torsdag 8. juli 2010

tvikyn og tvisyn

tvikyn - å hava tvo kyn (tvikjønn etter gjeldande rettskriving)

tvisyn - evna til å sjå ei sak frå tvo sidor. Her nyttar eg tvisyn (norr. tvísýni) i den gamle tydingi av ordet: 'tvil', 'uvissa'.


Kyn og slikt er i vinden. Eller hev vore det, mest heile våren. Eg skal ikkje segja meir um dét, anna en at eg - um eg MÅ velja lag - held med kynsgranskarane. Ikkje av di eg er samd med deim i eitt og alt, men av di herr programleidaren fór ufint fram. Ein vondsleg siger er ingen siger. Eg held stødt med dei snilde.


So til sjølve saki: Kyn, og serleg tvikyn. Som oftast er det slik at Fridtun teiknar og fortel mest um seg sjølv og sitt, stundom fortel ho meir og opnare en det ho hev tenkt - - slik vert det når ein set seg til og skriv innlegg medan kjensleslusa stend på glytt. De lyt orsaka at eg skriv halvt um meg sjølv og halvt um resten av verdi denne gongen òg. Eg tek i minsto ikkje bilæte av meg sjølv framfor spegelen, og legg det ut. Kann henda skulde eg gjort dét nett no, det kunde vore forvitnelegt, for:


Eg er eit slags tvikyn. Ikkje lekamleg, men klædeleg. Og hårleg. Og skorleg. Og i ganglaget. I mykje av framferdi elles. Å jø og jø, eg er ei gutegjenta, dei kallar. Hev stødt vore det. Hev høyrt det sidan barneskulen. Fyrr var det leidt, no er det greidare (men ikkje heilt greidt hell').


I praksis er det ikkje vanskelegt å vera gutegjenta. Det hender stundom at folk tek i miss og segjer "han" eller "sir" eller "Øhh...Kristian?" til og um meg, men det kann eg liva med. Kruna på verket var då ei eksamensvakt braut ut, i det eg var på veg inn på damedoen, at: "Dette er for damor!" Det var fulla ikkje so greidt for henne å sjå kva slag eg var, der eg langa i veg i skyrta, brokselar og sikspens, kortklypt og lutrygga, med hendene djupt nede i lummone. Men alt dette kann eg fint liva med. I praksis er tvikyningi greid. Det er verre um me tek fyre oss det språklege:


Me hev som kjent tvo kyn: hannkyn (mann/gut) - hokyn (kvinna/gjenta). Nokon (det skil ikkje kven) hev tenkt seg fram til at desse umgripi "treng" kvarandre, det eine finst ikkje um ikkje det andre finst. Hannkyn og hokyn er som utsida og innsida, upp og ned, her og der. Det eine krev det andre, elles gjev det ikkje meining. Tja, det heng i grunnen på greip. Men kva når desse umgripi er ihopsette til eitt ord? Til dømes gutegjenta?


Ein gut skal visst vera noko anna en ei gjenta, og ei gjenta noko anna en ein gut. Å vera litt av båe - gutegjenta - må vera plent uråd, for umgripi gut og gjenta "treng" kvarandre berre på den måten at dei skil og avgrensar kvarandre - det eine er det som det andre ikkje er - me kann ikkje blanda og sameina deim. Er det då slik at ord som gutegjenta løyser upp og stryk ut alle grensor?


Ikkje veit eg. Her kjem tvisyni ('tvilen', 'uvissa') inn. Kyn er då so mangt, segjer dei. Likevel skal eg freista løysa denne gutegjenta-floken. So fær me sjå kvar det ber:


Me kann segja at sume folk er naturlegt tvikyn, og sume er kulturlegt tvikyn. Dei fyrstnemnde er tvo kyn, dei sistnemnde ter seg som tvo kyn. (For transseksuelle er det heile meir innfløkt - eg vågar ikkje og hev ikkje kunnskap til å gjeva meg i kast med det her). Eg meiner eg høyrer til den kulturlege flokken. Likevel skal eg ikkje stengja ute den tanken at eg er fødd som eit slags "millomkyn": Eg er naturlegt hokyn og kulturlegt hannkyn. Det er noko anna en transseksualitet. Og no skal du høyra noko rart: Eg trur at kulturlegt tvikyn er likso mykje medfødt (æh! fårlegt ord!) som naturlegt tvikyn. Eg hev i alle fall stødt tett meg og klædt meg som ein gut, og det hev inkje med uppseding og kulturell innverknad og språk å gjera.


