onsdag 28. mai 2014

trondheim

Husmori er stundom ute av huset, som de vel hev skyna av tidlegare innlegg (t.d. ferding spessial). Dei siste vikone hev det rett nog vore lite ferding, berre ei snarvending hit og ei snarvending dit. Det høver husmori godt, for de veit ho likar seg best heime. Men korleis er det når ho er ein stad der ho var heime fyrr, men ikkje er det no lenger? Det togg og tenkte husmori på då ho sist helg var i Trondheim (eller Nidaros, som ho stundom kallar staden) i utdrikkingslag (ikkje utdritingslag).

Faste lesarar og andre vener veit at husmori budde i denne byen frå august 2006 til desember 2012. Det er mest lika lenge som heile barneskulen! Ho grodde ikkje fast der, det er so, men ho sit litt fast lell. Eller er det byen som sit fast i henne? Derom stridest dei lærde. I alle fall tykkjer husmori det er underlegt å vera i "trønderhovudstaden", dei kallar. Ho er mestsom utanfor seg sjølv på einkvan måten, ser seg sjølv i ei yngre utgåva alle stader, anten ho er på Lade eller Angelltrøa, i Midtbyen eller Ila, på Dragvoll eller Gløshaugen, Elgeseter eller Bakklandet. Det ligg minnespor allstad. Er heile byen vorten ein einaste stor tidstad? (som eg skreiv um ein fager vårdag i 2011)

Det kann sjå slik ut. For det er ikkje som husmori eig byen, tykkjer ho, det er ikkje det at det er hennar by, det er berre at ho so tydeleg vert ei tidlegare og ei ny/samtidig husmor når ho er der. Det er ikkje fælt. Berre ei undersam kjensla som husmori skal få rikeleg med høve til å granska. Og skriva um.


onsdag 21. mai 2014

noko å tenkja på

«Tidleg på 19-hundretalet var det hard målstrid mange stader i landet. På eit stort møte på Geilo skulle 'Riksmålssekretæren' tala. Han tok for seg læreboki Mannalikamen og helsa av Idar Handagard og gjorde narr av alle dei merkelege ordi han fann der.

'Tunnvangen', sa han. Var det nokon som visste kva det var? Eller 'mjødma'? Eller endå verre: 'segane' og 'råken'? Folk tok til å sjå på kvarandre, utrygge. Dei skjønte nok at talaren venta at dei skulle le, men det var ikkje så lett, for han stod då og gjorde narr av deira eigne ord. Dette var dei ordi dei brukte om tinningen, om hofta, om musklane og om munnvæta. Dei fleste hadde aldri høyrt andre nemningar.»


(Or artikkelen «Norsk medisinsk fagmål» av Einfrid Perstølen.)


fredag 2. mai 2014

komedie i kvardagen

Dei som er med:

Hunden Kaizer
Bestemor (i godt hold)
Far
Bestefar

*

Eit hus i skogbrynet. Fuglesong og furusus i bakgrunnen. 
Far og hunden står inne i gangen.

Far (til hunden): Skal me taka på deg bandet og ganga ned til garasjen? Eg trur det. Du vert so vill når du er inne og det kjem ein bil inn på gardsplassen. (Tek på bandet.) Sånn, ja. No gler du deg, tenkjer eg! Snart kjem bestemor, og då fær du nog godbit.

Dei gjeng ned til garasjen og væntar. Hunden snusar i grøftekantane. 

Far (til hunden): Sjå der, Kaizer! 

Hunden skyt hovudet upp og kvesser øyro. Ein liten, grå bil køyrer inn framfor garasjen. Hunden uler av frygd og lograr so sterkt at han mesta dett yver ende. Bestemor stig ut or bilen.

Bestemor (til hunden): Hei, du! (Hunden kjem burtåt og er sers uppglødd.) So, so! (Bestemor finn fram ein godbit.) Ikkje hoppa, ikkje hoppa! 

Bestemor lyfter handi med godbiten upp og ned, upp og ned, so det segjer seg sjølv at hunden hoppar. Han fer snart hit, snart dit, og bandet surrar seg halvveges kring føtene hennar. 

Bestefar stig ut or bilen.

Bestefar: Kaizer!

Hunden spring mot bestefar soleis at bandet ligg som ei lykkja kring føtene til bestemor. Brådt vert bandet heilt stramt. Det segjer «svupp». Bestemor ligg utstrekt i lufti, um lag ein meter yver den steinlagde innkøyrsla. Ho gjeng i bakken so det ringlar i bereposar og handvesker og laustenner.

Ei liti stilla.


Far (forskræmd): Slo du deg?

Bestemor: Je, nei! Je lænne på puter, je, vettu!


