torsdag 26. april 2012

notidskunsten

Her kjem ei kjær attersyn med Virginia Woolf.
Henne kjenner me godt. Trur me, då.
Det er vel snarare slik at ho kjenner oss. For ho skreiv:

«Since he belonged, even at the age of six, to that great clan which cannot keep this feeling separate from that, but must let future prospects, with their joys and sorrows, cloud what is actually at hand, since to such people even in earliest childhood any turn in the wheel of sensation has the power to crystallise and transfix the moment upon which its gloom or radiance rests ...» (To the Lighthouse, 1927).

Amen, Virginia, der fekk den velkjende spikaren ein kakk i skallen.

Éi forbanning er at fyrrtidi skyggjer yver notidi. Ei onnor
er at framtidi gjer det. Velkjende er dei båe tvo. I minsto
er dei kjende for oss som ikkje er sorglause livsnjotarar.
Me er som oftast alle andre stader en i noet. Me tek ein
sving dit og ein sving dit, att og fram, på kryss og tvers
millom minne og voner og drøymer og hugsyner, berre
ein sjeldan gong er me i eit reint og skirt her og no. Men
når sant skal segjast, so er det ei velsigning vel so mykje
som ei forbanning. På seige, gagnlause dagar, til dømes,
med tungsinn og gråvêr og einstonig arbeid, kann ljuve
framtidsvoner bora seg fram og breida seg ut og sleppa
fri svalande dropar av rein sæla som so samlar seg og
sildrar gjenom dagen som ein fjellbekk i lynget. I slike
stunder kann noet berre sitja der med noet sitt. Hah!



2 kommentarer:

esile sa...

akk ja, eg trur nok du og virginia er inne på noko her. det er vanskeleg å leve i noet når ein so lett let tankane føre seg hit og dit, mellom redsle og von, fortid og framtid, røynd og draum. men det å ha eit rikt indre liv (som mor mi kallar det) er i det store og heile ein fin ting, meiner eg. timesvis med gratis underhaldning! kjekt å ha på lange bussturar. til dømes.

jaja, carpe diem!:D eller kva det no er dei seier

fridtun sa...

Ja! Eit rikt indre liv. Gode greidor. Og det er heilt rett det du seier om underhaldning: Sume av oss hev so mykje i hugen at me ikkje treng ein flaum av sokalla stimuli utanfrå. Å laga filmar i hovudet er vel so gildt som å sjå noko på ein skjerm.