søndag 16. januar 2011

hugleik

Det hev vore reint for mykje hjärta & smärta og anna kjenslegrums her den siste tidi. No skal lesaren få litt å prøva seg på! Aktivisering, heiter det radt.

Eg er som kjent sers veik for hug-ord. Sagt med andre ord: D'er hugnad i ord med hug i! Dei gamle skaldane var òg veike for hug-ord. Skriftene deira fløymer av hug. No skal de få lauga dykk i det same. Og berre so det er sagt: hug kann tyda mangt og mykje, millom anna 'tanke, sinn, lyst, mod, lynde, stemning' og dilikt. Eg plar tenkja at hugen, det er alt som er inni, både i hovudet og i bringa. Hugen er alt det som ikkje er handfast; han er alt det som sviv og driv inni oss, det me liksom kann sjå og kjenna på innsida. Hugen er ei underleg ovring.

Uppgåva er ikkje vanskeleg i det heile: Her kjem fem hug-ord (i vilkorleg fylgd) med tyding attåt. De skal stilla upp ordi på den måten at ordi de likar best er 1, det næst beste er 2, og so burtetter. Det er ikkje naudsynt å koma med grunngjeving for kvifor de gjorde det slik og slik, men de må gjerne gjera det. Her er ordi:

hugsyn - fantasi, idé, fyrestelling, tankeprodukt
hugleggja - få kjær, forelska seg i, få interessa for
hugsvaling - trøyst, kveik, lindring
hugsviv - innfall, tanke
hugbera - tenkja på, hava godhug for

Til lukka!

Og elles: Ordi hyggje og hyggjeleg er avleidde av hug. Difor byd eg at de hyggjer dykk med uppgåva!


Og elles II: Dei kjende ramnane til Odin heitte Huginn (Hugen/Tanken) og Muninn (Minnet). "Hugen fer so vida", som det heiter hjå Ivar Aasen.

fredag 17. desember 2010

skidløyping

Ja, i går flaug eg på skidor att.
Det var sesongdebuten, som 'n far segjer.
Han og eg drog til Budor (Løten), der var det nøgdi med snjo. I skogen heime er det enno snaudt med slikt. No lyt det snart koma meir!
På Budor var det snjo. Og vind.
Snjofall og snjodriv.
Lause og stundom attdrivne løypor, men det gjer inkje.
Me klædde oss inn og langa ut, han fyrst og eg etter.

Å jø, kor gildt!
Berre den kjensla - - å fara som ein føyk
yver mark og knaus, innimillom tre og tuvor, svosj!
Det gjer godt å tøygja og strekkja seg ut,
sparka og spenna ifrå og fjuka fram,
serleg for den som elles sit krøkt yver ei bok
hell eit skrivearbeid.

Bringa blæs og kjakane raudnar i kaldlufti,
far dreg ifrå upp bakken - den gampen!
Skjera seg gjenom skavlar av lette, turre snjokorn,
susa ned og rundt ein sving,
berre vera i jamt sig og fylgja tanken som driv
hit og dit i skallen, fri og lett som snjoføyken.

Me gjeng ikkje for skuld "trimmen",
skal ikkje vinna og rekka noko,
skal ikkje øva oss til noko toskut skidrenn
og greida eit verdlaust skidmerke av eitkvart slaget -

Skal berre kjenna den kjensla, flyten, drivet,
og sitja sveitte i bilen heim att
og vera litt stive og rare
i veikryggen, gleda seg
til næste ferdi, til meir spel og sprel,
på desse skarve fjølene me kallar skidor.



torsdag 25. november 2010

undrast kven han var...

...han som sat med fjørpennen sin og krota ned den soga eg sit og syslar med kvar dag. Eller, krota er fulla ikkje rette ordet, for det var gløgt uttenkt og godt utført, verket hans.


Når me sit slik med eit verk, anten det er ei soga hell ein roman hell eit dikt, og borar oss inn i det og snur og vender på det, so lenge og med so mange tankar og trådar fljugande gjenom skallen, er det lett å gløyma at det var ei hand som fekk det i stand. Ei vanleg, varm hand som tok burti braud og dører og barnekinn, just som andre hender.


