fredag 25. mai 2012

breve scriptum

brev n (norrønt bréf; millomalderlatin breve (scriptum) '(stutt) skriv')

Brevet. Ein halvgløymd genre, ei stilna verksemd – då meiner eg rettelege brev, ikkje slike turre, stive saker som einkvan sekretæren hev krota ned, plent utan kjensla og litterært verd. Slike brev er det nøgdi utav. Nei, rettelege brev, frå éin hug til ein annan, handskrivne, skrivne av gleda eller trong til å skriva; dei fløymer det ikkje av lenger. 

Å skriva brev. Ein kunst. Ei sæl, fri og gjevande gjerd. Ei gjerd som krev tid, men som gjer den tidi rikare en ho elles skulde ha vore. Ein tenkjer annarleis, skriv annarleis. Hev vissa um den utgamle og (enno) ubrotne tradisjonen som brevet gjeng inn i, inn i Det Store Brevværet, inn til brev frå fagnafolk som Horats, Cicero, Seneca, Abélard og Héloïse, Paulus, Madame de Sévigné, Holberg, Collett, Woolf  – ulike tider, stader, stilar og slag, men brev er det lika fullt. Brevkunst. Kunstbrev. Me kann skriva til nokon me kjenner eller til nokon me ikkje kjenner eller til nokon som ikkje finst. Men brev er det.

Å få brev. O frygd! Det er sanneleg noko anna en alt det me fær elektroniskt. Me skriv og me skriv, tastar og trykkjer og sender tekst gjenom lufti, til skjermar og brett og eg veit ikkje kva. Men å få noko synlegt og handfast, noko som ikkje hev floge tvert igjenom rømdi, men som er bore yver under gjenom fjell og fjordar og dalar og skogar, som hev vore gjenom mange hender, lyft og pakka og plukka og lagt hit og so dit – og brådt er det der, heime hjå den du skreiv til, som er fråverande, men som endå er nær fordi papiret som låg framfor deg, no ligg framfor den andre. Ikkje til å tru!

Det er mange eg skulde ha skrive brev til, um eg kunde. Til dømes han som skjenkte meg eit skriftmål eg kjenner meg heime i. Kven skulde du ha skrive til, må tru?


<3 Ivar <3

7 kommentarer:

Unknown sa...

Å skrive brev med Ivar, det må ha vore ein fryd! Veit fu, av og til er eg nesten litt trist fordi du ikkje kan dele ei god, gamal pipe med Ivar ein sumarkveld.

Eg ville skrive brev til farmora mi då ho var ung, høyrd kva ho tenkte om verda og livet og farfar. Og eg vil skrive brev til venene mine! Det er jammen ein fin måte å snakke saman på.

fridtun sa...

Ja! Pipe med Ivar! Det hadde vore noko. For eit par år sidan drøymde eg at Ivar var med the Fridtuns på sumarferie. Han sat på ein campingstol på ein grasvoll, klædd i den tjukke ullfrakken sin, og såg utyver ein typisk norsk fjord. Og so sa han – heilt sant! – at det var synd det gjekk som det gjekk med nynorsken. Hadde klump i halsen då eg vakna!

Skriva brev til ei ung farmor! For ein god tanke.

Unknown sa...

Å, haha, og huff! Så leitt for Ivar! Draumen din gjev meg huga til å bruke heile livet på nynorsken, berre for Ivar sin skuld.

fridtun sa...

Ja, slik tenkte eg òg. D'er berre å køyra på!

kjærasten sa...

det er fint å brevveksla seg til vissa um at nokon finst.

fridtun sa...

Ja. Eg vert serskilt glad for ein kommentar frå deg til just dette innlegget, for det er skrive til deg. Brevinna mi!

kjærasten sa...

det visste eg vel. at det var til meg.

men det vart så mykje prat um han Ivar, så eg låg lågt i lyngen (her melde FJELLET seg for minnet med all si tyngd og ljose netter) og sa ikkje det eg kjende.