søndag 6. november 2011

etterspel

Vesle voni fór.
So tynt og tvegi var ho
at berre ei flis stod att −
og då ho endeleg slapp fri,
bori fram med reine ord,
løyste ho seg upp,
og vart eitt med lufti
du anda inn.
Det var so nær eg kom.
Og visste eg det ikkje?
Visseleg visste eg!
Og godt er det,
for vit er eit trufast vern.
Men her finst òg andre,
dulde krafter
som driv sin leik,
som piner og plågar i eino,
som ikkje hev skyn på draum og røynd,
som bit di sterkare
di meir du set deg imot.
Men eg bit ikkje på dykk lenger, hugdjevlar,
eg kjenner meinrådene no. Drag fanden i vald!


So teg still med deg, hjarta,
trur du ikkje eg veit det:
Du syng skjerande falskt.

mandag 17. oktober 2011

um einsemd i tvosamt hus

No: i Bjørgvin.
Millom ymse møte her og der,
sume i vest, sume i aust,
hev eg tvo heile dagar med berre meg og mitt.
Berre meg, berre mitt.
Ingi klokka, ingi folk, ingi uro.

Berre dette: lesa, skriva, vera ute i skogen.

Og tvo dagar er ei høveleg mengd.
Tvo dagar heilt åleine er godt, sunt, sælt.
Eit eige, fritt rom i tidi til å anda og vera i.
Tenkje lange tankar som ikkje vert avbrotne utanfrå.

So er spursmålet:
Er einsemdi best når du er heilt åleine,
eller er ho best når det finst andre som du kann
vera med, um du vil det?

T. Espedal skriv:

«Ole Roberts kone, Marit, hun sier: Han elsker å være
alene så lenge jeg er hjemme.

Det bor et langt kjærlighetsforhold i denne enkle konstateringen,
en helt særegen skjønnhet i dette utsagnet,
det bor en stor kjærlighetshistorie i denne hverdagssituasjonen;
han elsker å være alene så lenge hun er hjemme.»

(Imot naturen, s. 137)

Det er tvo ulike einsemder, dette.
Og eg trur det er glupt å røyna ut båe.
Glupt å finna ut korleis det er,
korleis ein sjølv er, i einsemd.

Men å vera åleine når andre er heime;
det er vel den einsemdi me toler best,
det er den einsemdi me kann halda ut
i mange dagar, vikor, år.

So gjeld det berre å finna den eine som gjer einsemdi tvosam.

søndag 9. oktober 2011

fuglane

Me hev ein meisbolle utanfor kjøkenglaset.
Feitt og talg og eg veit ikkje kva
sveipt i tunne, lette trådar og fest til glaset
med ein hyssingstump (ein André M.R.-spesialitet).

Det er mykje moro for lite pengar!

Sant å segja er det meir en berre moro.
Det er hugsvaling, sæla, selskap,
det er å - næsten bokstavleg tala - få natturi
inn gjenom vindauga. Det er å sjå livet
sprala og falda seg ut, midt i hausten.

Veit de kor mykje gleda slike småfuglar ber med seg?
Desse fjørlette fjøruge fjørballane -
berre syni av deim kveikjer utslitne studentskallar
og seine, blytunge hugar vert snarlette som vengeslag.
Hardknytte tankeflokar løyser seg upp i inkje,
berre fordi ein liten skapnad sit og pikkar
på ein feittball. Eit storsyn, eit under!

For der sit dei, so kvike og lette i rørslone,
hakkar litt i ballen med den ørvesle nebbspissen sin,
glytter ikring seg, et meir, vippar på stjerten
og ser seg rundt endå ein gong, et litt til,
skifter stilling, leiter etter ein retteleg godbit,
so til sist lettar dei, og tjoks!
På ein augneblink sit dei burte i hekken
eller sprett og skvett hit og dit nede i graset.

So sælt å sitja ved kjøkenbordet og høyra ljodet av
meisbolle-med-pipip-på-bank-bank-mot-glaset.

Og tenkja: I'm a bird girl / and the bird girls can fly.

lørdag 24. september 2011

cut me in quadrants

Ein serskild dag er i kjømdi.
Den dagen vert ikkje som andre dagar.
Det er 8. oktober, det er Antony Hegarty.
Å, eg kunde sagt at han er ein av «mennene i mitt liv»,
- han og Ivar Aasen og Jónsi,
dei er gromgutta,
dei er kveikjande kost på dauve dagar,
dei er sprengfulle av umsut og finkjensla og skapingstrong,
eg kann liva på luft og kjærleik til deim -
men er Antony «mann»?
Det veit ikkje eg, og det veit ikkje han heller.
Frigjerande!
Ja, so frigjerande at det mest er uppløysande.

Éi einaste haka er det
ved ljomleiken i Nidaros 8. oktober:
Björk er fulla ikkje med.
For på siste plata hans syng dei i lag,
desse tvo, tvo av dei
mest sermerkte røystene i all verdi,
i lag, på islendsk, briten Antony
på islendsk. Å jø!

