mandag 3. november 2008

Hår i suppa versus suppa i håret

Ein skal vera væn.
Utan tvil.
Vænleik er i vinden.
Vænleik hev stødt vore i vinden.

Kva um ein ikkje er væn?
Vel, det finst ein haug umbøter.
Her, til dømes, kjem greske Kleopatra (um lag 64 e.Kr.) med hjelperåder til deim som misser håret:

Denne miksturen er den mest virkningsfulle. Brukes mot håravfall blandet med olivenolje eller myrra og er fantastisk både for dem som har begynt å miste håret og dem som allerede er blitt skallet. En porsjon ristede husmus, en porsjon filler, en porsjon ristede hestetenner, en porsjon bjørnefett, en porsjon hjortemarg, en porsjon av bark fra siv. Mal opp de tørre ingrediensene blandet med en tilstrekkelig mengde honning til alt har samme konsistens som honning. Gni inn fettet og margen etter å ha smeltet det sammen til en blanding. Lukk medisinen i en bronseboks og smør det på det syke hårområdet helt til håret begynner å vokse igjen. Fortsett innsmøringen daglig etter at håret er begynt å vokse.

Køyr på!

(og for deim som er litt vågale av seg - er er sumt for å gjera deg meir huga på sex, skrive av Salpe (fyre 79 e.Kr.):

Dypp et esels kjønnsorganer i kokende olje sju ganger. De egnede kroppsdelene bør så smøres med oljen.

Jaggu!)

socker.kärleken.vintarvila.lämnar.avtryck.









torsdag 9. oktober 2008

kom med ein glimt, ei dogg, eit fjom

- sagde Hauge. Og fjom vart det! Snjofjom!

Sist helg var eg med mor og far og systrer tvo og hund på hytta, sjø. Og der hadde kong Vinter vore frampå. Eg legg ut nokre bilæte frå ferdi, so kann de sjå. Ja, og me borni bada. Det var 5-6 gradar i vatnet, og uppfriskande! Eg legg ikkje ut bilæte av dét, for me hev ikkje klæde på. Men prov finst, altso.




















































































mandag 8. september 2008

kvi er det daudebeiskt å få?

D'er betre seint en aldri.
Eg laut gjeva tol, men no!
No tarv eg ikkje bida meir.
Det hev brote yta.
No kjem det fossande, det spring og jagar nedetter ei utøymeleg elv og leikar seg i ville stryk, det durar og syng, og skummet skin som ein sylvkvit faks.

Tenkj å hava slik ei elv i hugen!
Eg hev.

Kvi? Jau, endelegt hev vyrde Petrarca fenge neven um Fridtun-hjarta. Eg hev vore som trolla av karen sidan eg las nokre linor um honom i norsboki frå 2. klassa på vidaregåande, men like vel klæmde han til fyrst no, fire år etter.

Her er sumt frå sida 125 i Tema 2: "Det er vanlig å si at renessansen begynte midt på 1300-tallet. Da ble den første gjennomkomponerte diktsamlingen siden oldtida skrevet, nemlig Canzoniere av italieneren Francesco Petrarca (1304-1374). Samlingen består av 366 kjærlighetsdikt til Laura, som dikter-jeget ser første gang i en kirke langfredag 1327. Etter møtet føler han at han er skapt på nytt, av kjødelig kjærlighet."

Gjævt! For ein kar! Eg trur eg er veik for'n av di eg kunde gjort noko liknande sjølv, i minsto ynskt at eg gjorde det. 366 dikt - som skriv seg frå eitt møte!

ALIT1101, Litteraturen frå antikken til 1500, hev mang ei perla på pensumlista. Millom anna er "Sonett 132" å finna der, og kvædet er so gildt og varmt at det glim av det. "Petrusen" hev skyna kjærleiken, han hev sét og granska kvar ei sida av'n, trur eg. Og umsetjar Sigmund Skard hev skyna eitkvart han au, kvart ord er ei frygd å lesa!

Jau-då, jau-då, de skal få sjå sjølve.
Her er sonetten. Og formi er som ho skal vera, de må gjerne lesa høgt.


Er dette ikkje elsk, kva kan det vera?
Og er det elsk, å Gud, kva er det så?
Om godt, kvi er det daudebeiskt å få?
Om vondt, kvi er det endå søtt å bera?

Vil eg det sjølv, kva gagn kan tårer gjera?
Og vil eg ikkje, kvifor græt eg då?
Å daudeliv! å frygd eg flyr ifrå!
Eg strir imot - kor kan du endå tæra?

Og vil eg sjølv, kva tener tårer til?
Slik stormar høgt mitt hav med skumkvit båre,
og styrelaus i skrale båten stend eg.

Så vesal er min visdom, dåre, dåre!
at ikkje sjølv eg veit kva sjølv eg vil,
eg frys i varmen, og i frosten brenn eg.



Ein vert mest ordlaus.

[eg er ordlaus]

Men - der er meir!
Petrusen sat ikkje berre tagall heime og skreiv um hjartekvida, å, nei!
Han var av dei fyrste som leita trottugt etter forne manuskript, og det var han som fór kringum i gamle, støvutte bibliotekskrokar og til sist fann ein haug burtg(l)øymde Cicero-brev. Han var au tidlegt frampå med å nøyta folkemål i diktingi si. Og han var og er yvervættes viktug for sonettsjangeren og framvoksteren av'n. Me kjenner au til ferdi hans upp på Mont Ventoux - å koma seg upp der er kje barnemat!
Ja, Petrusen var eit dugande mannfolk. Eit flogvit! Eg skulde jaggu møtt'n. Det skulde eg.

