tirsdag 8. mai 2012

kvardagskveld

Liderna grønka som hagar og vårkjæta breider seg i soltyrste likamar. 
Upp av krakken!

I Huset med dei rare i sprelar og spelar me året rundt, me ter oss reint som galne stundom, men me er aldri so ustyrlege som når vårsoli kitlar oss i nakken og gjer kveldane ljose som dagar. Hoi, det er litt av ei sersyn!
I slike stunder stimar me mot hjartat av Huset - kjøkenet - og lèt sæla strøyma fritt ut i armar og bein. Då kann mangt og mykje bera til!

Her ser de ein vestlending og ein austlending i hugsamt samspel:


Bukken og havresekken.
Eller noko.






Taffelgymnastikk:















2 kommentarer:

dativfleirtal sa...

jaggu fine kjøkenskåpdører bakom sprella!

fridtun sa...

Takk! Det er utkoma av mange års røynsle med saks og avis, so å segja. På døri yver komfyren hev me kopi av eit gamalt, teikna kart yver Vest-Island. Og dodøri! Og doveggene! Tapetsert, det òg.