Eg tenkjer litt på desse hendene når eg takomtil ser på handskriftet (eit av mange) av soga um Kroka-Rev. Det er ikkje eit av dei vænaste handskriftene, og langt ifrå eit av dei eldste og gjævaste. Men det er no eit gamalt skrift lell, skrive ein gong millom 1660 og 1675. Og eit gjævt skrift, av di eg kjenner so godt til soga som skriftet fortel um. 


Du kann skynja det at du skal få sjå godsakene. Bilætet (eller, faksimilen) av handskriftet AM 552 f 4to fann eg her.




Fint, eller kva?

torsdag 23. september 2010

Fridtun fortel um Fridtun

Dette vesle vevritet heiter Fridtun teiknar og fortel. Det er ikkje so underlegt, med di teiknaren og forteljaren heiter Fridtun. Men kvifor heiter ho Fridtun? Kva tyder Fridtun? Kvar kjem det frå?

Me lyt litt sud og litt vest. Til Flogrendi i Uppstryn, Nordfjord. Der låg det ein gard som heitte Kolbein-bruket, og i snart fire hundrad år hev bruket gjenge frå far til son. Brukarane hev heitt anten Kolbein eller Jon. Kolbein, Jon, Kolbein, Jon, Kolbein, Jon. No er der ein Kolbein. Men 29. september 1867, for snaudt 143 år sidan, kom ein Jon til verdi. I 1895 fekk Jon skøyte på bruket, og då tok han namnet Fridtun. Jon Fridtun. Farfar til min farfar. I Årbok for Nordfjord (1967) skriv Olav A. Loen:

"Han [Jon] hadde då alt i mange år emna på dette namnebytet. I ein song frå 1892, "Heimhug", syng han om "det fagre Fridtun på høge haugen" (1967: 35).

Her skal me merka oss tri ting: 1) Garden Fridtun ligg høgt og fritt i lendet; 2) Jon var skald og målmann; 3) Jon skreiv um heimhug.

1) Det fyrste fyrst:

Garden ligg fint til. Her er fritt og ope, vænt utsyn, til vatnet med bratte lider og høge fjell ikring. Å, de veit, Vestlandet.

2) Dinæst det andre:

Jon lærde seg landsmål sjølv, og var ein heilhuga målmann. Ikkje so heilt ulikt meg sjølv, berre at eg er målkvinna (og at eg lærde litt nynorsk på skulen). Kor som er, Jon var sers uppteken av det norske målet. Dessutan var Rasmus Flo morbroren hans. Rasmus Flo som skipa midlandsmålet i lag med Arne Garborg, Rasmus Flo som var den einaste som fekk retta på målet til Arne Garborg, Rasmus Flo som sette um dei innfløkte skaldekvædi då Steinar Schjøtt skulde gjeva ut Snorre (1900) i norsk målbunad. Rasmus og Jon var nære vener. Og som nemnt var dei upptekne av norskt mål båe.

So var det namnet. De skynar sjølve kva lekken -tun tyder for noko. Lekken frid- i Fridtun hev mange gilde tydingar. Det gamalnorske fríðr tyder millom anna 'væn', 'gild', 'god', 'fredeleg'. Og i Norsk Ordbog (1873) tyder Ivar Aasen ut frid slik: 'deilig, vakker, smuk. [...] lidet brugt, da det her udtales fri og altsaa falder sammen med et andet ord'. Med andre ord: frid er ikkje heilt det same som vårt fri, men ikkje so heilt ulikt heller. Me skal òg merka oss at i "Stein-køyrar-vise" frå 1903, heiter hesten på Fridtun Frida. Han gjorde ikkje noko halvveges, den karen!

Fridtun. Eg tykkjer det er eit gildt namn, jamvel um det er temmeleg ungt og tillaga. Og det synest at ein målmann og skald stend attum det.

3) So var det visone hans, og heimhugen.

Loen skriv at songane som Jon Fridtun yrkte oftast var hugvarme og kjenslerike, men at sume òg var radt skjemtande (1967: 37). Til denne skjemtande flokken kann me fulla rekna "Rjomegrautvise" (1906), her er andre strofa:

Flink var kokken,
god var mokken,
rjomen tjukk og feit.
Hev de' fenge greier
- ja, eg meiner skeier,
upp dei taka,
grauten smaka
no me han er heit.


