lørdag 5. april 2014

fridtun (hus)morar seg: dumsnild meg i rauvi!

Som de vel veit, hev husmori nokre kjepphestar, eller rettare sagt kjeppord (til dømes daud). Desse ordhestane rid ho so ofta ho kann. Og nyss fekk ho fylgje av Alf Prøysen! Set dykk godt til rettes, for no skal de høyra: 

I nokre år hev husmori prøvt å yvertyda folk um at ordet dumsnild er heilt hol i hovudet, at det er meiningslaust og gagnlaust og duglaust, bakvendt og sjølvmotsegjande og det som verre er. Ho hev nemnt det i fyredrag og skriftstykke av ymse slag, og til kjenningar so sant det høver seg (og truleg når det ikkje høver seg òg). Då legg ho fram tvo prov for påstanden sin.

1 Etymologien
Dumsnild rimar ikkje serskilt bra um me tek ordsoga med i rekningi. Rett nog er ikkje upphavet til dette ordet fullvisst, men granskarane gjev gode grunnar for at snild ættar frå germansk *snella, som venteleg hev grunntydingi 'rask' (jf. tysk schnell og norsk snjell 'snøgg, flink; skarp' mfl.). Lat oss sjå kva tydingar snild hev i andre nærskylde mål:

norrønt snjallr: 'dugande, klok, god; rask; ordhag, veltalande; djerv'
dansk snild: 'dugande; netthendt, fingernæm; lur, driven'
islendsk snjall: 'framifrå, svært dugande; gløgg; veltalande'
Merk òg det islendske namnordet snillingur (m.): 'meister, flogvit'
Ja, og det gamle norske namnordet snille (f.): 'dugleik, talent'

So då er spursmålet: Korleis kom nokon på å setja dette vyrde ordet snild i lag med dum? Med ordsoga i ryggen vågar eg hævda at dumsnild tyder 'dum-klok', og det heng ikkje på greip.

Eit anna spursmål: Kvifor er det so at snild, som frå gamalt tyder 'dugande, klok, djerv o.l.', hev fenge ei temmeleg leid attåt-tyding, so snild mestsom tyder 'ettergjevande, føyeleg, godfjottut, tett i pappen'?

Ein dåre kann spyrja, og eg spyrr.

2 Fyresetnaden
Til grunn for samansetjingi dumsnild, ligg den underlege fyrestellingi at du kann vera so snild at du er dum, eller at det er dumt å vera snild. Til det plar husmori segja:

Det er ikkje dei som er snilde som er dumme, dei er dei som utnyttar at nokre er snilde, som er dumme. 

Og det var her husmori fekk fylgje av vyrde Prøysen. For husmori hev nett lese den fine boki Pappa Alf av Elin Prøysen, og på sida 89 stend det:

«Pappa ville helst tenke godt om folk og tro det beste om dem. Dette er egenskaper som ikke alltid passer like godt i et moderne konkurransesamfunn, og innimellom kunne han nok føle at folk dro veksler på ham. 'Du må ikke være så dumsnill,' kunne noen si. Men da ble han ergerlig og stoppet all videre diskusjon med å si: 'Det er ikke den som er snill som er dum, det er de som benytter seg av det som er dumme!'»

Som eg skulde sagt det sjølv! braut husmori ut (inni seg, for ho sat ute blant folk).

Men nei då, desse fåvitingane skildrar me som skarpe, lure, gløgge, og so segjer med at snilde folk med godt hjartelag, dei er dumme. På kort sikt kann det vel synast «lurt» å utnytta at nokre folk er snilde, men på lang sikt er det umåteleg dumt, det vert ikkje noko trivelegt samfund på den måten!

Til sist vil husmori koma med eit visdomsord frå mjøsbygdene, som ho lærde av mor si då ho var liti: 

«Dom som sie dom æ domme, dom æ domme, dom!»


5 kommentarer:

Anonym sa...

Flott innlegg!Og så må me hugsa på at det er lov,og lurt,å vera snill!I høve gode levereglar så plar eg alltid oppdra born med:"Du kan tenkja kva du vil,men du skal ikkje alltid sleppa det ut"! Og så Prøysen:1.klassen min har i høve 100årsjubileet øvd inn eit lite Prøysenprogram,med faktatekstar(opplese eller utanåt"lese"!)og song.Dette har dei vist for heile skulen,og på fredag for andre 1.klassar m/føresette og lærarar i sjølvaste kulturhuset!(Underteikna hadde ein salig fridag...)Anonym kjærastmor.

fridtun sa...

Ja! Det er lurt og lov å vera snild. Dessutan trur eg at ein vert snildare av å høyra at ein er snild. Framfor å heile tida høyra at ein er slem, til dømes, det har eg sloppe, sæle meg!

So gildt med Prøysen-program. Næste gong me sest (i påska, kann henda?), må eg høyra meir om det. God leveregel! Og lett forståeleg for "dessa som er små", vil eg tru.

Engeline sa...

Dette liker jeg ved bloggen din: du gir meg bedre redskaper til å møte verden.

fridtun sa...

Det der må vera det finaste nokon hev sagt um bloggen min. Takk!

Anonym sa...

Fridtun, Myrvoll og Johannes Gjerdåker inn i Spåkrådet! Heia, heia!

Ottar Grepstad, Volda, leder, nynorskrepresentant
(f. 1953, forfatter og direktør for Nynorsk kultursentrum, styremedlem i Språkrådet 2006–2010)

Sigrun Høgetveit Berg, Tromsø, nynorskrepresentant
(f. 1972, rådgiver ved UiT Norges arktiske universitet)

Trond Trosterud, Tromsø, nynorskrepresentant
(f. 1962, professor i språkvitenskap ved UiT Norges arktiske universitet)

Åse Wetås, Drammen, nynorskrepresentant
(f. 1972, prosjektdirektør for Norsk Ordbok 2014)

http://www.sprakradet.no/Toppmeny/Om-oss/Styre/