torsdag 13. desember 2007

Alfarheim

Eg er i Elverum. Ferdi heim tok til frå Nidaros kring 10.00, og klokka 12:12 den 12.12.07 (sanning!) bytte eg tog på bergstaden Røros. Sidan strauk toget og eg ned Østerdalen, og millom Alvdal og Atna móka me ned eit rådyr. Eg kjenner meg nøydd til å gjeva att ordi frå tog-køyraren: "Eh ja. Vi kjørte over et lite rådyr. Det er stein dødt [ikkje "steindødt"]. Men je får vel rydde det av skinnegangen..." Fylgjeleg sprang alle (serleg kvinnfolki, og då serleg dei frå Bææærrgen (som hadde vore på firma-ferd og openbert kjende ei ovsterk trong til å fortelja um det, (me veit alle kva slags typar eg meiner))) burt åt rutone for å leggja augo på dyret. Det fekk dei ikkje gjort, med di det låg attum vognene. Ja. Men det var like fullt ei frygd å sjå kor mykje eit daudt dyr kann kveikja trøytte ferdarar. Kor som er, eg kom meg fram og hev endeleg funne jolekjensla. Jol vert det ikkje utan handball-mesterskap, serru. Og slikt er vondt å få med seg når trønder-hybelen er fjerrsjå-fri. Meir um Alfarheim kjem seinare, no vantar eg lineskift-tasten og lyt stogga her av di eg ikkje tykkjer um lange tekstbolkar. (Heitt råd: jolenummeret av Flåklypa. Eit slikt teikneserie-hefte, veit'u. Gjæve greidor!)

torsdag 29. november 2007

Å, jeg er så lettfør til å flyge!

Sumtid dreg eg ut av reiret her uppi høgdi og ned til gatone kring domkyrkja.
I dag gjorde eg ei slik ferd.
Det gjev seg sjølv at eg allereide hadde eit fastsett mål, eg dreg ikkje inn i eksos, kjas, snøløyse og kjøpsmas um eg ikkje er nøydd.

Eg var nøydd.
Eg skulde huka tak i Caprinos eventyrlige verden, og få samlingi trygt i hus (hybel).
Uppdraget gjekk som smurd.
Stutt etter vart det fest med graut og raud saft og ymse filmsnuttar.

Det fyrste eg tenkjer:
"Ser ungane dette no for tidi? Eller er det einast slike animasjonsfilmar og Barbie-seriar som vinn fram?"

Jau, filmane er rett nok gamle. Duh, Harald Heide Steen spelar liten, blåøygd gut som sit på fanget (eg trur då det er han). Og dokkone tykkjest ikkje vera levande. Men dei er då jaggu heile sjarmen! Ingen kann rulla med augo slik Caprino-skapningane kann! Um dei gjeng litt stakkato og haka skil seg frå resten av andletet, so tek ikkje det burt noko av gleda. Ikkje kann ein skulda på at det er lite spaning å finna, heller. Til dømes segjer kongen i Askeladden og de gode hjelperne (med byrg og frygdsam røyst): "Trekk skodden fra, så jeg får se at de ligger der, oppbrent". Hohoi. Ja, det skulde vore noko.
Eller kva med sprettert-kaninen i Reveenka? Han er so avgjord yndlingsfiguren min. "Å hurra-hei-og-hopp, jeg-er-så-glad-i-dag! Å hei, å hopp!". Dernæst fortel han at huset hev brunne, og kjerringi med (mykje eld her, gitt). Eller kva med trollet som stikk seg sjølv i magen med kniv?

Ungane mine skal utan tvil sjå desse filmane til dei sit klistra som kvåda til minnet. Anten dei hev hug eller ikkje. Det skal kjenna att fossen i innleidingi til "Syvende far i huset" og kæillen som lyt eta stearinljos i råmeforteljingi fyre Gutten som kappåt med trollet. Dei skal læra kor lønsamt det er å gjeva studnad til og vera snild med dei snilde (serleg gamle folk, dei eig stort sett meir vit enn du sjølv), og ikkje minst, at dei lyt pussa tanngarden. Og skjenkja nokre gryn til dei som hev "større kropp, og mindre klær, så det er verre for dei, enn for meg". Hihi. Attpå skal dei freista å klemma vatn ut or kvitosten, utan at eg hev sagt noko um det.
Og endeleg: dei skal hava trui på litt trolldom. Det er aldri uklokt.

