lørdag 3. mai 2008

småkvast um kvessing

God laurdagskveld, lesarar!

Sume hev ynskt at eg skal leggja ut ei serskild tekst. I vår hadde eg eit lite stykkje på prent i tidsskriftet Riss, og bladestyret vilde endå til at eg skulde lesa det høgt på sjølve bladsleppen. Det kann de sjå her:
















Eg hev ikkje so mykje anna å målbera nett no, dimed høver det godt å spreida litt av det som alt ligg fyre. Eg legg inn teksti her, men folk bør kjøpa bladet òg! André hev til dømes nokre ov-gode teikneseriestripar der.

God lesnad!



Draumstinn hugborg

Løytnant Thomas Glahn fell i stavar berre han fær ein turrkvist eller dilikt framum augo. Sume tykkjer dette er morosamt, toskutt, merkjelegt, ja, endå til låkt. Skal det vera vrangt å binda seg til stort og smått som ein råkar på? Nei, det er ikkje gale fatt med han Glahn. Eg veit då fleire som er av same slaget, svermarar og drøymarar som læt det vesle gjera verdi. Desse er jamt dei gjævaste å vera i lag med, dei finn hugnad i mest alt og målber seg stundom som velvyrde diktarar.


Me hev eit gildt ordtøkje som segjer at ”det småe få me vyrda; det store vyrder seg sjølv”. Var det ikkje so at ei rad tenkjarar og bokfolk seint på 1800-talet, til dømes Ola Hansson, meinte at det er ”bagatellerna som styra våra lif”? Småe, bråde hugskot er viktugare for livnaden en gjenomtenkte gjerder. Ja, berre læ åt det, men eg trur det vesle og veike gjev rikare gleda en det store og sterke. Det vesle kjem ofte so illsnøgt og uventa at det kann grava seg djupt inn utan hinder, og so stend ein der, hugteken og uppglødd.


So, no hev eg vart meg sjølv og andre romantikarar for allskyns åtak. De veit, sumtid lyt ein få liva med berre éin fot i røyndi medan resten spring og sprett millom dulde draumstader som berre ein sjølv kjenner til. Sumtid, ikkje stødt. No skal eg stutt gjeva att ei hending som sette saman tvo upphavlegt småe og åtskilde emne, men som òg batt i hop røynd og løynd. De lyt kvessa nasen fyre de les på, det er han som er mest verksam. Ja, og berre so det er sagt; det er ikkje skjemt dette her. Kann vera eg er toskutt, men då er eg det i lag med Glahn.



Det heile gjekk til slik: (og me brigdar til dramatisk notid) Eg sit i kråi mi på Dragvollbiblioteket og les. Eg er i siget, bladar um og strikar upp. Med tidi vert eg svolten og finn fram ein klementin. Eg tek tå skalet og legg det ned attmed bøkene og skrivesakene, eg et båtballen og tek til å lesa att. Etter eit bil vil eg rita tre. Eg ritar syntaktiske tre, mange og lange tre, og blyanten vert um senn flat og feit.


Eg lyt kvessa.


(Ja, eg merkjer ut eit so kvardagslegt arbeid med skakkskrift og luft i kring. De skal vita det, at kvessing av skrivereidskapen kann vera upphav til mangt og mykje som ein skal gjeva ans på. For:)


Eg gjeng ikkje til skrotbytta for å kvessa, og eg kastar helder ikkje flaki der. Nei, ikkje denne gongen. Skalet ligg holt og bert på bordet, mest som ein open neve. Eg held blyanten yver skalet og vrid til.


Kvesseljod og mjuk landing i skalhandi.
Då, skynar de, då!


Det er eit utal angar som sig upp frå sovori ihopblanding! Klementinsaft og nykvesst rusk frå ein blyant! Og ikkje berre dét, men det er so mange minne som kjem stilt og seint inn på ein, når alt dette rekk fram åt nasevingen. Det kryp inn og mokar ymse hugbilæte fram i dagen. Då, i ein stutt blenk, flyg barneskule og jol og blyant-teikningar og snjo i nakken og Donald Duck og berrføtte sprang og beine skidspor og krit på asfalten og rips og varme morhender og alt godt eg veit, det flyg framfyre eit innvendes auga, og med det vert eg so hugkveikt som eg aldri fyrr hev vore. Ei liti rid sit eg tagall på stolen og søkk ned i gamle syn. Det kitlar i skallen og kling i beingrindi.


