onsdag 20. juni 2012

mor hass Alf

Når eg er mødd og utsliti og leid utav å skriva (ja, det hender, det, og kom i hug Seneca: «Me bør korkje berre skriva eller berre lesa. Berre det eine legg sinnet i myrker og tømer oss for krafter – eg tenkjer på skriving –, berre det andre gjer oss veike og hindrar oss frå å samla tankane.»), når eg korkje hev hug eller dug til å lesa noko tungt og glupt og vida den faglege utsyni mi, når eg lika fullt synest eg bør lesa noko og ikkje spilla den kostesame tidi mi på vas, når eg er litt einsam, når eg er litt heimsjuk, når eg er leid asfalten og trongen og uljodet i byen, når eg vil vera sæl og fri, når det er sumar – då er Prøysen god å koma til.  

Men no les eg ikkje Prøysen. Eg les Julie Prøysen (2001) av Arvid Møller. Mor hans Alf. Ho som seks år gamal kom på legd då faren Mathias døydde og mori Mathea («Matja», jf. Matja Madonna og Jordmor-Matja) ikkje hadde råd til å taka seg av ungane; ho som kunde riva kjeften heilt frå ho var liti; ho som let Alf vera som han var endå han var annarleis en alle andre; ho som er upphavskvinna til dei kvassaste replikkane i tekstene til Alf  – ja, henne er det òg godt å koma til. Maken til kvinnfolk finn du ikkje! Og visste de at det er Julie Prøysen som er måltrosten i  «Lille måltrost»? Ho er det, les eg. Skal tru kva ho segjer um lina «Jeg har tre som er flinke og én som er god»? Jau, ho segjer: «Den goe æ'n Alf, da'ma.» Medan de tri systkini hans var flinke. Eller vanlege, kann me radt segja.

No, eg hev valt ut nokre gilde utsegner frå mor Prøysen. Henne skulde eg gjerne ha treft!

Sætt deg bortåt og forsyn deg ta æille sju slaga, og når du har eti opp dom, får du bite ta bordkæinta!

– Hæin lyt hete Alf, for'n ser ut som en fuggelonge. Hæin æ så tynn og skjør, så.

– Dæ æ kulltur i æillt, tel og med i sur mjølk.

 En bli itte akkurat rik ta å klyppe sau.

Og her, frå anno domini 1913:

Julie: Nå har vi sliti øss fram tel å få stemmerett, så jamen får vi bruke'n.
Dei andre kjerringane: Vi har ittno å ha på øss.
Julie: Å jo da, det er ingen som ser åssen du er kledt på et valglokale hvis du itte har tenkt å sværte rævva og gå nakjin!


*


4 kommentarer:

Unknown sa...

Denne teksta gjorde meg veldig rørt. Eg veit ikkje heilt kvifor, men det er noko utruleg fint med folk som er litt forut for tida si, og som er opne og rause og i tillegg kan rive kjeft som ein bryggesjauar.

dativfleirtal sa...

fint, særleg siste sitata! me hadde Prøysen på læraravslutninga. høgtlesing, på Hedmarkdialekt av ei som kunne det (ho snakkar ikkje slik til vanleg).

fridtun sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Fridtun sa...

Ingen er djervare og gjævare en dei som hev umsut for dei veikaste og glefser etter dei sterkaste. Dét trur eg Alf hev etter mor si: Han er stødt på lag med dei veike. Forfattaren av boki um Julie hev elles gjenge nøgje til verks og funne ein haug replikkar frå tekstene til Alf som upphavleg er slikt Julie bruka segja. Eg tek det for god fisk alt saman.

Åhoi, hedmarksdialekt! Det mykje godt mål hjå Prøysen. Ein vakker dag må me fara burti Ringsaker og vitja Prøysen (husmannsplassen). Dét er sumar, det!