Kven av desse tvo versjonane av «Gjendines bådnlåt/bånsull» er den råaste?
1. Sunge av Gjendine sjølv, 99 år gamal (til sist i upptaket, etter ho hev lagt ut um Grieg og kyrne)
2. Sunge og spela av Gåte (frå skiva Iselilja)
Alle – kvinnor, karar, unge, gamle, rette, skeive – hev røysterett.
søndag 10. mars 2013
mandag 4. mars 2013
scribo & scio
Millomlandingi i barndomsheimen er snart endt, som de vel veit. Um drjugt tvo vikor set eg bu i vest, i eit lugomt husvære som nettnerden hev funne åt oss. Eg fær skrivestova og greidor! Men fram til då er heimen min huset eg voks upp i, huset i skogkanten, som far og bestefar bygde sistpå 80-talet. Å jø!
Sume hev ikkje hug til å bu heime med mor og far når dei er vaksne og hev butt for seg sjølv ei rid. Dei greider ikkje meir en nokre dagar – kann henda eit par ferievikor – i heimen fyrr dei fær nog og vil fara att. Ikkje slik her. Eg hev havt hugsame og rolege månader, fenge godt stell og framifrå sellskap. Og so skidløypa rett utanfyre døri, då!
Når nokon spyrr kva eg hev gjort denne vetteren, svarar eg skrive og rent på skid. Visst hev eg gjort mykje anna òg, halde føredrag kringom i landet og vitja kjærasten og lese bøker og blad og spela gitar og sét hopprenn og vore med mållaget/Nynorskstafetten i Sogn og mykje meir, men kvardagane hev mesto vore slik: skriving og skid. Upp um morgonen, skriva nokre timar, ut i skogen og snjoen, inn att og skriva til det lid ut på kvelden. Det er lokkande å kalla denne daglege skidturen ein siesta, men sidan det ikkje er tala um svevn eller likamleg kvile, er fulla ikkje dét ei råkande nemning. Men åndeleg kvile er det – og åndeleg kveik attpå. Det er underlegt kor mykje friare og lettare tankane flyg når ein sjølv er i fint driv. Mangt eit godt hugskot ter seg då.
Rein bonus er det at likamen òg vert kvik og sterk. Eg hev både høyrt og røynt at me i skidløyping nyttar umåteleg mange av segane (musklane); det finst mest ikkje noko anna som set so mange segar i sving. Eg trur neimen ikkje eg hev vore so rundsterk og lett i stiget sidan eg var toppidrottsutøvar i tanåri.
Serskilt gildt er det når nettnerden er her. Me skriv samstundes og skrid samstundes og ja då, det hender det vert kyssing og kraming midt i løypa.
So, vetteren min i stutte drag: Scribo et scio, som latinisten i meg plar tenkja, endå eg veit at scio tyder 'vita, kjenna til'. Eg skriv og eg skid [nytt verb] – og eg veit at skidingi gagnar skrivingi.

torsdag 21. februar 2013
innlandsvetter
turt
stilt
kaldt
snjo so kvit og mjuk at du mest vil sova i honom
tjukke sokkar
nykøyrde skidløypor
hunden som gjeng ut og et snjo,
i staden for å drikka vatn or skåli
eld i omnen
dyrespor i allstad, elg, hare, rev
og snart skal eg flytja til regnhovudstaden,
med fire årstider på éin dag, segjer dei.
som hallodame-Ragnhild stødt sagde
når det kom ein episode med Flukta frå Dyreskogen:
No vert det spanande!