THE END


torsdag 10. april 2014

djevla bra sagt

Kva er vel betre en gode svar på toskute spursmål? Nei, tenkte meg det. So no skal de få eit framifrå døme. 

Ein transmann eg kjenner, kunngjorde 1. april at han er barntung (eller gravid på fint, av latin gravis 'tung'). Me hev eit menneske som kjenner seg som ein mann, ser ut som ein mann, som hev røyst som ein mann, som vil verta umtala som mann, men so er han laga slik at han kann bera fram barn. Fylgjeleg kann ein mann vera barntung. Men um den nemnde transmannen er barntung, eller um det var aprilsnarr, det veit eg ikkje, og her spelar det ingi rolla heller. 

Hovudsaki her er at ein eller annan gauk stilte eit vanlegt, men lika fullt lite gjennomtenkt, spursmål. Og fekk svar som fortent! Det gjekk til slik:

Gauken: «Gratulerer! Blir det gutt eller jente?»
Transmann: «Nei, det håper jeg da virkelig ikke!»

Ah, betre kann det ikkje gjerast. 


lørdag 5. april 2014

fridtun (hus)morar seg: dumsnild meg i rauvi!

Som de vel veit, hev husmori nokre kjepphestar, eller rettare sagt kjeppord (til dømes daud). Desse ordhestane rid ho so ofta ho kann. Og nyss fekk ho fylgje av Alf Prøysen! Set dykk godt til rettes, for no skal de høyra: 

I nokre år hev husmori prøvt å yvertyda folk um at ordet dumsnild er heilt hol i hovudet, at det er meiningslaust og gagnlaust og duglaust, bakvendt og sjølvmotsegjande og det som verre er. Ho hev nemnt det i fyredrag og skriftstykke av ymse slag, og til kjenningar so sant det høver seg (og truleg når det ikkje høver seg òg). Då legg ho fram tvo prov for påstanden sin.

1 Etymologien
Dumsnild rimar ikkje serskilt bra um me tek ordsoga med i rekningi. Rett nog er ikkje upphavet til dette ordet fullvisst, men granskarane gjev gode grunnar for at snild ættar frå germansk *snella, som venteleg hev grunntydingi 'rask' (jf. tysk schnell og norsk snjell 'snøgg, flink; skarp' mfl.). Lat oss sjå kva tydingar snild hev i andre nærskylde mål:

norrønt snjallr: 'dugande, klok, god; rask; ordhag, veltalande; djerv'
dansk snild: 'dugande; netthendt, fingernæm; lur, driven'
islendsk snjall: 'framifrå, svært dugande; gløgg; veltalande'
Merk òg det islendske namnordet snillingur (m.): 'meister, flogvit'
Ja, og det gamle norske namnordet snille (f.): 'dugleik, talent'

So då er spursmålet: Korleis kom nokon på å setja dette vyrde ordet snild i lag med dum? Med ordsoga i ryggen vågar eg hævda at dumsnild tyder 'dum-klok', og det heng ikkje på greip.

Eit anna spursmål: Kvifor er det so at snild, som frå gamalt tyder 'dugande, klok, djerv o.l.', hev fenge ei temmeleg leid attåt-tyding, so snild mestsom tyder 'ettergjevande, føyeleg, godfjottut, tett i pappen'?

Ein dåre kann spyrja, og eg spyrr.

2 Fyresetnaden
Til grunn for samansetjingi dumsnild, ligg den underlege fyrestellingi at du kann vera so snild at du er dum, eller at det er dumt å vera snild. Til det plar husmori segja:

Det er ikkje dei som er snilde som er dumme, dei er dei som utnyttar at nokre er snilde, som er dumme. 

Og det var her husmori fekk fylgje av vyrde Prøysen. For husmori hev nett lese den fine boki Pappa Alf av Elin Prøysen, og på sida 89 stend det:

«Pappa ville helst tenke godt om folk og tro det beste om dem. Dette er egenskaper som ikke alltid passer like godt i et moderne konkurransesamfunn, og innimellom kunne han nok føle at folk dro veksler på ham. 'Du må ikke være så dumsnill,' kunne noen si. Men da ble han ergerlig og stoppet all videre diskusjon med å si: 'Det er ikke den som er snill som er dum, det er de som benytter seg av det som er dumme!'»

Som eg skulde sagt det sjølv! braut husmori ut (inni seg, for ho sat ute blant folk).

Men nei då, desse fåvitingane skildrar me som skarpe, lure, gløgge, og so segjer med at snilde folk med godt hjartelag, dei er dumme. På kort sikt kann det vel synast «lurt» å utnytta at nokre folk er snilde, men på lang sikt er det umåteleg dumt, det vert ikkje noko trivelegt samfund på den måten!