Millom dei hugvarme og kjenslerika visone kann me rekna "Kan det finnast meir sæle på jordi". Sistestrofa gjeng soleis:

Kan det finnast meir sæle på jordi,
enn når kjærleik tek kjærleik i famn?
Kan der leggjast slik varme i ordi,
som når gjenta di kviskrar ditt namn?
Hennar smil er ein song
med den reinaste klong,
som deg fylgjer og lettar din gong.


Ja, og so var det denne heimhugen. Jon dreiv ei tid og selde målbøker for Mons Litlere, fór ikring i Rogaland, millom anna. Men Loen skriv at Jon var sterk bunden til heimbygdi og fedragarden, og tidt stunda heim. Det ser me greidt i ei visa han skreiv på denne bokferdi si, "Heimhug", frå 1892. Her kjem tridje strofa:

Eg lengtar heim til min fedragard,
det fagre Fridtun på høge haugen
- til djupe gjelet, der oldefar
i myrke kveldar tidt høyrde draugen.
Til bekkjarbrusen
og elvarsusen,
som vekkjer draumar og tankar tusen,
- eg lengtar heim.


Det må vera frå honom eg hev ervt denne tærande heimtråi mi. Eg skal skriva meir um visone hans sidan, for det er mangt gildt der.

Jon Fridtun vart ulækjande sjuk tidleg, og han døydde 16. august 1914, snaudt 47 år gamall. Då laut sonen taka yver garden, berre 16 år gamall. Hau! Men Fridtun-namnet, det skal få liva lenge, er von.

tirsdag 7. september 2010

eit ord for alt

I siste Dag og Tid hev eg på prent eit stykke um yndlingsordet mitt:

Hug. H-U-G.

Det er ikkje alle som les Dag og Tid (kvifor gjer dei ikkje det?), men hug er eit ord som alle bør kjenna til og vita litt um. Difor klistrar eg inn stykket mitt her, og vonar de hev hug(!) til å lesa.



Eit ord for alt


Kan eit ord på tre bokstavar femna om alt du er?


Det stutte og smålåtne ordet hug ser tvers igjennom deg. Støtt ligg det og vaker over deg, støtt er det butt til å skildra deg frå ende til annan, frå ytst til inst. Det er noko dimt og dragande over heile ordet: Hug.


No tenkjer du kan henda at hug er eit fint og klangfullt ord, litt svevande og gamalvore, det passar fint i dikt. Helst i gamle dikt, som hjå Aasen og Vinje, eller Vesaas og slike. Det er ikkje so underleg at me tenkjer slik, for dette vesle ordet er snautt i bruk i dag. Hug er umoderne, og litt rart. For kva er ein hug? Kvifor treng me dette ordet?



Hugleik

Hug er eit eldgamalt ord, og det har liksom vorte eit erkenynorsk ord attpå. Hugleik og hugnad – kan det verta meir nynorsk enn det? I over tusen år har hug tydt ’tanke’, ’sinn’, ’lyst’, ’mod’, ’lynde’, ’stemning’ og liknande. Me skulle kanskje tru at eit ord med so store og djupe tydingar er so uklårt og vidfemnande at det er reint ubrukeleg. Med hug er det tvert om. Me treng slike samleord. Kor mange av oss er i stand til å skilja skarpt og greitt mellom tanke og sinn? Mellom lyst og lynde? Di meir me prøver å skilja dei åt, di meir fløkjer dei seg i hop.


Hug er gjævt fordi det dekkjer alt det som er inni oss. Å leva er mest som å ta seg fram i ein tettvaksen skog av tildriv og tankar, kjensler og stemningar. Støtt er det noko som sviv og driv inne i oss, me veit ikkje kva, men det er der. Alt dette er hug. Eit stutt, men stort ord. Litt svevande òg. Om me vil snevra inn tydinga og streka under noko særskilt ved hugen, er det berre å leggja til noko føre eller etter hug. Som ihuga, eller hugleik.


Hugleik kan sjå ut som eit ovnynorsk tulleord. Men hugleik, leik i hugen, er ikkje meir mystisk enn ’fantasi’ og ’tankespel’. Stykket du no les er òg ein slags hugleik, men i ei litt anna tyding: ’Leik med ordet hug’.



