fredag 1. februar 2013

folkemål og folkeord

Ja då, atter ein bolk i Aasen-upplæringi

Til trongsynte saupskallar som trur Ivar Aasen var so bljug og ræddhuga og gudleg at han ikkje ansa og sysla med dei folkelege ordi i folkemålet (dermed fell alle dei faste lesarane mine utanfyre målgruppa, men lika vel):

Aasen gjorde ikkje det. Han kunde ein dunge «ufine» ord, truleg fleire en folk flest både då og no, og han tok deim med i sume av skriftene sine. Millom anna i Norsk Maalbunad (prenta 1924), ei makelaus yversyn yver liketydande ord og umgrip i norsk – og fylgjeleg ein gjæv reidskap for alle som finn hugnad i gamle ord. I bolken «Likam» finn me underbolken  «Smaadeilder»; det er der me finn deim, dei er ikkje gøymde burt på nokor vis. Her er eit utval, i visse tilfelle hev eg sett til uttydingi Aasen gav ordet i Norsk Ordbog:

Bene, Benelde ('Kjønslem (vulva) paa Hun-Dyr, især Køer.)
Boll ('Testikel, Testikelpung [...] Andre St. Ballar pl.)
Eigestell ('Genitalia')
Eista ('Testikel.') Òg i sms. Eistekjerne, Eistekorn, Eistepung, Eistestein
Fans ('Kjønslem paa Heste')
Fitta
Heimel-ting ('Kjønslemmer')
Kodd ('Testikel [...] Nogle St. Kodde.')
Kuk
Kunta ('cunnus, vulva, ligesom i Svensk og flere Sprog.')
Kusa
Mige m. ('Kjønslem (penis) paa Han-Dyr')
Mighus ('Forhud; f. Ex. paa Hesten')
Mus
Pill ('penis')
Pikk
Puss ('Pung, Skindpung; især Testikelpung (scrotum) paa Dyr.' Jf. eng. purse!)
Reidskap ('[...] I Spøg kan Reidskap ogsaa betegne Genitalia')
Rauvskora
Skripa ('cunnus. [...] Jf. Isl. skrípr: penis.')
Tingeste ('Tingest, liden eller ubetydelig Ting. [...] Ogsaa om Genitalia.')

Berre so de veit det.
Her ligg det òg nær å visa til piltaskùggje hjå kjærasten.



9 kommentarer:

ida sa...

eg likar best at "reidskap" har vore med i leiken so lenge!

fridtun sa...

Eg òg! Og at Aasen tek med upplysningi um at det helst er nytta "i Spøg".

Anonym sa...

Favoritten min vart Eigestell!Anonym kjærastmor.

esile sa...

oj, har aldri tenkt over at eit av mine mest brukte skjellsord "kødd" (reknar med det er det same som "kodd")eigentleg tyder "testikkel". forresten artig kor glade vi er i å nytte sleke kjønnslege ord som skjellsord.

ein lærer så mangt her inne!:D

fridtun sa...

Jepp, kødd kjem av kodd(e), som då er 'testikkel; pung'.

Bruken av skjellsord og bannskap i ulike mål er mesta ein eigen vitskap, i alle fall er det sume som hev granska emnet. Mange stader nyttar dei mykje kynsord, andre stader er det mest religiøse nemningar (jf. vår faen, satan, helvete osb.), atter andre stader er det visst vanleg med sjukdom og slikt (kjem ikkje på kvar nett no).

Filologen sa...

Det ser ut til å vera eit skilje mellom nord og sør, slik at germanske språk oftast brukar religiøse nemningar, romanske kjønnsord. Eg kan rapportere frå sniklytting til naboborda i Spania nyleg at "coño" 'fitte' er vanlegast der; "joder" 'pule' er òg ganske vanleg.

fridtun sa...

Takk! Eg minnest forresten ein legendarisk fagkveld i Trondheim for nokre år sidan, der Karin Seim fortalde um grove runeinnskrifter og Tor Erik Jenstad greidde ut um bannskap og skitprat, millom anna um skilnadene i Noreg (t.d. nordnorsk bannskap) og i verdi.
Det var stinn brakke.

Anonym sa...

"Tingeste" er min favoritt! Så enkelt.

Anonym sa...

Pretty component to content. I just stumbled upon your blog and
in accession capital to claim that I acquire
in fact enjoyed account your weblog posts. Any
way I'll be subscribing to your feeds or even I fulfillment you get right of entry to persistently quickly.

Here is my weblog - continue reading