


-kf

Anonym sa...

Takk for en interessant blogg