Huginn og Muninn

Før i tida nytta dei hug tidt og ofte, og dei visste å gjera bruk av den vidgreinte tydinga av ordet. Den som leitar i gamle kjelder, finn eit utal hug-ord for alle slags rørsler og drag inni oss. Berre i Norrøn ordbok finn eg drygt to hundre slike ord. Kvar har me gjort av alle desse orda?


Rett skal vera rett: Somme hug-ord brukar me nesten kvar dag. Hugsa er eit vanleg verb, og ”koma i hug” er ei temmeleg vanleg vending. Hyggja og hyggjeleg ættar òg frå hug. Verbet hyggja tydde opphavleg ’tenkja’, ’tru’, ’meina’ og liknande, og hyggjeleg (norr. hyggiligr) tydde ’tenksam’ og ’klok’. Dei var kanskje særs glade i tenking og tenkjarar, dei som tok til å nytta hyggjeleg i tydinga ’triveleg’?


Det finst hugar som ikkje er fullt so trivelege. Me plar ikkje halda ramnen for ein hyggjeleg og omtenkt fugl, men ein av ramnane til guden Odin heiter like fullt Huginn (’hugen’, ’tanken’). Den andre ramnen heiter Muninn (’minnet’), og desse to flyg rundt om i verda og kjem heim og fortel Odin det dei har sett. Når sjølvaste sjefsguden, Odin, ikkje greier seg utan hugen (Huginn), korleis skal me vanlege døyelege greia oss utan hug-ord?


Me ser ut til å greia oss temmeleg godt, jamvel om mange hug-ord no er avløyste av meir ”moderne” ord. Me seier helst tendens i staden for tilhug eller hugdrag, forelska i staden for hugleggja, og idé i staden for hugskot. Er denne utskiftinga eit tap eller ei vinning? Sjølv meiner eg det er eit tap, men det seier seg i grunnen sjølv, når hug er det gildaste ordet eg veit om. Skal tru kva som er so gjævt og hævt med hug og hug-ord?



Det rann meg i hug

Ein føremon med hug-orda er at dei seier noko om korleis ting ter seg inni oss. Eit hug-ord er aldri berre eit ord, det er jamvel ei skildring. Til dømes er hugvill eit godt ord for ein som er fælt usikker og tvilfull og virrar att og fram i seg sjølv. Dei sjeldsynte orda hugrenning og hugskot er langt meir skildrande og gjennomsynlege enn det vanlege ordet idé. Me plar seia at me ”får ein idé”. Verbet vert litt for tamt og tomt i denne samanhengen, for kva kjenner du inni deg når du får ein idé? Det er vel mest som noko renn i deg eller skyt opp i deg?


Me skal sjå litt nærare på idé. Ordet har greske røter (idea), og det kan tyda både ’utsjånad’, ’slag’, ’form’ og ’omgrep’. I dag nyttar me helst idé om ’tanke’ eller ’førestelling’. Desse tankane og førestellingane kan vera av (minst) to slag: Anten er dei temmeleg støe og varige, eller dei kjem brått og utan førebod. Hugskot er som sagt eit råkande namn på det sistnemnde slaget, men opphavleg femnde hugskot både den ”seine” og den ”snøgge” tanken. I norrøn tid kunne hugskot tyda både ’innfall’ og ’tanke’ – og jamvel ’sjel’ eller ’samvit’.


Islendingane er kjende for å ta godt vare på det gamle målet, og dei nyttar langt fleire hug-ord enn me gjer, som ventande er. På Island har dei ei makelaus nemning for ’idé’: hugmynd. Dei kan òg nytta hugrenning eller hugsun om ’idé’, men her skal me saumfara hygmynd.



Hugsyn

Det gamle ordet mynd kan tyda so mangt, mellom anna ’form’ og ’bilete’. Hugmynd tyder fylgjeleg ’tankeform’, ’bilete i hugen’ og liknande. Det heng på greip: Ein tanke er mest som eit innvertes bilete. Spørsmålet er berre: Korleis kan me sjå dette biletet?


Det norrøne målet kan gjeva oss svar på det. (Dei tenkte visst på alt den gongen!) Me såg nyst at hugskot tydde ’tanke’ i norrøn tid. I same tidsromet hadde dei ordet hugskotsauga, det tydde ’auga til tanken (eller sjela)’. Vel, då er saka løyst: Me har ikkje berre augo som ser ut, me har endåtil eit auga som ser inn. Framifrå!


