mandag 11. juni 2012

professoren

Ein dag i fyrre vika sat eg i skrivekotet mitt på instituttet og arbeidde i ro og mak med nokre stadnamn i ein eller annan midtnorsk kommune. Brådt kakka det på døri. «Ja?» sa eg, og inn steig ein av dei vyrdelege professorane på bruket. (Eg segjer ikkje kven. De kann gissa, um de vil.) Professoren fortalde at nokon hadde gjort han/ho/hin/h*(n) o.l. merksam på stykket um meg i Dusken. Det var sterke saker, meinte professoren, og var leid for at  han/ho/hin/h*(n) o.l. ikkje hadde sét saki tidlegare; det er nokre månader sidan ho vart prenta no. Ei handfull av dei hine professorane hev alt nemnt og låte vel yver uppslaget når me hev møttest på slump i gangen, men denne professoren vilde det annarleis. Dette var ikkje slump, her låg det vilje og godhug bak. For professoren gjekk og kakka på døri, kom inn, tala. Og ikkje minst: Då den ljuve ordflaumen var endt, kom professoren heilt burtåt og gav den målbundne stadnamnskrivaren ein dugeleg klemb. 

No veit eg ikkje heilt kva eg skal gjera når eg ser professoren. Eg vert brydd og spak og vil helst smjuga stilt og usynleg innåt veggene, samstundes som eg vil kasta meg um professorhalsen i æveleg takksemd.

Vel, her er i alle fall ei sanning utan atterhald:

INL – eit skakt paradis


6 kommentarer:

Unknown sa...

Å, no måtte eg felle ei lita tåre. Det er fint at du er så tøff, og at nokon verkeleg gjev deg ein god klem for det. INL, altså...

fridtun sa...

Eg likar dette.

Engeline sa...

_INL - et skakt paradis._

fridtun sa...

Oh yes! Her er det rom for allslags fine raringar!

Eirin sa...

For en fin professor! Det varmet hjertet mitt å bare lese om det her, så jeg kan bare tenke meg hvordan det var for deg som faktisk opplevde det. :)

fridtun sa...

Ja, det er noko med det; det er stødt betre LIVE en i skrift. ;)
So moro at du kjem innum og les, forresten!