mandag 4. mars 2013

scribo & scio

Millomlandingi i barndomsheimen er snart endt, som de vel veit. Um drjugt tvo vikor set eg bu i vest, i eit lugomt husvære som nettnerden hev funne åt oss. Eg fær skrivestova og greidor! Men fram til då er heimen min huset eg voks upp i, huset i skogkanten, som far og bestefar bygde sistpå 80-talet. Å jø!

Sume hev ikkje hug til å bu heime med mor og far når dei er vaksne og hev butt for seg sjølv ei rid. Dei greider ikkje meir en nokre dagar – kann henda eit par ferievikor – i heimen fyrr dei fær nog og vil fara att. Ikkje slik her. Eg hev havt hugsame og rolege månader, fenge godt stell og framifrå sellskap. Og so skidløypa rett utanfyre døri, då!

Når nokon spyrr kva eg hev gjort denne vetteren, svarar eg skrive og rent på skid. Visst hev eg gjort mykje anna òg, halde føredrag kringom i landet og vitja kjærasten og lese bøker og blad og spela gitar og sét hopprenn og vore med mållaget/Nynorskstafetten i Sogn og mykje meir, men kvardagane hev mesto vore slik: skriving og skid. Upp um morgonen, skriva nokre timar, ut i skogen og snjoen, inn att og skriva til det lid ut på kvelden. Det er lokkande å kalla denne daglege skidturen ein siesta, men sidan det ikkje er tala um svevn eller likamleg kvile, er fulla ikkje dét ei råkande nemning. Men åndeleg kvile er det og åndeleg kveik attpå. Det er underlegt kor mykje friare og lettare tankane flyg når ein sjølv er i fint driv. Mangt eit godt hugskot ter seg då. 

Rein bonus er det at likamen òg vert kvik og sterk. Eg hev både høyrt og røynt at me i skidløyping nyttar umåteleg mange av segane (musklane); det finst mest ikkje noko anna som set so mange segar i sving. Eg trur neimen ikkje eg hev vore so rundsterk og lett i stiget sidan eg var toppidrottsutøvar i tanåri.

Serskilt gildt er det når nettnerden er her. Me skriv samstundes og skrid samstundes og ja då, det hender det vert kyssing og kraming midt i løypa. 

So, vetteren min i stutte drag: Scribo et scio, som latinisten i meg plar tenkja, endå eg veit at scio tyder 'vita, kjenna til'. Eg skriv og eg skid [nytt verb]  og eg veit at skidingi gagnar skrivingi.



6 kommentarer:

Line sa...

Å, fantastiske deg, Kristin! :)

fridtun sa...

LINE! So moro at du kjem innum her! Og endåtil legg att slik ein fin kommentar. Takk :D

nettnerden sa...

eg prøver å skriva noko her att, sjølv om det førre vart vekke. i dag lurer eg på kvar du finn ord som "sege"? kjem du berre tilfeldig over dei, eller går du medvite på leit einkvar staden [inkarstane]*?

*no såg eg at "einkvar" heller ikkje står i ordlista, men det skriv eg heile tida. er det ikkje lov det heller no?

fridtun sa...

Vyrde nettnerd.

Ordet sege hev eg sét sume stader i dei gamle bøkene eg gjerne les, millom anna i opus magnum Mannalikamen og helsa av Idar Handagard (tidlegare ein stor publikumssuksess her i Fridtun teiknar og fortel). Dessutan stend det i Norsk Ordbog, Norsk Maalbunad og Nynorskordboka. Og so finst det i norrønt. Eg kann melda ordet truleg er skyldt adjektivet seig.

Einkvar finst nog ikkje i dagsens nynorskordbøker, nei. Men einkvan finn du. Aasen hev einkvar. Einkvan er ei gamal akkusativform av einkvar. Og tydingi er sjølvsagt 'nokon, ein eller annan', ikkje 'enhver', slik mange trur.

Jadda.

nettnerden sa...

eg elskar deg. og eg veit dessutan kva "einkvar" tyder. (vonar du tykkjer det er tiltrekkjande.)

fridtun sa...

Utan tvil! Det er veldig heitt.

Og eg visste at du visste det.
(Du veit òg at når eg fyrst er komi i gang, er eg vond å stogga.)