onsdag 23. januar 2013

korrekturvin

I den alt meir tidgjengde serien «Fridtun bloggar um andre bloggar» er me no komne til korrekturvin, drive av dei drivande gode tausene (eller tøysene) i foreininga Portvin. No – eg må fulla segjast å vera ugild når det gjeld kor gode dei er, sidan ho eine er hugnaden. Kliss til sides: Sist laurdag fekk eg vera med på ei undersam ferd som eg seint gløymer, um eg nokon gong gjer det. Tvilsamt. Eg totte i alle fall det var gjævt å vera med, for eg hev vore blodfan mest heilt sidan dei tok til med gapeskapen sumaren 2007. 

(Eg lyt orsaka at eg teiknar og fortel etter måten sjeldan no. Kann henda kjem det seg når eg set bu i Bjørgvin (vin!) i mars. Då skal eg vera heimeskrivande husmor. Husmorblogging, tenkjer eg. À la Fridtun.)

5 kommentarer:

Anonym sa...

Anonym kjærastmor gler seg stort til husmorbloggen!Bloggen må kunna brukast til målmedvete målarbeid, for nedslagsfeltet er stort,har eg høyrt!Kan husmorbloggen kombinerast med portvinsferder,tru?Dette vert spanande!

hugnaden sa...

anonym hugnad undrar seg over at den tidlegare husmorbloggdronninga set slik pris på konkurranse. (jamfør eit tidlegare suksessgjesteinnlegg om safting.) men det er gjerne greitt når konkurransen er innafor slekta? ingen teiknar, syltar, nerdar, portvinar, og fortel betre for nynorsken enn denne bloggfelleskapen.

hugnaden sa...

ROPETEIKN!

fridtun sa...

Takk for gode framlegg, Anonym kjærastmor! Eg vart litt uroleg med same eg hadde kunngjort at eg skulde husmorblogga, nemleg. No er det von!

Eg <3 bloggfellesskapen.

Anonym sa...

Anonym kjærastmor tok eit raskt søk og fekk 191.000 treff på blogg+saft!Det tyder at fellesskapet kan verta stort,i største laget for meg,og at safting ikkje er så eksklusivt og "back to basic" som eg trudde.
Men pjoning,rudlepylsing og sokkabøting(jfr.jolapresangen) trur eg er ledige emne.