søndag 10. juni 2012

godt vêr til luftåtak

Etter di eg hev hug til å skriva eitkvart her, men ikkje hev høve til å gjera noko skikkelegt utav det, viser eg heller veg til ein av dei beste filmane i heile vide verdi: «Viðrar vel til loftárása» (frå Ágætis byrjun). Han hev alt: skakksemd, brot på kynsnormene, ullgenserar, Jónsi (heitaste mannen som finst), islendsk nattur, ung elskhug, sår og suter, meisterlegt ljodbilæte.

Og teksti hev underbara rader som

Það besta sem Guð hefur skapað
er nýr dagur


Åh, Sigur Rós.




4 kommentarer:

ida sa...

skakksemd & ullgenser. nesten synonyme omgrep, på eit vis.

fridtun sa...

Ja. NMU & ullgenser er òg nærast synonyme, men so er jamvel skakksemd & NMU nærast synonyme, so det gjeng upp i upp.

Silje W. sa...

Og nordisk. Samme ulla.

fridtun sa...

Haha!