onsdag 9. juni 2010

keisaren og (skogs)kongen - Caesar og elgen

Laurdag som var hadde tvo elgkalvar villa seg ned i byen. Der stod dei heile dagen, innestengde på ein byggjeplass attmed St. Olavs hospital. Eg kunde glytta ut glaset, so såg eg deim. Andre tok med seg bikkjor og ungar og vogner og blitzregn og gjekk heilt innåt, mest som dei var i ein dyrehage. Ja, det likte fulla dei ville elgane, å vera kringsette av glåmarar med slikt eit ståk og styr! 


Nei, skal du sjå elgen, skal du sjå honom i skogen. Han er ikkje ein hest.


Han godaste Iulius Caesar (100-44 f. Kr.) hev skrive sumt um elgen. I storverket Commentarii de bello Gallico (Uppteikningar um gallarstriden) fortel han um ufreden med folket i Gallia, men han skildrar òg landskap og lende, seder og skikkar, folk og fe - og i bolken um Germania (bok seks) skriv han litt um dyreslagi der. No skal de få ein smakebite frå dette gilde verket som hev vore pensum i drjugt 2000 år. Eg hev sett um stubben der han fortel um elgane og korleis me fær tak i deim. Morosame saker! 



1
Sameleis finst det nokre kvikjende som me kallar elgar.
2
Elgane likjest geitene på skap og båe hev spreklutt feld, men elgane er litt større en geitene og so er dei kollute [utan horn]. Elgane hev stive bein utan leder, og dei legg seg ikkje ned når dei skal kvila. Um dei er falne av di eit eller anna hev støytt deim i koll, so kann dei korkje reisa eller lyfta seg uppatter.
3
Trei er mest som senger for elgane: Dei legg seg inn mot stomnen og soleis fær dei kvilt seg – dei hallar seg berre litt attyver.
4
Når veidemennene hev fylgt spori og vorte vare kvar elgane plar halda seg, tek dei anten å grev under røtene eller høgg eit skard i alle trei på den staden, men berre so at det ser ut som trei stend.
5
Når elgane kjem og hallar seg innåt trei, slik dei er vane med, riv dei desse ustøde trei i koll med tyngdi si og dett sjølve i lag med deim.


...so er det berre for veidemennene å bera dei stivbeinte elgane med seg heim!

2 kommentarer:

Zeugma sa...

Aha! - Så det er _det_ dei gjer under elgjakta.

fridtun sa...

Ja. Dette skytevåpenet dei ber med seg er mest til pynt. Eller, accessories heiter det vel no um dagen.

-kf