onsdag 19. mai 2010

grautgrams

Det er berre å segja det beint ut: Eg er ein retteleg grautgrams, dei kallar.
Ja, graut er til vissa noko utav det beste som finst. Og so gjævt å få eta med skeid og allting! Ei sann frygd.
Det finst ordtøke um grauten òg, i Norske Ordsprog (1856) - nei, du tarv fulla ikkje spyrja kven som stend attum dét storverket - les eg til dømes:

"Det verd ingen Graut utan Mjøl og Mauk"

Mauk er væska, vatn hell mjølk, til å koka mat med.
So noko blautt må'n hava, og mjøl.
Den siste tidi hev eg ete vassgraut med surmjølk til morgonmat
- å, for eit matmål! Det gjer godt med slik eldgamall, dugande kost.
Serleg i desse stride eksamensdagane.
(Det fell meg lett å segja slikt, eg som ikkje er nøydd um å eta vassgraut til morgons, middags og kvelds)

Eg er visseleg ikkje den einaste som tykkjer um grauten. Grautstubben hans Aasmund O. Vinje i Ferdaminni fraa Sumaren 1860 skulde vera velkjend. Lika vel skal eg gjeva att stubben her, so de som er huga fær lett tilgjenge til godsakene:

So gjekk eg og gjekk eg paa fastande Hjarta berre med ein Kopp Kaffe, alt til eg kom til Gjæstgjevargarden Grut; men daa var eg ogso solten. Denne merkjelege Ting maa eg fortelja, for det, som kjem etter. Eg bad um at faa kaupa Mat; ja, Kona var snill, ho stakkar, og reiv Barnet fraa Barmen og spurde, um eg vilde hava Egg.
"Nei kjære, lat meg faa god Mjolk til denne Dugursgrauten, som ryker her paa Bordet."
Det var Havregraut af det rette Slaget, det. Saadirne stodo med Piggar nett som Busti paa ein Griserygg, og svart var han som Oskegraut. Eg fekk god Mjolk og aat og aat, og det skurade ned igjenom Halsen, liksom naar Grantoppen verdt slipat og dregjen ned igjenom Ovnspipa. Det var so det skalv i meg af all denne sæle Njoting med kver Biten. Men daa eg bar til at metna, tenkte eg paa at gjeva ut ei Lærebok i Etarvitenskapen (Gastronomi), der Grauten på Grut skulde vera fyrste Kapitelet.


Jau, du! Havregrauten finst i alle slags skrifter, han, frå Vinje til Alf Prøysen og Tommy og Tigeren.

Men so var det vassgrauten. Den romverske tenkjaren Seneca, som eg hev nemnt fyrr, skriv òg um graut, men noko annarleis en Vinje. Fyrst skildrar han folk som liver utav tarveleg og rimeleg kost, so spyrr han:

Trur du det er metta i slik ei føda? Ja, det er det, og det er endå til hugnad i det – men ikkje ein hugnad som er lettfengd, stutt og som må nyast upp då og då, men ein stød og fast hugnad. Vatn og byggmjøl [id est vassgrauten] eller bitar av byggbraud er ingen hugnadsfull kost, men det er den høgste sæla å vera i stand til å finna hugnad i denne maten.

So hev me risgrauten, rjomegrauten, myssmørgrauten - - men no er det eksamenstid og eg trur eg endar grautferdi her.

3 kommentarer:

Ivar sa...

Grut, det er jo nesten heime, det! Og på Å har dei ei utskoren grautkjerring standande til minne om'n Vinje. Men les du vidare, miste han trua på denne grauten etter som han fekk metta si :)

Hege sa...

Du er ein grom grautgrams! Lukke til på eksamen på onsdag :)

fridtun sa...

Ivar: Ei utskori grautkjerring! Jøje meg. Noko slikt skulde'n havt i stova! Jau, han miste 'Eldhugen for Grauten og Læreboki', men til alt hell var det fulla ikkje grauten sjølv som var skuld i det.

Hege: Takk, syster, eg vonar din eksamen gjekk godt i dag!

-kf