søndag 8. april 2012

påskequiz

Kva er dette, trur de?

9 kommentarer:

Simon sa...

Prøvespeling til Black Swan: Påskefjell-utgåva?

Hunden har mista ei kontaktlinse, og dei andre leiter etter den?

Imitasjonar av Kate Winslet på baugen av Titanic?

anonym mor med sterkt konkurranseinstinkt sa...

1.miming av pissande hund.
2.kombinert fjellferie/tai chi-kurs.
3.nokon som fer gape åt - synkront.

Kva er premien på quizen?

Engeline sa...

Nobody expects the Spanish Inquisition!

fridtun sa...

Gode og rike svar! De hev radt lege i quizhardtrening i påska? Eg bidar litt med å gjeva dykk løysingi, i fall fleire vil vera med.

Simon: Kontaktlinsa til hunden! Den var kje dum. Og Titanic er det visselegt mun i å minnast no um dagen. Godt tenkt.

anonym mor [ikkje mi mor, vel å merka, for ho var med på galenskapen]: Framlegg 2 er nærast til no! Og eg kann i grunnen ikkje neitta for at framlegg 3 er rett, men det femner diverre litt for vidt. (Eg er ein streng domar.)

Ellinor: Hahaha! Ikkje dum, den heller.

Premien? Tja, heider og æra? Pakka i posten? Høve til å gjesteblogga um valfritt emne? Eg hev ikkje tenkt so langt enno.

Silje W. sa...

Med fare for å avsløre mitt altfor nære kjennskap til Internett-trender: Dette må da være slageren phooning, som var veldig populær for noen år siden? Her kan man finne en hel haug av dem:

http://blog.flickr.net/en/2010/08/08/phooning-around/

Zeugma sa...

Dette minner om ei av dansestillingane frå Ashtanga-yoga, så det er audsynt at dette er frå ein yogavinterleir.

fridtun sa...

Å, de er gode! Heiltreff er det ikkje, men det var no ikkje ventande hell, då.

Framleggi «kombinert fjellferie/tai chi-kurs» og «yogavinterleir» er fulla nærast (men eg er òg veik for kontaktlinseframlegget).

Greidt. Her kjem løysingi, og eg ottast at det vert eit vonbrot for dykk. For so vilt og styrlaust er det sant å segja ikkje:

Etter den årvisse påskeskirennaturstigen på langfredag, plar hyttefeltfolket samla seg til grilling og gaman. Denne gongen var det so kaldt og surt (den nordanvinden!) at me nær sat som isblokker alle saman. Bålet hjelpte ikkje stort. Men mor hadde eit ess i ermet! Ho piska oss upp og fekk heile hopen med på veraeobic (etter mor Vera, fysioterapaut av yrke). So me hoppa og spratt på skaren, til tonane av millom anna ABBA. Og neimen um me slapp lett undan! (jf. bilætet) Alle var med - karane på attarste rad røykte sigar samstundes - og då fekk me vermen i oss òg.

So, det var det.

Zeugma sa...

Aha! Tai chi à la Fridtun, altså. ;)

Engeline sa...

Haha! DET er en påskehistorie verdt å dokumentere for ettertiden.