Eg skal vedgå at eg ikkje har undersøkt korleis hugskotsauga er nytta i dei gamle kjeldene, so denne anatomiske nyoppdaginga må du ta med ei klype salt. Men ettersom dette stykket er ein hugleik, og ikkje ei strengt vitskapleg utgreiing, skal me leika endå litt meir med hugskotsauga. Korleis verkar dette underlege innsideauga, tru? Er det kopla i hop med dei vanlege augo?


Det er likt til at me kan nytta båe augeslaga samstundes. Me kan fint ”sjå” tankane våre med innsideauga medan me har utsideaugo opne. Noko anna ville vore livsfarleg. Likevel ser det ut til at hugskotsauga arbeider best når dei andre augo er ute av drift, for kva gjer me når me dagdrøymer og fantaserer og tenkjer so det knakar? Me plar lata att augo.


Når dei vanlege augo er attlatne, råder hugskotsauga grunnen åleine. Då er det ikkje so underleg at hugsyn er eit anna ord for ’fantasi’: Me ser føre oss noko inne i hugen. Sant å seia tyder fantasi (gresk phantazein) nesten det same, nemleg ’gjera synleg’. Men kor mange av oss kjenner dei greskrøtte orda ut og inn? Hugsyn er eit greitt og lettskjønleg ord, jamvel om me nyttar det om innfløkte og uhandgripelege saker. Ordet er nesten for godt til å vera sant.



Hugen fer so vida

Meiner du framleis at hug er eit ord som høver best i gamle dikt? Eg skal vedgå at dei gamle skreiv godt om hugen, og Ivar Aasen best av alle. I visa ”Hugen”, frå samlinga Symra, set han hugen i hop med draum og straum. Der trur eg hugen likar seg godt. Om du synest strofa nedanfor vert treig og seig å lesa, kan du freista syngja henne til tonen ”Kjerringa med staven”:



Hugen fer som Draumen
att og fram i Straumen.
Fram i Vegen vist eg ventar meg ein Skatt;
naar eg kjemer der, so er han burte radt.
Hugen fer so vida.


Det er sant: Hugen er gåtefull og uhandgripeleg som draumen, og han er støtt i rørsle, som i ein straum. Hugen fer so vida. Ramnen Huginn fer òg vida. Kva om me let hug-orda flyga litt vidare òg?




Ekstramateriale:

Hugdiktaren
Mange diktarar har lagt elsk på hug-ord, og somme meir enn andre. Me kan trygt kalla Kristofer Uppdal for ein hugdiktar: Romanen (ikkje 10-bandsverket) Dansen gjenom skuggeheimen (1921-utgåva) er på drygt to hundre sider, men boka romar bortimot tretti ulike hug-ord: elskhug, hugnad, bråhuga, hugmykjne, hugbrend, hugsvala, hugsykja, godhug, hugteken, hugiltet, huglagd, hugsyner, hugram, hugnadsamt, hugkvide, hugsviken, hugsnikja, hugbunden, hugmykja, hugnadleg, hugvekkja, hugill, hugstolen, hugskot, hugsloppen, ihuge, hugsvaling.

mandag 23. august 2010

helsing frå eit postkort



Her hev eg vore den siste vika. 


Kav åleine, midt millom tvo nasjonalparkar. Femundsmarki og Gutulidi, heiter dei. Ikkje hev eg tala ved ein einaste kjeft - undanteke ho i kassa på Elgå (eg sykla til kooperativen og skulde kaupa sukker og gjær - - nei då, det var berre såpa og mjølk) og undanteke nokre stutte samtalar med Heimen. Kav åleine, men ikkje serleg einsam.


Der finst mange gode grunnar til å fara upp hit. Denne gongen var det at eg vilde hava det fritt og fredsamt, og ikkje trongt og mødesamt, slik det jamnast er på universitetet når haustsemesteret tek til. Eg hev slik ein mothug mot styr og storm og uppkava, folkefulle stader. Det er ikkje berre det at eg ikkje likar det, det er plent so eg ikkje kann halda det ut. Ugreidt, er det. Difor fór eg hit.


Og kva gjorde eg her? Skreiv og las. Eg skulde fara til fjells og gjera masteren feit, må vita.


