mandag 25. juni 2012

norrøn syn på kyn II

Velkomne til andre bolken i framhaldssoga um kyn i norrøn tid. Emnet for dette stykket er, som eg ymta um sistpå i fyrre stykket, ein kvinneleg konge. I den norrøne bokheimen er ikkje slikt uråd. Å, langt ifrå!

Fyrst nokre ord um kvinnelege krigarar (eller: stridsmenner) i dei gamalislendske tekstene.

Serleg i fornaldarsogor og kjempekvæde (bm. heltedikt) støyter me stundom burti eit valkyrjemotiv, dei kallar. Valkyrja, av norrønt valr ‘mannefall’ og kjósa ‘velja’, var upphavleg nemning for ei gudemøy som valde ut kven som skulde falla i strid og koma til Odin i Valhall. Granskarane nyttar òg valkyrja um litterære kvinnelege figurar som tek på seg den djerve, mannslege krigarrolla, men som samstundes er gode og væne kvinnor. Soleis målber desse valkyrjone både mannslege og kvinnelege dygder. Me skal òg merka oss at kvinnor i mannsrolla er skildra med velvilje i sogone; det er ikkje noko gale og stygglegt ved det, visst. Kann henda kjem det av at manndom var eit umåteleg sterkt ideal på den tidi. I alle fall: Sameiningi av mannslege og kvinnelege dygder er berre millombils, for kvinnor skal vera kvinnor, må vita. Dei skal gifta seg med ein mann, dei som alle andre kvinnor, og um dei skal gjera det, må dei skilja seg av med dei mannslege dragi sine (elles hadde mennene deira vore for homsar å kalla − Gud forbjode!). Karane må stutt sagt sigra yver mannsrolla til valkyrjone, stundom militært. So vert «karkvinna» til «kvinnekvinna» og alt er som det skal. Um valkyrja ikkje bøygjer seg for mannen og legg av seg mannsrolla, vert ho haldi for ein skarv og ein skurk.

So, lat oss koma til saki: kvinnekongen. Me møter henne/honom/hin i Soga om Rolv Gautreksson (Hrólfs saga Gautrekssonar), ei forvitneleg fornaldarsoga. Av umsyn til ikkje-norrønofile lesarar hermer eg umsetjingi til Kåre Flokenes (2006) her.

I fjorde kapitlet høyrer me um Tornbjørg, dotter til Eirik, konge yver Sverike. Tornbjørg er fyrst skildra som kongsdøtrer flest: «Ho var vakrare og klokare enn kvar kvinne, […] ho var kunnigare om alt som høyrde kvinnehanda til, enn kvar kvinne som menn hadde spurlag av.» Men so: «Dessutan vande ho seg til ein slags riddarleik til hest og skjerma seg med skjold og sverd. Ho kunne denne kunsten jamt med dei riddarane som kunne bera våpna sin vel og høvisk. Kong Eirik lika ikkje godt at ho hadde denne åtferda som karar og bad henne hava tilhald i ei skemma (eit lite hus) som andre kongsdøtrer.» (s. 55)

Tornbjørg vil ikkje vera med på slikt noko. Ho gjer som ho vil:

«Sidan stemnde ho eit folkerikt ting og let taka seg til konge over ein tredjepart av Sverige, som kong Eirik hadde late henne få til rådvelde. Deretter let ho gjeva seg namnet Torberg. Det skulle heller ingen mann vera så djerv at han kalla henne møy eller kone, og kvar som det gjorde, skulle tola hard refsing.» (s. 56)

Helten i soga, kong Rolv Gautreksson, skal ut og finna seg kona. Han og broren kjem til å tala um kongsdotteri/kongen Tornbjørg/Torberg. Her fortel Rolv kva folk segjer um henne/honom:  

«Eg har òg høyrt det sagt at nokre kongar hadde fridd til henne, og at ho hadde late sume drepa, sume hadde ho late svivyrda på ein eller annan måte, sume blinda, gjelda [kastrera], handhogga eller fothogga, og ho har valt alle vanærande ord med svivyrding, og ho ville såleis venja av at dette målemnet vart omtala.» (s. 61)

Med andre ord er det ei sers vågeleg gjerd å nemna giftarmål for kong Tornbjørg/Torberg. Rolv torer seg til det lika vel; han fer til riket hennar/hans Tornbjørg/Torberg og stig inn i halli og ser Tornbjørg/Torberg for fyrste gong. Merk at soga − utan noko um og men − skildrar Tornbjørg/Torberg som mann:

«Kong Rolv gjekk lenger inn framfor høgsætet. Han såg at der sat ein svært vyrdeleg mann med ein gjæv kongeleg høgtidsbunad. Denne mannen [Torberg] var fager og gild.» (s. 70)  

Kong Tornbjørg/Torberg trur fyrst at Rolv er ute og tigg. Rolv lyt då gjera grein på ærendet sitt. Sogeforteljaren held fast ved at Tornbørg/Torberg er mann («kong», «han»):

«Kong Rolv mælte: ‘Ikkje er det sant, at eg krev av deg denne gongen mat eller drikke, for det har eg nok av frå før, men fordi at eg veit at du heller er dottera til svenskekongen enn sonen, då vil eg no med greie ord bera fram ærendet mitt med stadfesta samtykke frå far din og beda deg om å verta kona mi til styrking og styring av riket mitt, til oppehalding og stønad til alt vårt avkom, som av deg vert levande.’
Då kong Torberg høyrde desse orda frå kong Rolv, vart han så rasande og ustyrleg at han visste knapt kva han skulle taka seg til.» (s. 71)  

Det heile munnar ut i ein hard våpenstrid. Torberg ver seg godt, men til sist fær Rolv yvertaket. Då nyttar Rolv høvet til å bela å nyo, og det er eit tolleg sermerkt frieri, for han synest å fri til ein kar:

«Kong Rolv mælte: ‘Vi to, herre, er no såleis komne saman, at eg i all sømd vil gifta meg med deg, og eg bed om omdøminga til far din i avgjerda i saka til oss to, og det vil vera avtalt dersom han ordnar det oss to imellom, slik at du held din heilt lovlege vyrdnad med ære.’»

Jajaja. Korleis endar det, trur de? Det endar som det må: Kvinnekongen bøygjer seg for kravi, ho gjev frå seg våpni sine, tek til å sauma og sy, vert fin og fjong og greid å ha med å gjera.  

4 kommentarer:

esile sa...

hoho, dette høyrest jo ut som hardcore-utgåva av eventyret om prinsessa som ingen kunne målbinde!

jaja. når enden er god, er allting godt..

fridtun sa...

Høhø, ja, det synest å vera noko av det same. Det er godt for kong Rolv at han vinn kongsdotteri til sist, men eg tykkjer soga tapar seg i den augneblinken kong Torberg gjev seg og vert kvinnfolk att. Det er mest som lufti gjeng or ballongen.

esile sa...

ja, skulle ønske at torberg hadde hatt litt meir balla, lizm.

fridtun sa...

Just precis! Eller, det er vel helst dei andre karane som skulde havt ballar og late henne vera som ho sjølv hadde hug til.