Med linor som dette:

Ég fletti rólega bakvið lendarnar hvernig
Ég skafa öldurnar eins og sund fram á við
Leyfðu mér að fletta ofan af mér
Allt sem mig langar í er ad mýkjast öll að innan endalaust


(Eg flettar roleg attum veikryggen, korleis?
Eg skjer bylgjone som eit sund frametter
Lat meg fletta nedyver meg
Alt eg trår etter er ved å mjukna innanfrå, endelaust)

Men Björk hev eg sét i Reykjavík, so.
Antony aldri.
Til no berre ei røyst i spelaren.
Eit sog, eit sus av noko større.
Men no.
8. oktober.




lørdag 17. september 2011

hausten heime

Etter tvo tette dagar med ymse gjeremål og møte i Bjørgvin, på Voss og i hovudstaden, vart det tid til ei ørliti kvild heime i Elverum.
Å, signe barndomshuset!
Mor og far er ute på tur, so det er vesle-veslesyster, hunden og bestemor og bestefar som steller heime. Bestefar kom og henta meg på stasjonen. Dei hev kaupt seg ein nett, liten bil med automatgir og allting. Han spurde kva eg syntest um kjerra:

Eg (snart 24): «Han var fin, denna.»
Bestefar (snart 85): «Å ja'a. Og så er det slik femårsgaranti på'n. Så da, vet du, kan det jo hende at 'n overlever meg, denna.» (humrar)
Eg (tenksam): «Ja...en sku tru det.»
Bestefar: «Men 'a Astrid syns 'n er frykteli lett på rattet, da.»

So kom me heim til det André M.R. kallar ein av dei trivelegaste institusjonane i verdi: Bæssmormædda. Attåt maten baud ho på raudvin og godt selskap. Sidan kom ein ven som vilde sjå gullrekkja med meg. Og slik gjekk kvelden.

Då eg vakna, var det rim i graset, snorking frå hundeburet, kvass og låg sol. Postkassa var stinn av laurdagsavisor, eg høyrde bestefar fyra upp i omnen nede, og snart vilde hunden ut og drita. Han er snild og rar. Og haustlufti er visseleg annarleis i skogkanten heime en på Elgesæter i Nidaros. Angen av blautt lauv på blaut asfalt kann ikkje mæla seg mot angen av blautt lauv på blaute skogsstigar.

Haust i skogen: 1
Haust i byen: 0

tirsdag 30. august 2011

samandrag

Dagane dreg seg i hop no,
krøkjer seg saman til små
ballar som berre trillar og trillar,
runde og glatte.
Ikkje som store askar med tid som skal fyllast.
Ikkje som lange linor med byrjing og ende.

Og det er ikkje myrkret.

Nei, det er ikkje myrkret som sig på
og segjer at no kjem det haust, no kjem det vetter,
det er berre å bu seg til fyrst som sist,
no er dei lange dagane farne.
Nei, myrkret kann berre koma,
det er godt for deim
som likar seg i skjol, det, myrkret.

Nei, for dagane dreg seg i hop
når innehaldet æser ut.

Når folk og gjeremål stend som på rekkja,
når meiningsløysa frå juli kjem lenger undan,
når verdi kjem i gang,
når skallen kjem i gang
når det som var burte og i svevn kjem att,
når alt er i rørsla,
når halvsløkte voner vert kveikte

berre fordi:

No byrjar det att.


søndag 14. august 2011

stol-leiken

«Falla millom tvo stolar», er det noko som heiter. Det kann vera vondt, både for hjartat og rauvi, men det kann òg gjeva hovudet litt å bryna seg på: Kvar skal eg sitja no?

Det finst tvo slike stolar som «vanlegt folk» sit greidt på. Dei sit so stødt og godt at dei radt trur det er uråd å falla millom. Det finst tvo stolar, tenkjer dei, og anten sit du på den eine, eller so sit du på den andre.

Desse stolane heiter kyn (kjønn på sidemålet). Eller meir presist: hannkyn og hokyn. Og kva finst millom deim?

Inkjekyn, kann henda. I minsto er det slik me gjer det i mållæra:
Han - ho - det. Ein - ei - eit. Hannkyn - hokyn - inkjekyn.
Maskulinum - femininum - nøytrum (lat. neutrum, 'ingen av tvo').

Ord kann fint vera inkjekyn, men kann folk vera det? Hev det noko å segja at inkjekyn - «inkje kyn» - er ei slags avvising, eller neitting, av kyn?

Ég veit það ekki, som islendingen segjer. Hadde det vore ein stol millom hannstolen og hostolen, hadde eg sett meg der på flygande flekken. Jau då, jau då, eg hev visseleg skrive um dette emnet fyrr. Men so lenge eg ikkje finn denne millomstolen, er eg dømd til å vera på leiting etter 'n. Trongen til denne stolen melder seg rett som det er. Til dømes når eg skal svara på spyrjeundersøkjingar, og eg fyrst vert bedi um å gjeva «bakgrunnsinformasjon». Alder, bustad og slikt er greidt å svara på, men kva når eg skal setja kryss for um eg er «mann» eller «kvinna». Kvifor finst det ikkje ei rute som heiter «veit ikkje» eller «anna»?

Svaret gjev seg sjølv: Fordi dei som laga undersøkjingi sit godt på ein av stolane. Dei er ikkje eingong firkanta i hovudet, dei er tvokanta. Og me som er litt rundare av oss, er nøydde til å trilla kvilelaust ikring utan nokon stad å finna feste. Finst det feste i det heile?

I Nepal, og sume andre stader, hev dei «innført» eit tridje kyn, eit kyn midt-i-millom, eit som korkje er hann- eller hokyn. Dei hev teke i bruk det personlege pronomenet hin, skriv LLH, men eg mistenkjer at dette er ei norsk utgåva av ordet (etter mynsteret han og hun). Um hin er den nepalske formi, er det sjølvsagt greidt, men um det er ein freistnad på norsk umsetjing, er det ulaglegt: hin er som kjent hannkynsformi av det peikande pronomenet hin - hi - hitt, og det tyder 'den andre (av tvo)'. Og hin skulde vera det tridje!

Same kva: Tanken er god - uvanleg god - og de tek poenget.
Hev nokon ein stol å låna meg?