Til sist vil husmori koma med eit visdomsord frå mjøsbygdene, som ho lærde av mor si då ho var liti: 

«Dom som sie dom æ domme, dom æ domme, dom!»


lørdag 15. mars 2014

fridtun (hus)morar seg: gutegjentor

Kann ei husmor vera gutegjenta? Den heimeskrivande husmori undrast på det her ho sit og blader i ei bok ho just hev lese ut, Født feminist – hele Norge baker ikke av Marta Breen (og eg vil atter minna um at ho skriv friske småstykke her). Snart skal husmori røpa noko frå barndomen sin, men fyrst lyt ho segja litt meir um den nemnde boki.

Født feminist gav husmori mangt å tenkja på. Eller rettare sagt: Husmori kjende slik ein trong til å skriva medan ho las. Det er som oftast eit serkjenne ved gode skrifter, at lesaren fær hug til å skriva.

Kor som er: Breen er kvassøygd, men ikkje berre det, ho er òg ram til å knyta i hop det ho ser – det me til vanleg kallar «å sjå noko i samanheng». Det som for husmori ter seg som ei rad lause trådstumpar, vert mestsom ein fast og tett vev når Breen hev fare yver det. Ofta, i alle fall. Til dømes hev husmori bite seg merke i at nokre kjende kvinnor gjerne fortel i intervju at dei var «ei sånn guttejente» (e.l.) då dei var småe. Husmori hev nog fnyst litt av det og tenkt «jaha, serleg at du var gutegjenta», men ho hev ikkje gruna noko vidare på det, hev aldri spurt seg kvifor alle desse kvinnone segjer det, kva det tyder. Men Breen spyrr. Husmori er no so skamdjerv at ho hermer nokre bolkar frå boki:

«Nå tror du kanskje at jeg skal fortelle at jeg var 'ei skikkelig guttejente' da jeg var liten. At jeg mislikte dokker, hatet å kle meg i kjole og aller helst ville spille fotball med gutta hele dagen. Dette er nemlig en svært utbredt barndomsopplevelse, skal vi tro kvinnelige kjendiser. I utallige portrettintervjuer fortelles den samme historien. Line Verndal, Mira Craig, Lene Nystrøm og Herborg Kråkevik, vakre og überfeminine i dag – men i oppveksten var det guttejenter alle sammen.»

Dinæst gjev Breen oss ei laaaang lista med utdrag frå intervju, der dei alle segjer mesta ordrett det same, at dei var gutegjentor, både politikarar, idrottsfolk, forfattarar, skodespelarar, musikarar, filmskaparar, akademikarar, næringslivsfolk og so frametter og frametter. So held Breen fram: 

«Landet kryr altså av guttejenter. [...] Hvorfor i all verden er 'guttejente' blitt den mest populære merkelappen for kvinner å sette på seg selv? Antagelig fordi vi legger en hel masse positive egenskaper i begrepet. Som det å vera sporty, modig, leken, morsom, avslappa og ujålete. Innforstått egenskaper som vanlige jenter ikke har.»

So kjem Breen òg inn på det at mange av desse (tidlegare) gutegjentone fortel at dei treivst og trivst best i lag med gutar, av di det ikkje vert so mykje baksnakking og kjekl og kiv. Viktugt emne, men kaup boki um de vil lesa meir um dét, for no må husmori berre få sagt at når ho les um alle desse kvinnone som byrgt fortel at dei var gutegjentor, fær ho slik ein brennande hug til å ropa 

SVIKARAR! 
SVIKARAR!

For dei skulde prøvt det sjølve, kjent korleis det var å vera «gutegjenta» (ja, kva er no eigenleg det?) når alle dei andre gjentone tok til å verta gjentegjentor, det må ha vore ein gong millom 3. og 5. klasse, då dei heldt upp med springa kringum i vide olabukser eller joggebukser og mjuke hettegenserar og gode skor, i staden skulde klæda vera tronge og tett og skorne høge og dei skulde ikkje springa og spretta ikring i skulegarden lenger, nei, dei skulde ganga seint att og fram og tala lågt um viktuge emne, gutar og slikt, og den unge husmori stod på sida og såg at det hende, såg at det hende med deim, men ingenting hende med henne, som den einaste heldt ho fram med å vera gutegjenta, stundom vart det eit samtaleemne, stundom ikkje, og ho sa aldri sjølv at ho var gutegjenta, det var dei andre som sa det, og ho skyna snart at det var noko rart og avvikande, det var ikkje gildt lenger no, men ho greidde ikkje gjera som hine, kvar gong ho prøvde, vart det berre endå verre, noko rengde seg i henne, ho harmast litt på dei hine, harmast av di dei ikkje var som henne lenger, dei var liksom vaksne frå det. 

