onsdag 23. januar 2013

korrekturvin

I den alt meir tidgjengde serien «Fridtun bloggar um andre bloggar» er me no komne til korrekturvin, drive av dei drivande gode tausene (eller tøysene) i foreininga Portvin. No – eg må fulla segjast å vera ugild når det gjeld kor gode dei er, sidan ho eine er hugnaden. Kliss til sides: Sist laurdag fekk eg vera med på ei undersam ferd som eg seint gløymer, um eg nokon gong gjer det. Tvilsamt. Eg totte i alle fall det var gjævt å vera med, for eg hev vore blodfan mest heilt sidan dei tok til med gapeskapen sumaren 2007. 

(Eg lyt orsaka at eg teiknar og fortel etter måten sjeldan no. Kann henda kjem det seg når eg set bu i Bjørgvin (vin!) i mars. Då skal eg vera heimeskrivande husmor. Husmorblogging, tenkjer eg. À la Fridtun.)

fredag 11. januar 2013

togni

so hende det:
ein snild mann er burte

ein som skreiv heilt til den store togni kom og tok honom
heim, han skreiv mykje um togn
eg lika det, likar at andre òg høyrer togni tala
eg likar å kunna segja at eg hev vore i stova hans,
at eg kom inn i krinsen, litt,
ung og urøynd mot slike kjemper
at eg var med då han og andre vitskapsfolk dryfte gamal litteratur
etterpå baud han på bollar og Gammel Dansk

det er heller ikkje so gale at han
kysste meg på kjaken sist eg trefte honom
at me var kjenningar
berre fordi eg sende honom eit brev
etter å ha lese ei av bøkene hans
og vart bedi um å halda innlegg på det vidgjetne seminaret hans
eg var so vidt yver tjugo år
og han, næsten nitti, meinte eg hadde noko å fara med

å koma inn til munnleg eksamen i litteraturteori i Nidaros
og sensoren spyrr: «No, hev du ete noko rjomegraut
hjå Aarnes i det siste?»



onsdag 2. januar 2013

uperfekt

Takk vere Aftenposten vart eg i romjoli var eit gildt vevrit: Uperfekte jenter. Gjev eg hadde lese innleggi der for tie år sidan!

Her høver det òg å leggja til at perfekt upphavleg tyder 'uferdug, ufullførd'. Eg kann godt tenkja meg å vera uferdug. 

torsdag 20. desember 2012

heim til jol

vakna med den allra kjæraste i Bjørgvin
styggtidleg (men ho vakna lenge fyre eg),
taka avskil medan dagen tek til,
fjuka yver fjell og vidd og langsmed Mjøsa,
koma heim til ein hund som uler av attersynsfrygd
og heimebaka braud og brunost og kaffi og renna
på skidor i skogen med mor, pusla med skriving,
eta pannekakor og sjå barne-tv og uppvasken
gjeng lett som ein leik
kjenna elskhugen som eit sog i bringa
eg fortalde at eg hadde vore
i Nidaros, Bjørgvin og Oslo på éi vika;
veslesyster fortalde ho hadde vore
i Melbourne, Sydney, Shanghai, Beijing, Moskva på tvo dagar. 

tirsdag 4. desember 2012

Kundsigkvendser i Urtegravfien

Seint, men godt kom Skrifter i samling av Ivar Aasen i hus. Mykje god lesnad, som ventande var. Her er stint av forvitnelege og lærerike stykke, sume som eg ikkje hev lese fyrr, sume som eg les um att med gleda. Av stykki eg fann fyrst no, må «Brev om kulturen» vera det gjævaste. Brevet er skrive av ein viss Ohle Ohltzén − eit råkande dekknamn, som me snart skal sjå. Det stod på prent i Dølen I nr. 16. I dette stykket driv Aasen ap med det norsk-danske skriftmålet; det er ein sjanger han meistra betre en nokon. Fåe kunde (og kann) skriva so kvasst og svidande um snobbeskap, ovmod og norsk-dansk kråkemål som han. Ein sann svir!

No, de skal få nokre smakebitar. Um de vil lesa heile (det vil de), finn de stykket her, frå s. 169 i Skrifter i samling II.

