lørdag 15. mars 2014

fridtun (hus)morar seg: gutegjentor

Kann ei husmor vera gutegjenta? Den heimeskrivande husmori undrast på det her ho sit og blader i ei bok ho just hev lese ut, Født feminist – hele Norge baker ikke av Marta Breen (og eg vil atter minna um at ho skriv friske småstykke her). Snart skal husmori røpa noko frå barndomen sin, men fyrst lyt ho segja litt meir um den nemnde boki.

Født feminist gav husmori mangt å tenkja på. Eller rettare sagt: Husmori kjende slik ein trong til å skriva medan ho las. Det er som oftast eit serkjenne ved gode skrifter, at lesaren fær hug til å skriva.

Kor som er: Breen er kvassøygd, men ikkje berre det, ho er òg ram til å knyta i hop det ho ser det me til vanleg kallar «å sjå noko i samanheng». Det som for husmori ter seg som ei rad lause trådstumpar, vert mestsom ein fast og tett vev når Breen hev fare yver det. Ofta, i alle fall. Til dømes hev husmori bite seg merke i at nokre kjende kvinnor gjerne fortel i intervju at dei var «ei sånn guttejente» (e.l.) då dei var småe. Husmori hev nog fnyst litt av det og tenkt «jaha, serleg at du var gutegjenta», men ho hev ikkje gruna noko vidare på det, hev aldri spurt seg kvifor alle desse kvinnone segjer det, kva det tyder. Men Breen spyrr. Husmori er no so skamdjerv at ho hermer nokre bolkar frå boki:

«Nå tror du kanskje at jeg skal fortelle at jeg var 'ei skikkelig guttejente' da jeg var liten. At jeg mislikte dokker, hatet å kle meg i kjole og aller helst ville spille fotball med gutta hele dagen. Dette er nemlig en svært utbredt barndomsopplevelse, skal vi tro kvinnelige kjendiser. I utallige portrettintervjuer fortelles den samme historien. Line Verndal, Mira Craig, Lene Nystrøm og Herborg Kråkevik, vakre og überfeminine i dag men i oppveksten var det guttejenter alle sammen.»

Dinæst gjev Breen oss ei laaaang lista med utdrag frå intervju, der dei alle segjer mesta ordrett det same, at dei var gutegjentor, både politikarar, idrottsfolk, forfattarar, skodespelarar, musikarar, filmskaparar, akademikarar, næringslivsfolk og so frametter og frametter. So held Breen fram: 

«Landet kryr altså av guttejenter. [...] Hvorfor i all verden er 'guttejente' blitt den mest populære merkelappen for kvinner å sette på seg selv? Antagelig fordi vi legger en hel masse positive egenskaper i begrepet. Som det å vera sporty, modig, leken, morsom, avslappa og ujålete. Innforstått egenskaper som vanlige jenter ikke har.»

So kjem Breen òg inn på det at mange av desse (tidlegare) gutegjentone fortel at dei treivst og trivst best i lag med gutar, av di det ikkje vert so mykje baksnakking og kjekl og kiv. Viktugt emne, men kaup boki um de vil lesa meir um dét, for no må husmori berre få sagt at når ho les um alle desse kvinnone som byrgt fortel at dei var gutegjentor, fær ho slik ein brennande hug til å ropa 

SVIKARAR! 
SVIKARAR!

For dei skulde prøvt det sjølve, kjent korleis det var å vera «gutegjenta» (ja, kva er no eigenleg det?) når alle dei andre gjentone tok til å verta gjentegjentor, det må ha vore ein gong millom 3. og 5. klasse, då dei heldt upp med springa kringum i vide olabukser eller joggebukser og mjuke hettegenserar og gode skor, i staden skulde klæda vera tronge og tett og skorne høge og dei skulde ikkje springa og spretta ikring i skulegarden lenger, nei, dei skulde ganga seint att og fram og tala lågt um viktuge emne, gutar og slikt, og den unge husmori stod på sida og såg at det hende, såg at det hende med deim, men ingenting hende med henne, som den einaste heldt ho fram med å vera gutegjenta, stundom vart det eit samtaleemne, stundom ikkje, og ho sa aldri sjølv at ho var gutegjenta, det var dei andre som sa det, og ho skyna snart at det var noko rart og avvikande, det var ikkje gildt lenger no, men ho greidde ikkje gjera som hine, kvar gong ho prøvde, vart det berre endå verre, noko rengde seg i henne, ho harmast litt på dei hine, harmast av di dei ikkje var som henne lenger, dei var liksom vaksne frå det. 

