torsdag 19. april 2012

vanlege sjukdomar

For eit drjugt år sidan skreiv eg um den fullgilde boki Mannalikamen og helsa (1907/1909) av Idar Handagard.


D'er på tid å taka seg fyre ei av dei andre makelause bøkene hans: Vanlege sjukdomar. Her hev Handagard lagt vinn på å «syna korleis sjukdomarne spreider seg, korleis ein kann liva seg fyre deim og korleis ein kann hindra deim i aa breida seg vidare ikring.» Han gjev òg rettleiding til korleis ein skal stella med sjuke folk og korleis ein skal drepa smitten og gjera reint etter den sjuke. Det er ei bok «fyr aalmenta», og Handagard skriv skynlegt og greidt – med norske namn og nemningar i staden for «dei doktarlatinske og danske sjukdoms-namni». Moro!


Eg gjer som eg gjorde med Mannalikamen og helsa. Her er nokre smakebitar:


Graalusi
Det er helst born, som vert ute fyr graalus. Hev ein gut vorte «fengd», og tilfellet er «mildt», kann det vera nog aa snaudklippa han og tvaa haaret med varmt vatn og grønsaapa nokre gonger. Lyt kjemba med finkamb etterpaa. Er det ei g j e n t a som er fengd, skal ein ikkje snaudklippa ho. Det ser so leidt ut. Og det er ikkje naudturvelegt helder.


Liv maten fyr flugorne!
Med aa halda kjøket og alle romi reine, gjer kvendi overlag mykje fyr helsa aat heile huslyden. Karfolki skulde skyna paa dette – meir enn dei hev gjort, og letta kvendi i arbeidet mot flugeplaaga. 



Kusma
[...]
Daa er barnet fælt vanskapa i andlitet, augo ligg langt inn i hovudet og er smaae som grisaugo. Andlitet er feitt og ser godtoskutt og løglegt ut. Difyr heiter kusma paa dansk «Faaresyge» av di jamvel den luraste dansken ser ut som ein godsaud naar han hev ho.


Kyns-sjukdomarne [han skriv mykje – og skarpt – um deim] 
[...]
I ekteskapet og  u t a n f y r e  ekteskapet kann folk faa paa seg ymse snyltredyr etter samlega.
[...]
Skitsemd og faakunna, likesæla og andsvarsløysa gjer mest til at kyns-sjukdomarne breider seg.
[...]
Eit framstig er det at me no hev fenge ei log som krev at dei som vil gifta seg, skal segja ifraa um at dei hev ikkje nokon kyns-sjukdom i ei form s o m  k a n n  f e n g j a. Dette er fyrst og fremst til live fyr kvinna. Fyrr gjekk ho inn i ekteskapet, og drøymde aldri um illt, – og vart fengd av ein dropsjuk [gonorésjuk] elder enndaa verre av ein ratesjuk [syfilitisk] make. Og vart ulukkeleg all sin dag. 


Hau!

3 kommentarer:

Anonym sa...

greitt å kalla ein spade for ein spade!kan tenkja meg det er frisk lesnad når du kjem til kapittelet om omgangssykje,eller "bodlesykja" som dei seier i sogn! anonym mor på voss

anonym nettnerd sa...

"dei doktarlatinske og danske sjukdoms-namni" ...er dette ei slags eufemisme av austerdansken an sich?

nei, der var eg stygg. orsak.

fridtun sa...

Gode anonymingar!

Mori: Han skriv sumt um tarm-influensa, som vel er omgangssykja eller i alle fall noko som likjest:

«Tvo born fekk influensa. Det yngste fyrst. Foreldri saag ikkje noko teikn til at yngste barnet hadde snya. Helder ikkje at likamsvarmen var høgare enn vanleg. Men ein kveld kom sjukdomen fyr ein dag med det at barnet kasta upp. Snart etter kom det gulsott med sein puls og laag varmegrad [...]. Skarnet leirgraatt. Tvaget brunt som øl. [...] Alt medan den sjuke er matleid, vert inkje ete, og ein grand fasta gjer berre godt. Sidan lett kost. Mange, men smaae maal. [So kjem det ein matsetel, med avsila havresupa osb.]»

Nettnerd: Tja, det er radt ikkje noko i vegen for å lesa det slik. Dansk i norsk er i minsto ein slags sjukdom. Dansk i dansk er vel greidare.