Ja, då, ja, eg veit at det er eg som skal skriva, for det er min blogg. Men eg hev ikkje høve nett no, og dessutan vantar eg gode hugskot og emne. Eg deler i staden nokre stykkje som andre folk hev skrive. Her kjem tvo morosame bolkar frå Soga um laksdølane:
Bæsj og tiss var likso moro då som no:
"Den tid var det mykje brukt at folk hadde veslehuset ute og eit godt stykke frå garden, og slik var det på Laugar. Kjartan sette vakt ved alle dører på husa og let ingen gå ut, så dei laut skite inne i tre netter."
Hohoi. Og her kjem det me trygt kann kalla eit gullkorn:
"Torstein Svarte og Svein, son til Dala-Alv, vakta selsdøra, medan dei andre reiv av taket. [...] Dei tok no så hardt i at åsen [takbjelken] rauk av på midten. I same blenken stakk Helge eit atgeir [spjut] ut or selet ein stad der døra var brotna; spjutet råka Torstein Svarte i stålhatten og stogga i panna; det vart eit stort og stygt sår. Torstein sa då, som sant var, at det var folk der inne."
UTRULEGT! For ein kar! Det kjem eit spjut farande frå ein mann inne i huset, det stoggar i pannebrasken, og det fyrste du segjer er "ja, det er folk der inne". Was?! Je måtte flire.
Og no kryp eg uppi sengi. Natt-natt.
Mannsdagen 2022
for 2 år siden
6 kommentarer:
Det er i alle fall det første jeg ville sagt. LiZm :P
Hohoi, ja, ikkje sant? Kann vera eg hadde kviskra eit lite "usj då", "æh!", men helst ikkje. Vikingar er då barske karar.
Ser'æ på torsdag!
Ja, mye er artigere i norrøn litteratur. Hvorfor kan man ikke få ha med seg sine tolv frender på eksamen for eksempel?
Ja. Mågen og kona heile hirden.
Eg er egoist, og saknar omtale på bloggen!
Då er ikkje fyrste stìg å kalla seg "anonym". Men eg skal sjå kva eg kann gjera.
Legg inn en kommentar