Det er moro med ord som endrar tyding eller fær snevrare meining. I norrøn tid kunde folk verpa av seg kledi. I dag er det vel mest høna som verp, og ho verp ikkje anna enn egg. I Norrøn Ordbok finn de upphavstydingi åt ordet:
verpa (verp; varp, urpum; (v)orpinn) 1. kaste, slengje (e-u)
Eg tenkjer: det er ikkje so at egget berre "ploppar" ut, det vert visst kasta eller endåtil slunge ut. Kuli! Hønone var jaggu hardføre for tusund år sidan... Ein skulde tru det vart mykje søl av slik framferd.
Ha-ha.
So hev me endå eit gjerningsord; drepa. Eg gjev att fyrste lina frå Norrøn Ordbok:
drepa (drep; drap, drápum; drepinn) 1. slå, støyte, stikke
I dag er drepa same som å taka livet tå nokon. Difor tykkjer me ordlag som "drepa í hel" er smør på flesk. Det er ikkje mange som vilde skyna kva ein meinte um ein sagde "drepa jarn" (hamra jarn) eller "drepa strengi" (slå strengene på harpa). Eller "drepa á dyrr" - banka på.
Gjævt.
Det var mini-leksjonen for i dag.
Mannsdagen 2022
for 2 år siden
4 kommentarer:
så i følge vikingene har hønsene rett og slett prosjektileggløsning? interessant språklig bilde.
Prosjektileggløysing.
Er det greidt at eg nyttar termen i innlegget?
"Hønone hev prosjektileggløysing", upphavsrett/copyright Signe B.?
Hvor tar du det fra? Jeg skjønner jo at det kommer fra alle de fantastiske bøkene jeg smugleser i hos Silje, men fantasien din til å skrive dette, hvor henter du den fra? Minileksjoner som dette er blant nettets morsomste kulturtilbud, og hadde det ikke vært for at jeg trives med å ha deg listet opp under "venner", skulle jeg ha flyttet deg ned sammen med Neil Gaiman og Stephen Fry.
Haha! Gildt bilete du gav oss no. Høns vert neppe det same att.
Legg inn en kommentar