No skal eg taka av desse sju loddi og springa til verdas ende for å henta te-vatn åt prinsessa.
Orsak so lenge.

fredag 23. november 2007

eg luktar/ser/høyrer, fylgjeleg er eg.

Mangt og mykje hev hendt sidan kodekvelden. Inkje ruvar som dét, men i går og i dag var eg med um noko ovande viktugt.
Viktugt hjå meg, då.

Tvo åtskilde sanseupplevingar, var det. Nasen og augo var verksame.
Eller, tri upplevingar, um ein reknar med tankane som kom byksande då eg høyrde på Nordstoga i snødrivet heim att frå skulen. Ja. Då lyt eg leggja til øyro.

Fyrst ute var nasen.
Fridtun sat på lesesalen og las (ja, sume nyttar lesesalar til slikt, må vita). Eg var i siget.
Upp av sekken kom brått ein klementin (ikkje av seg sjølv, då. Eller, jau, nesten. Eg er tolleg viss um at han vilde etast, nett no.)
Eg skrædde frukta, lagde skalet fint ned attmed bøkene og skrivesakene, åt, og tok til å lesa att. Eller teikna, eg teikna syntaktiske tre. Mange syntaktiske tre, og blyantspissen vart um senn flat og feit og fiendsk.

Fridtun laut kvessa.

Jau, eg merkjer ut ei slik triviell sak med skråskrift og luft ikring. For sameina med klementinskalet vart kvessingi upphavet til noko overvettes gjævt. Og det hende etter eg kvesste blyanten.

For: Eg gjekk ikkje til søppelkassa for å kvessa, eller kasta flaki der. Nei, ikkje Fridtun. Ikkje denne gongen, denne dagen. Eg kvesste blyanten over skalet, det låg då so vent og kvilte framfor meg, som eit tomt kar.
Og då, skynar du, då!

(Her kjem nasen inn: du-du-du-duuu (galopperer med fingrane på bordplata)).

Det er eit utal angar som sig upp frå ei slik samanstilling! Klementinsaft og ferskt blyantkvess! Og ikkje berre dét, det finst so mange minne som kjem stilt og seint innpå ein, når alt dette når fram åt nasagrævet. Kryp inn og mokar ymse hugbilete fram i dagen. Eller fram til eit innvortes auga. Syner seg. Og einast for meg!

Nykelord: Barndom. Jol.
Barneminni frå joli 1993-97,
so å segja.
Ujamn løkkeskrift på alle jolekort og kraftig gåve-framstilling på sløyden, ein ovdiger nisse som anga vedskjol (og eg visste det var far, men endå var det nifst), sputting av steinar frå jolefrukta (gjerne sputting i ei mor-hand som snøgt sytte for at steinane kom seg i søppelet og ikkje låg att ymse stader i huset, til dømes millom Lego-klossar eller i eit Donald-blad).
Ja. Mykje var det. Lat meg segja som Vinje: "det strøymer på meg, so eg knapt kann anda."
Eg fekk att anden. Og etter ei tid, då eg fjåg og fredfull hadde grunda på luktceller og eldre tider, kunde eg venda snuten åt lærestoffet att.


Neste andletslut ut er augo.
Upplevingi kom på i dag tidleg. Utanfor gluggen.

Fridtun sat attmed skrivebordet, hadde nypussa tanngard og skulde leggja dei siste bøkene i sekken.
Me brigdar til dramatisk presens: Fridtun ser stundom ut glaset, på ungar som hoppar i snøfonner og bilar som sniglar seg fram på nysnøen.
Greidt. Slikt hender då tidt.
Men! Med eitt vert heile uteromet blått. Blått, som i blåtimen i Blåfjell. Ikkje berre ei ymis blanding av svart himmel og kvit snø, men som ein djup havbotn (slik ein ser på National Geographic) eller som rein, blå vassmåling.
André såg det au, so eg lyg ikkje.
Eg datt nesten av stolen. Betre fær eg ikkje lagt det fram. Eg var hærteken av blåljos.