Til Dølens Riddagsion.
Uagtendes jeig maa skee bereignes til de indfoldige
og vandkundige folk i Lidtrad-Turen saa alligevel
beføler jeig en vis Indspirasion til ad skrive dem Til,
vilket jeig jøer med saa meget mere modighed, da
jeg har forhørt ad de skal være meget skaansommelighedsfuld
og indtaalerandse om der skulde være
nogen feiler eller Kundsigkvendser i Urtegravfien.
Vadh som nu mest anbedriver mig hertil er det ad
jeig for nogle Ugger siden belæste en Version i Bladet
som syndtes at indbegribe nogle Hardseiladser
om Kuldthuren, og dette forsadte mig i en mellemkolisk
Bestemthed fordi jeg altidt har vært en stor
Livhaber af Kuldtuhren og ønsket ad det hele Folk
var kuldtureret i sin klædedragt og spraag og bespiisning
og Møblerering. Jeig gjik nu og dividerede
med disse Tvivlagtigheder intil en af mine Kompani-Junger
kom og indberettede mig ad der nyligens havde
staaet nogle ufortræffelige Indsirater i Afviserne om
spraaget og Culturen; jeg gik da sporenstræks hen
og ærholdte Afviserne og dermed var da alle mine
Indpressioner forbi.
[...]
Imidlertidig maae jeig anbetyde at min Bemærksomhed
i de nyere Thider er bleven meget henrettet
paa Spraaget, og da jeig har forlæst i en nyligens
udkommendes Jordbeskrivelse, at naaer et spraag skal
blive Til, da maae en heel Almeenhed gaa med og
bringe Steener til bygnings Tomten, saa haer jeg
ogsaa betænkt paa at anbibringe mine Stener til
bøgningen, og saalehdes haer jeig een deel gemeennyttige
Provskjekter til spraagets befremmelse, saasom
at forbruge latinske Boxstaver og at sætte smaae
boegstaver for alle smaathinger men store Bog-Staver
for de ord som indeholder megen Kuldthur og for
de Stavelser som Fortoningen falder paa. Ligesaaledes
at mand skulde indføre en ind-kunstsæk-vendt
Ordtograd-Fi med den ordtop-fundiske skrivermaade
efter den naardske Utale og Ordganer [...]
Liggerviis borde mand
ogsaa indbeføre en større forvexling og Varigasion
i Skriften, saa at man icke skrev ordene altid ligedant,
for dette er eensformeligt og kjedeligt. [...]

So var det umkvædet, då: Takk, Ivar Aasen.


torsdag 15. november 2012

vassdassvås

Størsteparten av oss hev vassdass i huset og størsteparten av oss gjer i vassdassen, men kva gjer me med vassdassen etterpå? Eller rettare sagt: Kva segjer me at me gjer med dassen?

Det spursmålet hev svive kvilelaust i skallen min fyrr, men no fann eg ut at eg skulde gjera noko åt det. Eg hev høyrt ordlag som «trekkja ned» og «trekkja upp» (det fyrste viser fulla til snøret dei fyrr drog ned (eller det som vert drege ned?), det andre til dingsen me dreg upp), og eg hev høyrt «draga ned». Islendingane segjer «sturta niður». På engelsk heiter det vel «flush (the toilet)». No hev sume vassdassar ein slags knapp, so då gjeld det vel å «trykkja ned».

Same kva: Eg stiller spursmålet fordi eg ein dag brådt vart merksam på at eg sjølv nyttar eit gåtefullt ordlag: «susa upp»

Susa upp! Det hev eg stødt sagt; det er barnelærdom. No hugar det meg å vita kva de segjer. Køyr på!

søndag 21. oktober 2012

trialog

Meir elsk! Elsk elsk elsk yver heile lina. Ikkje fleire hjärta & smärta-innlegg, ikkje fleire lengtingskvæde og brotne voner. Fordi:

Kristin (15 år): «Jeg vil ha ei jente. Ja, ei jente. Herregud! Men det er jo dét jeg vil. Ei som skjønner meg uten at jeg trenger å si så mye. Som bare er snill og god og føler det samme som jeg. Jeg vet akkurat åssen det skal være.»

Kristin (22 år): «Du finn aldri ei slik gjenta. Og um du finn henne, kann du banna på at ho er uppteki. Og er ho ikkje uppteki, vil ho ikkje ha deg lell. Elskhug er berre vonbrot og drit. Du hev narra deg med hugsyner lenge nog, dei djevla tanåringsdraumane må du skilja deg av med. Ut med deim! Burt! Røyndi er för fan ikkje slik du trudde den gongen.» 

Kristin (24 år): «Ho finst! Ho er mi! Ho ser! Ho skynjar! Ho ei slik eg hev ynskt meg og leita etter i tie år. Ho stiller all lengtingi, ho gjer meg heilt roleg. Vi känner alltid samma sak.» 


Er'e rart eg er nøgd, undrast eg.