torsdag 21. februar 2013

innlandsvetter

turt
stilt
kaldt
snjo so kvit og mjuk at du mest vil sova i honom
tjukke sokkar
nykøyrde skidløypor
hunden som gjeng ut og et snjo,
i staden for å drikka vatn or skåli
eld i omnen
dyrespor i allstad, elg, hare, rev

og snart skal eg flytja til regnhovudstaden,
med fire årstider på éin dag, segjer dei.
som hallodame-Ragnhild stødt sagde
når det kom ein episode med Flukta frå Dyreskogen:
No vert det spanande!


3 kommentarer:

Anonym sa...

Da e no ikkje so langt te voss...Minus 15 i lange bolkar,spor etter både skjor og katt utanfor glaset,kakao i skåpet og gamlaseng med pledd,freistar anonym vossing.

anonym bloggar sa...

Det er sant! (Og eg hadde det i bakhovudet medan eg skreiv.) Anonym vossing kan vera trygg på at me kjem innom med ujamne millomrom.

Elles kann eg melda at vetterferien er fylt med det vetterferiar skal vera fulle av: skidrenning, Lego-bugging, gamalost og litteratur.

Anonym sa...

Anonym mor tykkjer det høyrest trygt,velkjent og godt ut.(kanskje sett bort frå gamalosten..)