Og so kjem dei no, når dei er vaksne og vakre og vidgjetne, og kunngjer med gleda at dei var gutegjentor!

Nei, slikt likar ikkje husmori. Og det er ikkje visst at ho er gutegjenta. Det kann godt henda at ho er gjentegut.


9 kommentarer:

Engeline sa...

SVIKARAR!

Det er ikke ofte at innleggene dine gjør vondt i hjertet, men dette gjorde det. Jeg får lyst til å kaste ordene dine i ansiktet på alle disse pene, velsminkede og strømlinjeformede kvinnene som aldri vil forstå hva du nettopp skrev om.

(Som en ettertanke: du vet at du endte opp som vakrere enn noen av dem? I alle fall IMO, som de ville sagt på Internett. Men det er en digresjon som egentlig ikke har noen sammenheng med innlegget ditt. Bare en liten funfact. Jeg priser verden lykkelig for at du aldri ble en Herborg.)

fridtun sa...

Hohohooo! Det var ikkje meiningi at det skulde gjera vondt i hjartat. Men er i grunnen fint at du syntest det (og ikkje minst at du vil kasta ordi midt i åsyni på dei straumlineforma kvinnone - jamvel um dei truleg lid meir eller mindre under venleiksregimet, i alle fall nokre av deim).

Takk, eg er godt nøgd med meg sjølv òg, når sant skal segjast. Eg er fri! Eller temmeleg fri, då. IMO veit eg ikkje kva er (in my opinion?). Eg òg er glad eg ikkje er nokor Herborg. Men eg hev litt sansen for henne, faktisk.

Engeline sa...

(Precis: In My Opinion. Tenk Håkan Hellströms "Jag har varit i alla stadar". Sånn går det når en hører Håkan samtidig som en tråler imdb.com for mye.)

Jeg har også sansen for Herborg, når sant skal sies. Men jeg har mer sansen for deg. Du er mye, mye tøffere.

fridtun sa...

Eg tenkte òg på "Jag har varit i alla städer"! Høyrer på han rett som det er. Fine Håkan.

Anonym sa...

Dette var fint,kristin!
Og så fins det vel jentejenter og gutagutar og?!
Aninym kjærastmor

Anonym sa...

Eller anonym,som det heiter....

fridtun sa...

Ja visst, her finst allslags kombinasjonar! Slik bør det vera òg, verdi hadde som kjent vore keidsam dersom alle var eins.

Anonym sa...

Etter at tanto las innlegget om gutejenter har det vore stor aktivitet i den lokale tenketanken. Tanto vart sterkt gripen! I dag har ein husmora seg, og husmoring akkompagnert av Radka Toneff ryddar både hus og tankar. Tanto tykkjer godt om urfolkkultur, er tilhengjar av den samiske inndelinga av året. Fire årstider er ikkje nok, åtte lyt det vera! Slik meiner tanto det er med menneska og. Me er ikkje berre hokjønn og hankjønn, men so mykje meir samansette. Tanto er audmjuk og stolt som får vera tanto di!

fridtun sa...

Stor aktivitet i den lokale tenkjetanken! Den lika eg. Ikkje usannsynleg at den segjemåten kjem til å verta godt innarbeidd her i heimen ved fjorden.

Den samiske inndelingi av året kjenner eg - skam å segja - ikkje. Det lyt eg setja meg inn i straks, eller so kann eg spyrja anonym kjærast, som hev drive mykje med samisk den siste tidi. I alle fall er eg samd: Me er so mykje meir samansette.

Og sjølvsagt er eg audmjuk og stolt som fær vera tantungen din!