søndag 6. desember 2015

berre ein hund

So godt som alle veit at ein hund ikkje er «berre ein hund». Mange veit òg at ein hund ikkje er eit menneske, so når ein hund til dømes hev gløypt eit eller anna som lagar fæl ugreida i vombi, for tridje gong, so tek me livet av dyret. Dett var dett, brådt og brutalt! 

Kaizer (f. 30.12.2006) vart mesta nie år, og han hev då vore med på mangt anna som andre hundar berre kann drøyma um. Regnbogebrudlaup på Voss, til dømes. Og apropos: I dag hev me havt eit lite gravøl med kaffi og «manna» frå anonym svigermor.

Til æra for denne raringen (som på folkemunne heitte slikt som Kaiz, Kaizfanten, Kladden, Fjodor, Dròget) kjem no ein slags best of-bilætserie. 



Februar 2007.
Her hev han mest som ikkje vorte seg sjølv enno.
Rund og rar, men sers søt.


Ein gong i tidi var han so liten at han fint kunde
sitja på fanget. Etter alt å døma skyna han ikkje
sjølv at han voks, for han vilde sitja på fanget
sjølv då han var ein utvaksen, velfødd hannhund.


... men han kunde sitja sjølv òg,
og posera fint for fotografen.


Båtkøyring hev stødt vore ein av favorittsyslone.


Lauging òg. Var det ein kulp eller bekk eller
attgløymd snjoflekk i nærleiken, laut han uti/utpå.


Då galdt det å koma seg undan 
fyrr ristingi tok til.


Sist sumar gjorde han seg fin for 
anonym ektefelle m/kamera.
(Det var vel mest at han ikkje 
kom seg upp, skyt ho inn.)


Andre gonger var det me ungane som gjorde honom fin.


Nokre kjærlege tak med riva er ikkje å forakta!


Det vart ofta sagt, med ein viss rett, at Kaizer var lat.
Jau, men her ser me at han kunde kuta òg!

Kaizer tek ansvar for å læra uppveksande slekter
korleis ein ter seg i fjellheimen.

Ein uforgløymeleg dag!
Her hadde alle trekt i sin finaste stas.


fredag 27. november 2015

flugefrelsaren

Husmori sysla ei tid med attdikting/umsetjing av songane til den islendske «hljómsveiti» (bandet) Sigur Rós. Ho hev til dømes freista å setja um Illgresi, Ára bátur, Hoppípolla og Starálfur, Hafssól, Gobbledigook og Ný batterí. Det hender framleis at ho sit med ordbok og set um tekstene deira, men det er mest so ho skal skyna kva det er ho gjeng og gaular.

Den siste månaden hev husmori havt songen «Flugufrelsarinn» frå plata Ágætis byrjun på hjernen. Hin dagen sette ho seg ned og sette um teksti (litt snøgt og skøytelaust, vel å merka) og då spurde nettnerden um det skulde ut på vevritet. Det hadde ikkje husmori tenkt, men so tok ho til å tenkja på gamledagar (dvs. studiedagar), og snudde i saki.

Som tittelen ymtar um, er det ein song um livreddende prosesser i forhold til fluer.

«Flugefrelsaren»

Styr og ståk, eg stormar ned til bekken
Bergingsmann
Eg gjorde i stand eit skip og bad ei liti bøn
av di eg var redd
Soli skein og bekken risla
Smørblom, smørblom – flugone døyr!

Men i dag etlar eg å berga dei fleste flugone
Eg står på skipet med eit reip i kvar hand – målmedviten
Eg kastar deim ut i hylen og freistar
å hala flugone inn att fyrr
fiskeyngel tek deim medan dei strid og slæst
med straumen, med vatnet

Slik gjeng no dagen
Er sjølv komen um bord
Heldt på å slitast ut i gardsbekken,
der det alt hadde døytt so mange

Eg greider ikkje anda,
og tyngjest for kvar bylgja
Eg treng eit under no,
for eg driv og druknar synder
Eg prøver å koma um bord

Eg dreg i land og bergar meg sjølv upp, upp på strondi

På ein varm stein legg eg meg og læt meg turka att
Eg kastar meg ut i hylen og freistar
å hala flugone inn att fyrr
fiskeyngel tek deim medan dei strid og slæst
med straumen og vatnet

Vindpust, heilt gjenomblaut
Djerv, kjenner at båten
er komen ut or verste straumen
at landet so smått nærmar seg

Han er både um bord
i sjø og land reddande
flugone som døyr her,
men fyrst og fremst seg sjølv
Alltid strid og ingenstad fred,
men einkvan lyt då ofra seg
Dagane er lange.