fredag 1. februar 2013
folkemål og folkeord
Ja då, atter ein bolk i Aasen-upplæringi
Til trongsynte saupskallar som trur Ivar Aasen var so bljug og ræddhuga og gudleg at han ikkje ansa og sysla med dei folkelege ordi i folkemålet (dermed fell alle dei faste lesarane mine utanfyre målgruppa, men lika vel):
Aasen gjorde ikkje det. Han kunde ein dunge «ufine» ord, truleg fleire en folk flest både då og no, og han tok deim med i sume av skriftene sine. Millom anna i Norsk Maalbunad (prenta 1924), ei makelaus yversyn yver liketydande ord og umgrip i norsk – og fylgjeleg ein gjæv reidskap for alle som finn hugnad i gamle ord. I bolken «Likam» finn me underbolken «Smaadeilder»; det er der me finn deim, dei er ikkje gøymde burt på nokor vis. Her er eit utval, i visse tilfelle hev eg sett til uttydingi Aasen gav ordet i Norsk Ordbog:
Bene, Benelde ('Kjønslem (vulva) paa Hun-Dyr, især Køer.)
Boll ('Testikel, Testikelpung [...] Andre St. Ballar pl.)
Eigestell ('Genitalia')
Eista ('Testikel.') Òg i sms. Eistekjerne, Eistekorn, Eistepung, Eistestein
Fans ('Kjønslem paa Heste')
Fitta
Heimel-ting ('Kjønslemmer')
Kodd ('Testikel [...] Nogle St. Kodde.')
Kuk
Kunta ('cunnus, vulva, ligesom i Svensk og flere Sprog.')
Kusa
Mige m. ('Kjønslem (penis) paa Han-Dyr')
Mighus ('Forhud; f. Ex. paa Hesten')
Mus
Pill ('penis')
Pikk
Puss ('Pung, Skindpung; især Testikelpung (scrotum) paa Dyr.' Jf. eng. purse!)
Reidskap ('[...] I Spøg kan Reidskap ogsaa betegne Genitalia')
Rauvskora
Skripa ('cunnus. [...] Jf. Isl. skrípr: penis.')
Tingeste ('Tingest, liden eller ubetydelig Ting. [...] Ogsaa om Genitalia.')
Berre so de veit det.
Her ligg det òg nær å visa til piltaskùggje hjå kjærasten.
onsdag 23. januar 2013
korrekturvin
I den alt meir tidgjengde serien «Fridtun bloggar um andre bloggar» er me no komne til korrekturvin, drive av dei drivande gode tausene (eller tøysene) i foreininga Portvin. No – eg må fulla segjast å vera ugild når det gjeld kor gode dei er, sidan ho eine er hugnaden. Kliss til sides: Sist laurdag fekk eg vera med på ei undersam ferd som eg seint gløymer, um eg nokon gong gjer det. Tvilsamt. Eg totte i alle fall det var gjævt å vera med, for eg hev vore blodfan mest heilt sidan dei tok til med gapeskapen sumaren 2007.
(Eg lyt orsaka at eg teiknar og fortel etter måten sjeldan no. Kann henda kjem det seg når eg set bu i Bjørgvin (vin!) i mars. Då skal eg vera heimeskrivande husmor. Husmorblogging, tenkjer eg. À la Fridtun.)

fredag 11. januar 2013
togni
so hende det:
ein snild mann er burte
ein som skreiv heilt til den store togni kom og tok honom
heim, han skreiv mykje um togn
eg lika det, likar at andre òg høyrer togni tala
eg likar å kunna segja at eg hev vore i stova hans,
at eg kom inn i krinsen, litt,
ung og urøynd mot slike kjemper
at eg var med då han og andre vitskapsfolk dryfte gamal litteratur
etterpå baud han på bollar og Gammel Dansk
det er heller ikkje so gale at han
kysste meg på kjaken sist eg trefte honom
at me var kjenningar
berre fordi eg sende honom eit brev
etter å ha lese ei av bøkene hans
og vart bedi um å halda innlegg på det vidgjetne seminaret hans
eg var so vidt yver tjugo år
og han, næsten nitti, meinte eg hadde noko å fara med
å koma inn til munnleg eksamen i litteraturteori i Nidaros
og sensoren spyrr: «No, hev du ete noko rjomegraut
hjå Aarnes i det siste?»

onsdag 2. januar 2013
uperfekt
Takk vere Aftenposten vart eg i romjoli var eit gildt vevrit: Uperfekte jenter. Gjev eg hadde lese innleggi der for tie år sidan!
Her høver det òg å leggja til at perfekt upphavleg tyder 'uferdug, ufullførd'. Eg kann godt tenkja meg å vera uferdug.
Her høver det òg å leggja til at perfekt upphavleg tyder 'uferdug, ufullførd'. Eg kann godt tenkja meg å vera uferdug.
Abonner på:
Innlegg (Atom)