onsdag 21. mai 2014

noko å tenkja på

«Tidleg på 19-hundretalet var det hard målstrid mange stader i landet. På eit stort møte på Geilo skulle 'Riksmålssekretæren' tala. Han tok for seg læreboki Mannalikamen og helsa av Idar Handagard og gjorde narr av alle dei merkelege ordi han fann der.

'Tunnvangen', sa han. Var det nokon som visste kva det var? Eller 'mjødma'? Eller endå verre: 'segane' og 'råken'? Folk tok til å sjå på kvarandre, utrygge. Dei skjønte nok at talaren venta at dei skulle le, men det var ikkje så lett, for han stod då og gjorde narr av deira eigne ord. Dette var dei ordi dei brukte om tinningen, om hofta, om musklane og om munnvæta. Dei fleste hadde aldri høyrt andre nemningar.»


(Or artikkelen «Norsk medisinsk fagmål» av Einfrid Perstølen.)


6 kommentarer:

Anonym sa...

I Von og veg fortel Gjelsvik:

"Det var eingong ei svensk dame og ei Oslodame som sat og talast ved på Modum Bad. So sa den svenske dama: »Skulo vi inte snart äta?« Oslodama vart forstøkt, kann du vita, og sa i den rette pædagogiske uppskulingstonen: «Menneskene spiser, dyrene æder.«

Veit du elles um Gjerdåker arbeider med ei attdikting for tidi? Det er longo sidan førre bok.

Fridtun sa...

Haha! Høyrt slikt. Von og veg, ja, lenge sidan eg hev lese den boki. Men eg såg henne i hylla seinast i dag.

Sist eg tala ved Gjerdåker arbeidde han med eit stykke for ei årbok av noko slag, meiner eg å hugsa. Historielaget, kann henda. Elles hev eit eit veikt minne um at han hev tala um Vergil (Bucolica, tru?). Men fullt yversyn hev eg ikkje.

Anonym sa...

Forvitneleg! Han er ein eineståande attdiktar, Vergil set eg høgt.

Olav H. Hauge vart berre argare og argare på riksmålsfolki di eldre han vart, her frå bind 5 av dagboki:

"Ja, dette skal dei lastast for, bygdefolket her i landet, at dei hev halde fast på dei gamle norske ordi, at dei ikkje hev vore so kjappe til å taka etter det danske herrespråket, dette skal dei lastast for og verta hædde og hundsa for. Slik er det med sume, dei hev vorte krye av sitt trælemerke."

Anonym sa...

Med umsyn til årbøker, kjem det fleire frå Ivar Aasen-sambandet?

Anonym sa...

Her på Voss seie me "mjødnæ".Og so forstår eg kvifor eg vert "sigen" etter ein langtur!Anonym kjærastmor

fridtun sa...

Gode anonym, hjarteleg takk for Hauge-ordi. Det var grepa kar.
Det er vel Høgnorskringen som gjev ut årbøkene? Eg veit ikkje um dei etlar seg til å gjeva ut noko i år. Fyrre kom vel seinhaustes i fjor. Hev ikkje høyrt noko enno, i alle fall.

Anonym kjærastmor: Ja, det er likt til at sege og siga/sigen heng i hop! Mjødm vert visstnog uttala meærm e.l. heime i Øysterdalen.