Songen kan du høyra her.




torsdag 5. november 2015

husmor på skjermen

Husmori var i hovudstaden i går. Då var ho millom anna innum eit studio hjå NRK på Marienlyst. Ho vart endåtil sminka! (av ein vangsokning som sa slikt som sjå og vøri, so det var reint heimetriveleg) So sat ho kring eit bord i lag med fire sers fine menneske, med kamera på ymse sidor, og samrøda vert vist i kveld: Selskapet kl. 20.55 på NRK2.


lørdag 31. oktober 2015

bokbeussen

Ein sers lokal bokbeuss var innum heimen til husmori og nettnerden i går. Ja, når sant skal segjast, var det husmori sjølv som var beussen. Ho hadde sete i stova og skrive ein stubb til Dag og Tid, og då hev ho stødt ein dunge ordbøker ikring seg. Utpå eftan var stubben ferdug, og bøkene skulde attende til hylla si. Til vanleg tek husmori tvo eller tri bokturar, men i går våga ho seg til å bera alle samstundes! Det var ho so nøgd med at nettnerden vart tvinga til å knipsa eit bilæte.


Frå vinstre: husmori, Norrøn ordbok, Nynorskordboka, Norsk etymologisk ordbok, linjert skrivebok, Med andre ord og Norske Ordsprog av Aasen. Ikkje til stades då bilætet vart teke: Våre arveord (husmori nytta nettutgåva).


tirsdag 6. oktober 2015

utkikks

Husmori og nerden var ute i «fina vêret» i går. Då kleiv dei upp på fjellet som ligg rett attum huset. Det var ei gild ferd, med fotosession og kaffikvild på toppen. Nerden, som hadde vore der fyrr, sleit litt med å finna stigen ned til Kistebakkane, og det synte seg snart at dei hadde gjenge for langt. Medan dei kava seg tilbake, på ein smal, steinutt og blaut stig, sagde husmori: «Me fær då trena koordinasjonen, i alle fall!» Ho hadde ikkje fyrr sagt det, so trakka ho gale og stupte og tok seg mesta inn att. Det blett blod! Nei då, berre ei ørliti flengje på handi. Slik var utkikksen:


 
 

søndag 27. september 2015

båtar (ei uppsamling)

Her er sumt av det som hev sigla framum stoveglaset dei siste vikone, medrekna eit attersyn med utvalde høgdepunkt:

Eit klassiskt tog! 

Ei lang pylsa. Ho ligg djupt. 

Baderomsfarga båt ved soleglad.  


Fryseboks i soluppgang. 

Noko smått og rart. Kann det vera LEGO? 

Mykje smått og samla. Saman er ein mindre åleine. 

Ein ny båderomsfarga båt i friske bylgjor. 

Noko av det styggaste som hev vore på fjorden her! 
Her laut dei byggja høg bru, skulde dei sjå yver fryseboksen.



søndag 16. august 2015

Kaizer og historia um den pipande ballen

Hunden i barndomsheimen (ja, han høge og myrke frå det fyrre innlegget) hev mange gledor. Til dømes mat, mat og mat. Og mor, mor og mor. Me andre kjem litt lenger ned på lista. Men so er det vel ein grunn til at det plar heita matmor, ikkje matfar, jamvel um både hunden og me andre fær mat av far rett som det er.

Ja, og attåt mat og mor hev hunden gleda av å henta pinnar, lauga seg i tjern og bekkjer og kulpar og ymse andre vasshòl, få kos, stela sokkar (og stundom svelgja deim av vanvare), jaga mus og lemende. Men i sumar fekk han ei ny gleda: ein ball som pip når hunden bit i ballen. Han vart reint galen etter denne ballen, truleg av di det er moro med ljod, serleg ljod som minner um ei mus hell eit lemende som skrik. Han er trass alt eit rovdyr, endå so søt han er.

Men er han eit klokt rovdyr? Sjå, dét er eit anna spursmål. Kvar gong når me var ferduge med å leika med ballen, pla me leggja honom i ei bytta uppunder takskjegget på bilskuret (islendsk for 'garasje'). Hunden skyna det, og han sette seg ofta til å stira på dette takskjegget, eller endåtil bjeffa på det og soleis kunngjera at me laut koma og leika med ballen. Alt vel so langt! Men av di me vart leide av dette maset, tok me til å bera ballen inn og gøyma honom på vaskeromet i staden. Kva hende, trur de?

a) Hunden heldt fram med å stira på takskjegget, i von um at ballen eller me skulla openberra oss.

b) Hunden skyna straks at ballen no låg ein annan stad.
c) Hunden heldt fram med å stira på takskjegget, men etter nokre dagar gjekk det endeleg upp for honom at ballen var på vaskeromet.

Svaret kjem under bilætserien. Snikfotograf: anonym fru.






Sjå dei vonfulle augo!



Jau, etter nokre dagar skyna hunden at ballen var på vaskeromet. Det er godt mogleg at ballen låg innandørs då bilæti vart tekne.