søndag 10. mars 2013

røysting

Kven av desse tvo versjonane av «Gjendines bådnlåt/bånsull» er den råaste?

1. Sunge av Gjendine sjølv, 99 år gamal (til sist i upptaket, etter ho hev lagt ut um Grieg og kyrne)
2. Sunge og spela av Gåte (frå skiva Iselilja)

Alle – kvinnor, karar, unge, gamle, rette, skeive – hev røysterett.


4 kommentarer:

Anonym sa...

Endeleg ein ny konkurranse!!! Eg stemmer på Gjendine,sjølv om eg tykkjer ho la han svært høgt!Vanskeleg å sulla med for meg som er på grensa mellom alt og tenor. Men den aller finaste varianten er no pianoversjonen til Grieg,syns eg! (Den passar fint til jolegåve,kan du kviskra kjærasten din.)Anonym kjærastmor

fridtun sa...

Aha, so ein av dei mest trufaste lesarane mine ynskjer seg fleire tevlingar/røystingar? Skal verta!

Eg er samd med deg på alle punkt.
Og skal kviskra ved fyrste høve (endå det vel ikkje er naudsynt no).

Diederik sa...

Så mykje takk for den!!

Hadde ikkje peiling på at det faktisk fanst opptak av sjølvaste Gjendine... Som norskelskar/-fanatikar gav det meg litt (eller litt meir) gåsehud å sjå og høyre denne kjære vedunderlige dama i hennes eldre dagar...

(eg elskar Gåte veldig mykje òg, men det var no ingjen konkurranse her... den andre er jo eit stykkje rein historia eg fekk på tallerkjen min ;))

PS uansett har Gåte betre låtar enn denne, tykkjer.

fridtun sa...

Same her: Gleda stod i taket då eg fann upptaket.

Visst hev Gåte betre songar; eg likar dei som hev retteleg fræs og driv i seg (og det må gjerne vera litt remjing og hyl attåt).


Bestehels
Kristin