Som dei sagde, dei gamle: Når lukka vil inn, skal ein berre lata upp.



onsdag 30. april 2008

Fridtun skald leikar seg

Ja, i dag kjem noko sjeldsynt. Eg skal leggja ut ein ørliten neve dikt. Ellinor og Sunniva er alt på skrivebylgja, so det er vel berre å gyva laus. De fær tvo stutte. Og dei er skrivne for eit drygt år sidan, då eg var grasenkja og ikkje hadde stort anna å driva med. Det var fyre målrørsla huka tak i meg.

Snurr ord. Dikti høyrer ikkje saman på noko vis. Og dei skal lesast med eit smil.


I

ljodspor for dagen:

ein kvist
bak vedskjolet

fingeren
over rimdrakta

taktstrek
i borken.



II

ei stjernestripe
oppunder mønet

gneistane sprutar
på ein bøygd månerygg

natta koplar seg inn
på vår eigen krins.




Takk, Ivar Aasen.
Nynorsk er fint i dikt.

mandag 28. april 2008

liderna grønka som hagar


Her ser de utsynet frå vindauga mitt. Ein grand grønare sidan sist.













Utsending 161 frå SmiN hev kome att frå landsmøtet i Noregs Mållag, og under måndagsbilætet legg ho inn eit glimt frå flyturen heim til Nidaros. God kveld!


mandag 21. april 2008

måndagsbilætet

Eg tek til med noko fint i dag; måndagsbilætet.
Kvar måndag skal eit taka eit blinkskot frå glaset mitt og leggja ut her. Det er for at de skal få sjå korleîs våren kryp fram frå vintertjeldet. Kann henda legg eg til nokre ord.

I dag legg eg ut nokre linor frå Hellström, væne og høvelege:

Träden står i blom,
marken täcks av jungfrudom
och nu hänger det på varje kvist
en solskensoptimist


Från norr till södertörn,
till jordens alla hörn
så leder vägen hem till dig


Å, äntligen på väg



onsdag 16. april 2008

onsdag 9. april 2008

høna kastar egg og grannen drep på døri

Det er moro med ord som endrar tyding eller fær snevrare meining. I norrøn tid kunde folk verpa av seg kledi. I dag er det vel mest høna som verp, og ho verp ikkje anna enn egg. I Norrøn Ordbok finn de upphavstydingi åt ordet:

verpa (verp; varp, urpum; (v)orpinn) 1. kaste, slengje (e-u)

Eg tenkjer: det er ikkje so at egget berre "ploppar" ut, det vert visst kasta eller endåtil slunge ut. Kuli! Hønone var jaggu hardføre for tusund år sidan... Ein skulde tru det vart mykje søl av slik framferd.
Ha-ha.


So hev me endå eit gjerningsord; drepa. Eg gjev att fyrste lina frå Norrøn Ordbok:

drepa (drep; drap, drápum; drepinn) 1. slå, støyte, stikke

I dag er drepa same som å taka livet tå nokon. Difor tykkjer me ordlag som "drepa í hel" er smør på flesk. Det er ikkje mange som vilde skyna kva ein meinte um ein sagde "drepa jarn" (hamra jarn) eller "drepa strengi" (slå strengene på harpa). Eller "drepa á dyrr" - banka på.

Gjævt.
Det var mini-leksjonen for i dag.



søndag 3. februar 2008

Meir soge-moro

Ja, då, ja, eg veit at det er eg som skal skriva, for det er min blogg. Men eg hev ikkje høve nett no, og dessutan vantar eg gode hugskot og emne. Eg deler i staden nokre stykkje som andre folk hev skrive. Her kjem tvo morosame bolkar frå Soga um laksdølane:

Bæsj og tiss var likso moro då som no:

"Den tid var det mykje brukt at folk hadde veslehuset ute og eit godt stykke frå garden, og slik var det på Laugar. Kjartan sette vakt ved alle dører på husa og let ingen gå ut, så dei laut skite inne i tre netter."

Hohoi. Og her kjem det me trygt kann kalla eit gullkorn:

"Torstein Svarte og Svein, son til Dala-Alv, vakta selsdøra, medan dei andre reiv av taket. [...] Dei tok no så hardt i at åsen [takbjelken] rauk av på midten. I same blenken stakk Helge eit atgeir [spjut] ut or selet ein stad der døra var brotna; spjutet råka Torstein Svarte i stålhatten og stogga i panna; det vart eit stort og stygt sår. Torstein sa då, som sant var, at det var folk der inne."

UTRULEGT! For ein kar! Det kjem eit spjut farande frå ein mann inne i huset, det stoggar i pannebrasken, og det fyrste du segjer er "ja, det er folk der inne". Was?! Je måtte flire.
Og no kryp eg uppi sengi. Natt-natt.