No undrast du kann henda korleis noko kulturlegt kann vera medfødt. Kva i alle dagar meiner eg med det? Ja, du spyrr - - kann henda meiner eg at naturleg tvikyn er lekamlegt og synlegt, medan kulturleg tvikyn er meir "åndelegt" og difor kann vera usynlegt (t.d. når kulturen ikkje gjev gjentone løyve til å te seg og klæda seg som gutar). Kann henda er ikkje naturlegt og kulturlegt dei beste ordi. Tru um fysisk og psykisk er betre? Er eg psykiskt tvikyn? Ho-hoi, dette fløkjer seg meir og meir i hop!


Det er klårt som dagen at eg aldri kjem til å finna ei løysing på desse greidone. Fylgjeleg kjem dei til å kverna um i skallen heilt til min døyande dag. "Ver den du er!" segjer folk. Det er greidt, eg kann ikkje vera nokon annan. Sant å segja likar eg godt den eg er. Og eg legg ikkje band på meg - det gjer ingen andre hell. Eg er sæl som er fri til å gjera og vera mest som eg vil.


Spursmålet er ikkje kven eg er, men kva eg er. Kann henda var ho ikkje so heilt på jordet, ho som sagde dette til meg på barneskulen: "Kristin, du er liksom gut utanpå og gjenta inni". Eller var det motsett? Ææh - dette ber lukt inn i galenskapen!

6 kommentarer:

dativfleirtal sa...

sera fínt! ei gong i fjor gjekk me ein liten gjeng på transgender-seminar. me vert aldri meir som før; finst det to eller tre kjønn der ute? og korleis skal dei definerast? og kva når ein ikkje passar inn i nokon definisjon? og ikkje KOM med legningane, då vert det endå verre (eg går med dette inn for at alle har si eiga individuelle orientering, då vert alt så mykje greiare)!

men oi, for eit spanande emne! eg trur ikkje NOKON har peiling, eg trur ikkje me nokonsinne kjem til å få oversyn eller kontroll eller kva me ynsker, men kjekt er det!

fridtun sa...

Å, dativfleirtal, dette var det mykje trøyst og hugsvaling i! Eg er ikkje i tvil um at det er mange kyns-tvilarar der ute, men det er lett å gløyma, når ein let seg gløypa i si eigi uvissa. So hjarteleg takk!

steinraus sa...

Storfelt innlegg detta. Og jo, ein kann verta galin av mindre. Vi er fødde inn i ei verd kvar vi steller spursmål, med krav som ikkje røyndi hev. For eit dyr er det nok å vita av instinkti sine; di vi, mun meir hava. Og sidan freistar vi stykkja ho opp med grovt nok skil til at det er monaleg. Nietzsche prata om det her - at å segja eit tré var eit tré var faktisk ein slags vald mot tréet. På mikroskopisk høgd er alle tre sereigne og veldig vakre med eigne formir.

Eg skal leggja inn ein link åt bloggen din snøgt!

Silje sa...

Jeg liker at du bøyer deg unna alle kategoriene og organiseringene, Kristin. Til syvende og sist gjør det deg til den jeg kjenner som mest av alle er bare _menneske_. Og det synes jeg er fint.

fridtun sa...

Steinraus: Jø og jø, her var det mykje gildt! Då tenkjer eg både på formi og innehaldet, dei kallar. Du kann banna på at eg kjem til å glytta innum "steinrausa" di tidt og ofta.

Silje: Og du er den eg kjenner som best av alle ser beint igjenom meg - utan at det kjennest trugande og uhyggjelegt. Ja, eg hev sagt det eit utal gonger fyrr, veit eg, men eg måtte segja det no att. Kann henda ser du beint inn til mennesket av di det ikkje er noko utanpå som stengjer for eller grensar av? Dette var kor som er godt å høyra. Frå no skal eg slå meg til ro med at eg er menneske. Og før i tida var menneske eit fullt ut kynsnøytralt ord. Det sit som støypt.

steinraus sa...

Takk, Kristin! Eg skreiv nyst eit slags kåseri om nynorsk-normeringi. Språket er så som så, men om de gjæve høgnorsk-folk hev respons, set eg pris på det.