Og so kjem dei no, når dei er vaksne og vakre og vidgjetne, og kunngjer med gleda at dei var gutegjentor!

Nei, slikt likar ikkje husmori. Og det er ikkje visst at ho er gutegjenta. Det kann godt henda at ho er gjentegut.


torsdag 6. mars 2014

rein Tankaløysa

Som det gode, gamle ordet segjer: Betre seint en aldri! I går las eg endeleg Ordbok for underklassen, ei bok eg høyrde um for vel eit år sidan, men som eg av einkvan grunnen ikkje kasta meg yver, endå eg såg ho hausta rikeleg med lovord både her og der. Men i går hende det: Eg skulde slå i hel tri timar på Oslo lufthamn og hadde lese ut alle bøker og blad eg hadde i sekken, so gjekk eg til bokbudi, og der stod boki på ein pall og skein imot meg.

Kva slags bok er det? Som forlaget skriv på sida si: «Skarp og lettbeint selvhjelpsbok som avkler politikerspråk og frustrerende moteord i arbeidslivet.» Millom desse moteordi og umgripi er styggedomar som fokusområde, samhandlingskompetanse, balansert målstyring, styringsdialog, endringsorientering og lesestrategiskolering.

Eg las boki med det me kallar skrekkblanda frygd. Frygd av di det er rasande moro å sjå kor umåteleg hjelpelaust folk greider å ordleggja seg. Skrekk av di denne målføringi kann koma til å øyda det etter måten gilde samfundet me hev greidt å skipa, ikkje minst kann det taka livet av folk! Det meiner eg. Når politikarar og leidarar talar eit tåkelagt mål som borgarane ikkje skynar (og det er ikkje meiningi at me skal skyna det heller, trur eg), er me sanneleg ille ute. 

Er dette tåkespjåket noko nytt? Tja, Ivar Aasen skreiv i 1859:

«Det norske Folket treng til greide og klaare Tankar, so vel som til eit heimlegt og høvelegt Maal; det er inkje vel teent med ei Ovmengd av blinde og skoddefulle Tankar, og helder inkje med ei Mukka av myrke og undarlege Ord, som lett kunna tena til eit Skalkeskjol fyre umogne Tankar og rein Tankaløysa, og som sedvanlega verda so mistydde og forvanskade, at dei berre føra til ein Slurveskap i Tenkningi og ei Utskjemming i Maalsansen, som me alt hava seet so riklege Merke paa, at me inkje hava Hug til at sjaa meir av same Slaget.» (mi utheving)

Det er fulla lika gale no? Eller verre?

Her er nokre utdrag frå Ordbok for underklassen:

Bruker: «Oss er i dag en kunde født». Kunde og bruker er moderne betegnelse på utdaterte betegnelser som mennesker, kvinner, menn, personer, individer, innbyggere, borgere, velgere og pasienter, jf. ord som brukerinvolvering, brukerstyring, brukervalg, brukervennlig og brukermedvirkning.

Coaching: Coach: Av engelsk for kusk. Hyppig brukt i stadig nye disipliner. [...] Populært og kostbart semiprofesjonelt kvakksalveri som fungerer som en fortrinnsvis godt avlønnet amatøraktivitet utført på hjelpetrengende mennesker med økonomisk bærekraft, drevet av en kusk, norsk hestepisker. Man kan ta en slags master i coaching, «Mentor-Coach». 

Driftsenhet: Begrep som erstatter betegnelser som sykehus, aldershjem, skoler, barnehager, museum, gallerier, bibliotek etc. Som oftest synonymt med resultatenhet (se samme).

Håndhevelsesbistand: Ferskvare på nyordsfronten, erstatter det hjelpeløse «hjelp».

Kostnadseffektiv: Fordyrende endring. Hyppig brukt begrep i nyliberal styringsideologi. Tomt snakk for økt privatisering. Kostnadseffektivitet betegner at et mål nås til lavest mulige kostnader, les nedbemanning og økt arbeidsmengde på de som ikke blir overtallige.

Kunnskapsbasert: Kunnskapsbasert er et uttrykk reservert for folk med formelle titler og helst de som arbeider mer med hodet enn med hendene. Kva med kunnskapsbasert kunnskapssamfunn? Dette er et dobbelt signal om at all tenking er opphørt.

Reformimplementering: Begynne eller iverksette en endring eller prosess ved hjelp av unødvendige lånord.

Storbarnsekvivalenter: Moderne og human omtale av barnehagebarn i alderen 3-6 år.

Og slik held det fram!