onsdag 30. april 2008

Fridtun skald leikar seg

Ja, i dag kjem noko sjeldsynt. Eg skal leggja ut ein ørliten neve dikt. Ellinor og Sunniva er alt på skrivebylgja, so det er vel berre å gyva laus. De fær tvo stutte. Og dei er skrivne for eit drygt år sidan, då eg var grasenkja og ikkje hadde stort anna å driva med. Det var fyre målrørsla huka tak i meg.

Snurr ord. Dikti høyrer ikkje saman på noko vis. Og dei skal lesast med eit smil.


I

ljodspor for dagen:

ein kvist
bak vedskjolet

fingeren
over rimdrakta

taktstrek
i borken.



II

ei stjernestripe
oppunder mønet

gneistane sprutar
på ein bøygd månerygg

natta koplar seg inn
på vår eigen krins.




Takk, Ivar Aasen.
Nynorsk er fint i dikt.

mandag 28. april 2008

liderna grønka som hagar


Her ser de utsynet frå vindauga mitt. Ein grand grønare sidan sist.













Utsending 161 frå SmiN hev kome att frå landsmøtet i Noregs Mållag, og under måndagsbilætet legg ho inn eit glimt frå flyturen heim til Nidaros. God kveld!


mandag 21. april 2008

måndagsbilætet

Eg tek til med noko fint i dag; måndagsbilætet.
Kvar måndag skal eit taka eit blinkskot frå glaset mitt og leggja ut her. Det er for at de skal få sjå korleîs våren kryp fram frå vintertjeldet. Kann henda legg eg til nokre ord.

I dag legg eg ut nokre linor frå Hellström, væne og høvelege:

Träden står i blom,
marken täcks av jungfrudom
och nu hänger det på varje kvist
en solskensoptimist


Från norr till södertörn,
till jordens alla hörn
så leder vägen hem till dig


Å, äntligen på väg



onsdag 16. april 2008

onsdag 9. april 2008

høna kastar egg og grannen drep på døri

Det er moro med ord som endrar tyding eller fær snevrare meining. I norrøn tid kunde folk verpa av seg kledi. I dag er det vel mest høna som verp, og ho verp ikkje anna enn egg. I Norrøn Ordbok finn de upphavstydingi åt ordet:

verpa (verp; varp, urpum; (v)orpinn) 1. kaste, slengje (e-u)

Eg tenkjer: det er ikkje so at egget berre "ploppar" ut, det vert visst kasta eller endåtil slunge ut. Kuli! Hønone var jaggu hardføre for tusund år sidan... Ein skulde tru det vart mykje søl av slik framferd.
Ha-ha.


So hev me endå eit gjerningsord; drepa. Eg gjev att fyrste lina frå Norrøn Ordbok:

drepa (drep; drap, drápum; drepinn) 1. slå, støyte, stikke

I dag er drepa same som å taka livet tå nokon. Difor tykkjer me ordlag som "drepa í hel" er smør på flesk. Det er ikkje mange som vilde skyna kva ein meinte um ein sagde "drepa jarn" (hamra jarn) eller "drepa strengi" (slå strengene på harpa). Eller "drepa á dyrr" - banka på.

Gjævt.
Det var mini-leksjonen for i dag.



søndag 3. februar 2008

Meir soge-moro

Ja, då, ja, eg veit at det er eg som skal skriva, for det er min blogg. Men eg hev ikkje høve nett no, og dessutan vantar eg gode hugskot og emne. Eg deler i staden nokre stykkje som andre folk hev skrive. Her kjem tvo morosame bolkar frå Soga um laksdølane:

Bæsj og tiss var likso moro då som no:

"Den tid var det mykje brukt at folk hadde veslehuset ute og eit godt stykke frå garden, og slik var det på Laugar. Kjartan sette vakt ved alle dører på husa og let ingen gå ut, så dei laut skite inne i tre netter."

Hohoi. Og her kjem det me trygt kann kalla eit gullkorn:

"Torstein Svarte og Svein, son til Dala-Alv, vakta selsdøra, medan dei andre reiv av taket. [...] Dei tok no så hardt i at åsen [takbjelken] rauk av på midten. I same blenken stakk Helge eit atgeir [spjut] ut or selet ein stad der døra var brotna; spjutet råka Torstein Svarte i stålhatten og stogga i panna; det vart eit stort og stygt sår. Torstein sa då, som sant var, at det var folk der inne."

UTRULEGT! For ein kar! Det kjem eit spjut farande frå ein mann inne i huset, det stoggar i pannebrasken, og det fyrste du segjer er "ja, det er folk der inne". Was?! Je måtte flire.
Og no kryp eg uppi sengi. Natt-natt.

tirsdag 22. januar 2008

det spirer og gror

Det er ikkje stødt eg flirer åt tekstene me hev på litteraturteori-pensumet. Skrivarane legg vinn på at unge, halvrøynde lesarar skal skyna so lite som råd. Helst ingen ting. I dag laut eg flira, jamvel um det var mykje eg ikkje skyna. Likevel, her skal de få sjå nokre "målvokstrar" som Silje og eg hyggja oss med. Dei er skrivne av Walter Benjamin i stykkjet "Fortelleren". Ikkje eitt vondt ord um artikkelen, men det er ikkje ofte eg finn sovorne metaforar og samanlikningar i fagtekstene eg les:


"Visdom er råd vevet inn i det levende liv. [...] sannhetens episke side, visdommen, dør ut."

"Kjedsomheten er drømmefuglen som klekker ut erfaringens egg."

"I dag befinner borgerne seg i et rom som aldri har vært nær døden, evighetens tørkerom,"

"Døden opptrer i den like regelmessig som mannen med ljåen i prosesjonen rundt domkirkeuret ved middagstider."
Middagstider?!


Benjamin fortel um den tidi då mennesket trudde det kunde liva "i harmoni med naturen", det Schiller kalla "den naive diktnings tid", og skriv at forteljaren i dag

"verner trofast om den, og hans blikk beveger seg ikke fra urskiven som prosesjonen av skapninger beveger seg foran, og der døden har sin plass som anfører, eller, om man vil, som den siste ynkelige etternøler."

(eg fær ikkje sett dette i hop so det gjev meining! Eg skal lesa det um att og um att, so fær me sjå.)


Eg tykkjer dette er vinnaren:

"Ordspråk, kunne man si, er etterlevinger som står på de gamle historiers plass, der moralen slynger seg om en gest som eføyen om en mur."


Jau. Då veit de kva eg hev å strida med. ;)
God tydagskveld!