torsdag 15. november 2012

vassdassvås

Størsteparten av oss hev vassdass i huset og størsteparten av oss gjer i vassdassen, men kva gjer me med vassdassen etterpå? Eller rettare sagt: Kva segjer me at me gjer med dassen?

Det spursmålet hev svive kvilelaust i skallen min fyrr, men no fann eg ut at eg skulde gjera noko åt det. Eg hev høyrt ordlag som «trekkja ned» og «trekkja upp» (det fyrste viser fulla til snøret dei fyrr drog ned (eller det som vert drege ned?), det andre til dingsen me dreg upp), og eg hev høyrt «draga ned». Islendingane segjer «sturta niður». På engelsk heiter det vel «flush (the toilet)». No hev sume vassdassar ein slags knapp, so då gjeld det vel å «trykkja ned».

Same kva: Eg stiller spursmålet fordi eg ein dag brådt vart merksam på at eg sjølv nyttar eit gåtefullt ordlag: «susa upp»

Susa upp! Det hev eg stødt sagt; det er barnelærdom. No hugar det meg å vita kva de segjer. Køyr på!

søndag 21. oktober 2012

trialog

Meir elsk! Elsk elsk elsk yver heile lina. Ikkje fleire hjärta & smärta-innlegg, ikkje fleire lengtingskvæde og brotne voner. Fordi:

Kristin (15 år): «Jeg vil ha ei jente. Ja, ei jente. Herregud! Men det er jo dét jeg vil. Ei som skjønner meg uten at jeg trenger å si så mye. Som bare er snill og god og føler det samme som jeg. Jeg vet akkurat åssen det skal være.»

Kristin (22 år): «Du finn aldri ei slik gjenta. Og um du finn henne, kann du banna på at ho er uppteki. Og er ho ikkje uppteki, vil ho ikkje ha deg lell. Elskhug er berre vonbrot og drit. Du hev narra deg med hugsyner lenge nog, dei djevla tanåringsdraumane må du skilja deg av med. Ut med deim! Burt! Røyndi er för fan ikkje slik du trudde den gongen.» 

Kristin (24 år)«Ho finst! Ho er mi! Ho ser! Ho skynjar! Ho ei slik eg hev ynskt meg og leita etter i tie år. Ho stiller all lengtingi, ho gjer meg heilt roleg. Vi känner alltid samma sak.» 


Er'e rart eg er nøgd, undrast eg.

mandag 15. oktober 2012

visdomsord

«I livet elles, i naturen og slikt, begynner alt om våren. Det er vel kjent. På universitetet derimot begynner alt om hausten. Det viser tydeleg kor ute av kontakt universitetet er med resten av livet.»


Ragnar Hovland − Sveve over vatna



torsdag 27. september 2012

minne frå fyrrtidi

(Fortalt av bestemor, augnevitne til hendingi.)

Når: sumaren 2005
Kvar: på hytta til bestemor og bestefar

Systkinbarn (9 år): Hvor er Kristin?
Veslesyster (10 år): På besøk hos kjærsten sin.
Systkinbarn: Hva heter han, da?
Veslesyster vert morsk i augo, set hendene i sida og mesta trampar i golvet.
Vestesyster: HAN?! Det er ikke en HAN, det er en HUN!!!
Systkinbarn: [forstøkt gaping] 

Bestemor heldt på å flira seg i hel og måtte snu seg undan so dei tvo ungane ikkje såg det.






torsdag 20. september 2012

ein glad gut (eller noko)

Det var laurdag 15. september.
Bokslepp, etymologisk ordfest.
Høgtlesing, boksal, leik og lått.
Alle dei beste og næraste som
hadde høve, var der: mor, far,
kjærast, vener. Det var mest
som eg flaug, høgt, lett, ljuvt
både ut or og inn i sjølve meg.
Og signering. Mykje signering.

Å jø, for ein kveld! Sæle meg! 






















Naturfotograf: Anonym kjærast






søndag 16. september 2012

Aasen og folkeslagi

Ordskiftet um framande og farande folk, eller folkeslag, dei kallar, stilnar fulla aldri. Me røynde det fullt ut i sumar, men me røyner det jamt elles òg. Det er eit gamalt ordskifte. Stygg-gamalt. Og etter di eitt av måli mine i livet er å syna all verdi kor gjæv ein kar Ivar Aasen var, skal eg draga honom inn her no. Aasen skyna seg på slikt òg, skal de vita. I minsto tykkjer eg det. I allkunneboki Heimsyn, frå 1875, ser me greidt kor vidsynt og klok Aasen var − um nokon skulde slumpa til å ikkje vita det frå fyrr. No, de kann få døma um det sjølv, her er sumt av det han skreiv um folkeslagi i verdi i Heimsyn (s. 381f):

«Millom dei mange Folkeslag utyver Jordi er sume fjølmennte og megtuge, og sume faamennte og litet vinnande. Um nokre Ætter heiter det at dei veikna og minka av; og um sume av deim hev det og voret sagt at dei hava so litet Vit, at dei ikkje ero fullføre til nokon Trivnad elder Framgang. Men me faa no ikkje tru alt, som me høyra um slike Ting; for slike Smaafolk hava no jamnan den Uheppa at dei verda vanvyrde av dei storlaatne Framandfolk, som ferdast imillom deim, og som alltid vilja tru at deira eigen Husbunad er den einaste sømelege, og at alt anna berre er Vyrdløysa og Villmannskap. Visstnok er der vel ymse Folkeslag som liva i mykjen Villskap med ymis Utru og Used; men so høyra me ogso Merke på at dei sokalla Villmenner paa ymse Stader kunna hava mange store Dygder og derimillom ein stor Vyrdnad for Rett og Sanning etter den Lærdom, som dei eingong hava fenget. Og kvat som no elles kann skorta hjaa desse Folk, so hava me ingen Rett til aa vanvyrda deim, um dei ikkje ero heilt upp slike, som me vilde, at dei skulde vera.»

Som me plar segja: Takk, Ivar Aasen.

mandag 3. september 2012

skisser från sommaren 2012 (samandrag)

Me er inne i september, haustmyrkret drygjer ikkje med å breida og briska seg, lauvet bur seg på å falla. Det er tid å sula upp; draga i hop sumartrådane og gjera ei fletta som er god å halda i når logni og ljoset må vika for kavet og kjøldi.

Her er fletta, tie punkt med fagna minne frå sumaren. 
(Eg åtvarar mot kliss og klin, serleg i fyrste helvti.)


1. Kjærast!
2. Kjærast!
3. Kjærast!
4. Å vera på hytta (og få seg kjærast samstundes)
5. Å vera på hytta (med ein fin skyldfolkflokk)
6. Å vera på Flo (med ein fin skyldfolkflokk)
7. Å vera i lag med eldste veslesysteri (fyrr en ho fór åt Australia)
8. Å sjå og høyra Kent på Operataket, i hyljeregn, med kjærasten
9. Å vera i tvo brudlaup og ingi gravferd
10. Å gjeva ut bok  

Det hev vore ein makelaus sumar.
Den beste eg kann minnast.
Den beste