torsdag 10. april 2014

djevla bra sagt

Kva er vel betre en gode svar på toskute spursmål? Nei, tenkte meg det. So no skal de få eit framifrå døme. 

Ein transmann eg kjenner, kunngjorde 1. april at han er barntung (eller gravid på fint, av latin gravis 'tung'). Me hev eit menneske som kjenner seg som ein mann, ser ut som ein mann, som hev røyst som ein mann, som vil verta umtala som mann, men so er han laga slik at han kann bera fram barn. Fylgjeleg kann ein mann vera barntung. Men um den nemnde transmannen er barntung, eller um det var aprilsnarr, det veit eg ikkje, og her spelar det ingi rolla heller. 

Hovudsaki her er at ein eller annan gauk stilte eit vanlegt, men lika fullt lite gjennomtenkt, spursmål. Og fekk svar som fortent! Det gjekk til slik:

Gauken: «Gratulerer! Blir det gutt eller jente?»
Transmann: «Nei, det håper jeg da virkelig ikke!»

Ah, betre kann det ikkje gjerast. 


2 kommentarer:

Engeline sa...

Sjelden genialt svar! I ni av ti tilfeller skjønner en hva en skulle sagt dagen etterpå, når en er ferdig med den umiddelbare paffe, frustrerte fasen. Det er en egen glede når det helt perfekte svaret gir seg selv i rette øyeblikk.

Mamma og jeg lo godt.

fridtun sa...

Nettopp - det er ei frygd når slike blinkskot av nokre svar kjem på flygande flekken. (Og for meg/oss som sjeldan eller aldri greider å tenkja ut gode svar der og då, er det fint å fylla upp svar-lageret med gullkorn frå andre folk.)