Det er dét som er so gildt med masterstudiet: Du er fri til å skipa tidi di som du vil. Du kann arbeida kvar du vil, når du vil. Til dømes her, når det er faddervikebaluba på Dragvoll. Her er god arbeidsro. Inkje verdsvev, ingen ærend på bibliotek eller instituttkontor, ingen avtalar eller møte, ingen andre å taka umsyn til. Tarv ikkje klokka eingong. Berre eit stort kjøkenbord med utsyn mot vatn, skog og fjell, og på bordet ligg ein liten varde av lærde bøker. Masteren vart fulla ikkje reint feit, men drjugare vart han. Og so totte eg mest som at eg fekk tenkt meir, eller, eg fekk tenkt lengre. Det var som eg tenkte i lange, beine linor, i staden for i småe, stutte stykke


Det må vera denne friske fjellufti. 


Dessutan er det ikkje heilt sant at eg var kav åleine. Her var liv og låt på alle sidor. Stundom kom det reinsdyr til tuns. Dei gjekk og åt og meig og dreit, og eg, som helst gjeng berrføtt, laut moka klinkekuledrit frå steinhellone. Ein dag såg eg ein ørliten, mørkebrun reinsdyrkalv som stod sleikte regnvatn frå utebordet. Då vart eg reint verpesjuk! Elles hev eg set både fuglar og fisk og flugor, for ikkje å gløyma harepusen som brådt sat i tunet ein dag. Jau, og ved veslehuset hev mauren laga seg ein diger stig - mest som ein ti-felts motorveg å rekna. Eg plar sitja med med opi dyrr og fylgja med på alt som ber til i maurgata framfyre meg. Dei held på stødt. Dei er uppe når eg vaknar, og uppe når eg sovnar. Dei fer fram i ei rasande fart, men når kjøldi kjem og det nærmar seg null grader, då kryp dei so seint og stivt at dei mest ikkje er til å kjenna att.


Eg møtte nokre knott òg, men dei etlar eg ikkje skriva stort um.


Ja, det var eit gildt upphald. Éin dag var lufti so still og mild og tindrande klår at eg ikkje visste kvar eg skulde gjera av meg. Aasmund O. Vinje skreiv: "Her er so vænt, det kann meg grøta", og det vart umkvædet mitt den dagen. Det må vera greidt å lata seg hugtaka heilt burt i veggjene stundomtil. 


Vonleg skal eg attende hit til postkortet uti september. Til sprakande, illraudt lauv, morgontåka og krutsterk kokekaffi. Ho-hoi!


tirsdag 3. august 2010

"Tur gutu'n!" og andre dyreforteljingar

So mykje rart kann henda når du bur på fjellet um sumaren. Dyrelivet er annarleis der en midt i byen, til dømes. (No reknar eg ikkje med urbane elgar.) Her kjem eit par stutte stubbar med Dyreminni fraa Sumaren 2010, med bilæte attåt. Kann henda vert det fleire òg - eg skal uppi der att um ei drjug vika.


I. "Å hen vart det 'ta 'n?" 


Tri gonger sat det ein liten hareunge attum veslehuset vårt, men brådt vart 'n burte. "Å hen vart det 'ta 'n?" tenkte eg då. Svaret gjev seg sjølv: Ingen veit kvar haren hoppar. Det er eit ordtøke, dei kallar, og no fekk eg stadfest til gagns at det er vonlaust for eit vesalt menneskeauga å sjå - og dimed vita - kvar haren hoppar. Denne vesle spretten tjoks og floks millom tette og lyngklædte tuvor, og vips! so var 'n heilt burte.


Me tek det ein gong til, i langsam film:


Far min plar vakna tidleg. Tidleg = "før fuggeln fis", som ho mor segjer. Far min var ute tidleg ein morgon, og då såg han den vesle hareungen fyrste gongen. Ungen hoppa litt att og fram, alt etter kvar far min stod, og so spratt den vesle pelsballen burt eller sokk i jordi eller kva me no skal segja. Burte vart 'n. Nokre timar seinare stræna eg i veg mot veslehuset, heilt i mine eigne tankar, som vanleg, og der! Noko brunt rørde seg i lyngen, ein halv meter ifrå meg. "Ein fugl", tenkte eg. Men det var mest som ingi flaksing med venger og slikt. Eg snudde meg, og fekk auga på ein liten rund sak med lange øyro som sat kurr still millom tvo tuvor. Herre min hatt so liten han var! Um lag som ein handball. Og han sat heilt heilt still og eg trur han tenkte noko slikt som:


"Um eg berre sit heilt urørleg her og held pusten og ikkje ledar på so mykje som eit augnelok då kann dei fulla ikkje sjå meg, nei då, eg sit her berre heilt heilt still eg, ja, det gjer eg, å, jø, kvar er mor, no når eg treng henne som mest, å ve meg! Nei, no spring snart harehjarta i bringa på meg, hjelpes, tei still, sit still, kvifor stend denne tausi berre der og ser beint på meg, eg er då ikkje her, ikkje i det heile, nei, eg er berre ein roten stubbe eller noko, lalala, sit still, still, nei, nei dette - dette gjeng ikkje godt!"


Og dimed fór ungen upp frå det vesle gøymet sitt og i ei rasande fart byksa og spratt han hit og dit, rett framfor augo mine, sjoks millom tuvor og lyng, og so var 'n burte att. "Han er burti her", sagde far. "Nei, han sprang då hit" sagde eg og peika i motsett leid. Me fann ikkje att 'n. Der lurde du oss, gut! Til alt hell greidde far å knipsa eit bilæte medan pjusken sat still og stiv av redsla:




II. "Tur gutu'n!"


I nordfylket er det samar, og der det er samar, er det tamrein. Stundom, i alle fall. Og reinen elskar å standa midt i vegen sleikja salt og andre godsaker. Dei ottast ikkje bilar - tvert imot. Dei stend i ro heilt til bilen er ei fingerlengd ifrå deim, og då læst dei som dei skal springa til høgre, til dømes, men med same du svingar til vinstre og vil koma rundt, tverrsnur dei og flyg til vinstre, dei òg, rett framfor kjerra. Undersame dyr.


Syklistar er det ikkje lika glade i. Difor er det morosamt å rasa midt imot ein flokk med rein, på sykkel, og endå morosamare er det når vegen er so ujamn at du MÅ syngja "Hompetitten-hompetatten-hompetitten-teia, mjølkeruta kommer ifra Stomperud på heia" og so burtetter. Når du er eit lite stykke undan dyri, kann du ropa "Tur gutu'n! Her kjem mjølkeruta!", og då skvett og sprett dei ut i grøfti og kalvane finn mor si og gøymer seg attum henne. Stas! 


Ordlaget "tur gutu'n" - eller 'ut or vegen', som det tyder - høver sers godt nett på denne staden, for Gutulidi nasjonalpark ligg berre eit steinkast undan. 


Her ser de ein av mange Rudolfar:



III. Elg i myggnedgang


Far og eg hadde ein haug med storgilde turar, og ein av turane vart betre en me hadde trutt han skulde verta. Det var ein varm og kvæv dag, heilt vindstill, litt skyer. Det hadde regna litt tidlegare, og då veit de kva som hender: Myggen legg seg som eit tjeld yver all verdi og let ingen sleppa undan sugestellet sitt. Eg laut tulla meg inn i regnjakka mi endå det var tjuge gradar, minst, og inkje angar betre en sveitte, tykkjer myggen. So der gjekk me, varme og keide med ein hale av blodsugarar etter oss.


Det vart so smått betre då me kom litt uppi høgdi. Likevel avgjorde me at det greidaste var å koma seg ned og heim att. Me hadde snaudt teke til med nedstigingi, då noko rørde seg i augnekråi. Det var ikkje ein mygg, men ein elg! Nei, tvo! Ein stor og ein liten. Den vesle hakk i hæl etter mor si. Eg fekk hug til å putta den vesle uppi sekken og taka honom med meg heim. Det vart ittno 'ta det. Men jø, for nokre dyr! Eg gissar dei var på veg til kooperativen og skulde kaupa mjølk og braud og kann henda ein is til veslekalven. Og etter denne storfelte syni, vart myggen burte. Heilt sant!





Snipp-snapp-snute!


Ja, og dessutan vart eg ven med ei liti og rund skogmus som budde lika attmed hytta, men ho fekk eg ikkje knipsa noko bilæte av, so det fær verta ein annan gong.