Men no er det seint og tid for sova.


Kvi er det endå søtt å bera?

fredag 22. august 2008

Frå fjellgutudjupet

I Fjellgutusjøen er det lake. Laken er ein ljot og sleip botnfisk som et alt av kjøt som finst nede i djupet. Far min fekk ein diger rugg i garnet sist helg. Skinnet var so hardt og stivt at dei laut skjera og vrengja det av med tong. Det er ikkje ofte laken fastnar i garnet. Her kann de sjå'n (fisken, ikkje far):
















Feitt å liggja på kjøkenbenken med solbrillor















Feitt med solbrillor og tunga uuuut

Eg hev likso greidt skrive eit kvæde til styggen:


Kvæde åt laken

Stilt no, frende,

stogga leiken;

høyr um drott

som dagen løynde:

Vreid og vondkynd,

verste guten,

styggen sjølv

seig stilt mot land


Han gøymde seg

i Gutulidi,

drog han der

åt djupe vatnet;

langt til botnar

laut han symja;

myrker løyner

mangt eit lyte


Draugen smaug

i duld og dimma,

lått og yl

i lynget leika

Vill han vakna,

veidefisken;

fælsleg kjeft sku’

føda fanga


Grå han gleid

med gløypetruten

Flo og flengde

fiskar mange;

svolten reiv

og sveiv i buken,

mange matmål

trongst til metta


Brått han fastna,

botnfisken;

kava kaut

i kjempegarnet

Diger rugg

med drjuge krafter –

mun han vert

eit matmål sjølv!


mandag 4. august 2008

Endå eit ferdaminne. Og ymse anna.

I dag er ein god dag. Difor kjem eg med ei godt innlegg. Med det meiner eg meiner eit innlegg um gode greidor.

På denne dagen, 5. august, i 1813 vart ein gut fødd på ein liten gard i Hovdebygdi. Og det var ein viktug fødsel! Jau då, jau då, for det var han far Ivar. Aasen. Eller Iver Andreas, som var døypenamnet hans. So, vyrdnad til honom - me ynskjer til lukka med dagen!

På fredag og laurdag sist helg var eg på ei av dei finaste ferdene eg hev vore på i sumar. Det var ei slags pilegrimsferd for meg. Kva som var det heilage målet? Barndomsheimen åt'n Ivar, Ivar Aasen-tunet. Far og eg. Me drog. Næsten spontant (me avgjorde det heile på torsdagen). Fredag ettermiddag fór me i veg. Uppetter Mjøsa og væne Gudbrandsdalen. I kveldingi stogga me midt på Strynefjellet. Me fann ein stad å setja bilen, slo upp teltet. Eg laga suppa på primusen, og drog fram ein isboks med heimelaga semulegrynspudding i og havde raud saus attåt (det er fulla berre du, tanta, som kann sjå fyre deg kor glad han far Fridtun vart då!). So fall me i svevn, med susen frå ein fjellbekk i øyro... hoh, nasjonalromantiskt! Um morgonen bar det i veg att. Me vitja tunet - det var KNALL! So køyrde me heimatt på ettermiddagen, same vegen som me kom. Terningkast 6!
Her er nokre bilæte frå den gilde ferdi:
















Bustaden.
















Gamlevegen ned frå Strynefjellet.

















Eit stabbur frå tidi åt far Aasen.




I går kveld var eg med mor ute i hagen (ikkje som sist gong). Eg sette nokre blomar ned i jordi og reinska burt eit utal grøne makkar som åt upp alle blad på klematisplanta åt 'a mor - dette er fjorde året dei held etarlag i planta hennar. Ho var leid heile dritten.
Eller som ho sagde: "Nå er dine dager talte, din jævla klematis!".
So køyrde ho spaden ned under den uppetne voksteren og braut upp alt i hop so det knaka i røtene og jordi skvatt til alle kantar. Det er tak i ho mor, gett!

Dessutan glytter soli ned på oss i dag.
Gildt.

onsdag 30. juli 2008

eg leikar po(t)et

Det vart litt for ope sist.
Eg legg inn eit sjølvskrive kvæde i staden.
Freistnad på fornyrðislag er det au.
Um det held mål? Veit ikkje.
Er det for kjenslefullt? Utan tvil.

Eg hev kalla det Vantarmål.

Uhag er han
som eidar bryt
og svorne voner svik
Venelaus han vert
som vinglar stødt
millom hjarta og haus

Sjå deg fyre
når sumaren ris;
for stygg-velor vonde
Han fær trega,
trauste hugen,
når tidi tung skal tolast

Møyi du sveik
og miste or handi;
det tyngjer visst hugen tidt
I sakn og einsemd
sviv no skalden;
går korkje frygd hell gaman

Myrker og otte
merkar han best
som sut-tyngd i stova sit
Bjarte soli
og byrg-grøne graset
kann kje støyten stagga

Ber du byrdi
byrg på herdi;
veik er vond hugstein
Venta allstødt
i år og æva,
og hugen hard skal heilast