fredag 2. mai 2014

komedie i kvardagen

Dei som er med:

Hunden Kaizer
Bestemor (i godt hold)
Far
Bestefar

*

Eit hus i skogbrynet. Fuglesong og furusus i bakgrunnen. 
Far og hunden står inne i gangen.

Far (til hunden): Skal me taka på deg bandet og ganga ned til garasjen? Eg trur det. Du vert so vill når du er inne og det kjem ein bil inn på gardsplassen. (Tek på bandet.) Sånn, ja. No gler du deg, tenkjer eg! Snart kjem bestemor, og då fær du nog godbit.

Dei gjeng ned til garasjen og væntar. Hunden snusar i grøftekantane. 

Far (til hunden): Sjå der, Kaizer! 

Hunden skyt hovudet upp og kvesser øyro. Ein liten, grå bil køyrer inn framfor garasjen. Hunden uler av frygd og lograr so sterkt at han mesta dett yver ende. Bestemor stig ut or bilen.

Bestemor (til hunden): Hei, du! (Hunden kjem burtåt og er sers uppglødd.) So, so! (Bestemor finn fram ein godbit.) Ikkje hoppa, ikkje hoppa! 

Bestemor lyfter handi med godbiten upp og ned, upp og ned, so det segjer seg sjølv at hunden hoppar. Han fer snart hit, snart dit, og bandet surrar seg halvveges kring føtene hennar. 

Bestefar stig ut or bilen.

Bestefar: Kaizer!

Hunden spring mot bestefar soleis at bandet ligg som ei lykkja kring føtene til bestemor. Brådt vert bandet heilt stramt. Det segjer «svupp». Bestemor ligg utstrekt i lufti, um lag ein meter yver den steinlagde innkøyrsla. Ho gjeng i bakken so det ringlar i bereposar og handvesker og laustenner.

Ei liti stilla.


Far (forskræmd): Slo du deg?

Bestemor: Je, nei! Je lænne på puter, je, vettu!


THE END


4 kommentarer:

Anonym sa...

Me heiar på bestemødrene! Fekk du vera åskodar til dette?

fridtun sa...

Nei, diverre, eg fekk det berre attfortalt, og so bygde eg det ut litt. Eg ser det levande fyre meg. Det er ikkje fyrste gongen ho dett, men det det gjeng overraskande godt kvar gong!

Anonym sa...

Pass godt på både hunden og bestemor slik at ho kan ta turen vestover til den store dagen!!!
Anonym kjærastmor

fridtun sa...

Eg skal prøva! Siste nytt er at bæssfar køyrde rett inn i ein husvegg. Men det gjekk uventa bra, so alle skal nog vera budde til brurekalas i vest.