Øyro gjorde ikkje mykje.
Men dei tok imot "Linus i svingen"-songen då eg gjekk over brui ved Voll gard. Eg såg ikkje jamt på Linus (jolekalender på nrk i fjor), men eg såg joleftan-programmet. Medan eg gjekk der, elleve månader minus éin dag seinare, kom eg i hug at eg fekk tåror på kjakan då eg såg det, programmet, men eg hugsar ikkje heilt kvifor. Truleg var det nokon som var snilde med einannan, det skal ikkje stort meir til.

Med andre ord: jamvel um vitet ikkje vert nytta til stort anna enn lesing for tidi, ser det ut til at Fridtun-sansane er i orden.
Med det tek eg kvelden.
Skubiduu.

mandag 15. oktober 2007

fokus på kongler

Til dei få (og truleg fiktive) lesarane som ihuga fylgjer den spanande "gras-på-glas"-utviklinga: Her er siste nytt!

Etter mykje om og men fann Fridtun ut at det beste var å ta glaset med ned att til Hedmarksskogen. Eg synest nemleg ikkje noko vidare om blanding av grasgenar og slikt, kven vil vel ha ureint blod i årene! (eller stråa) Hohoi, nei, eg trur grassmørja mi verkeleg kosar seg i komposthaugen no, i skrivande stund. Og for seinare skrivande stunder, so klårt. Eg syrgde sjølvsagt for å dokumentera det heile, og hyrte inn ein rutinert fotograf på elleve sumrar. Eg lyt nok svika dei som vona muggslugget lukta daud og det som verre er, den einaste eimen eg kjente kom frå honningrestar i botnen av glaset. Flaks eller uflaks?

Etter litt lukting og mimring vart innhaldet tømt ut i komposten, saman med gult sumargras og andre saker som er deportert frå hagan hennear mor. Eg er óg iført gult, utan at det gjer meg til kompost.




Etter dette laut eg grunda litt på kva som skulle oppi no. Til slutt fall valet på kongler. Langt meir praktisk, og sikkert ikkje so hurtig-rotnande. Kuli. Klart eg har bilete av plukkinga.




Eg må no berre få sagt at hovudpoenget med dette prosjektet er ikkje å a) systematisk undersøkja kva slags Elverumsmateriale som held seg best på honningglas frå Femunden b) undertrykkja eller eventuelt døyva ei form for heimlengt. Niks, målet er sjølvsagt det fantastiske kjensla eg får av sliktno'! Ungen vaknar! Å sitja på huk i ein grashaug og vera i ekstase over nokre strå, det er so enkel ei glede, so himla god avkopling! Betre enn ei helg på spa, det er eg temmeleg overtydd om. Dessutan trur eg bilet-takaren mora seg. Moro for to!


torsdag 27. september 2007

kunst & knep

Det fylgjande er eit drygt 500 år gamalt notat som fram til 1796 låg under korgolvet i Vinje stavkyrkje. Då vart kyrkja riven og magien funnen. Særri! Tekstbolken er henta frå ei lita svartebok. Kuli. For dette er heftige saker, sjø:

Item om tu wilt haffwe naakendz qwinnysz williæ etc.: Om fredagh ath morghen før soll gaar wp, skriff tesse efterschreffne caracteres med blodh aff tyn lislæ fingher i tyn høgre hand||| ok thee them før then tw haffwe wil et fiat tibi sicut vis. Probatum est.

Fett ass! Eg var sjølvsagt medviten om at livet som nordiskstudent er ovleg gildt og hugnadsamt, men so fantastisk?! Og medan me er inne på litt slik kjærleiksrelaterte saker:



Hjarte i kaffien. Temmeleg fantastisk det óg. Eg vil ha meir av slikt. For tenkj.
Eg er ein glad laks i dag.

lørdag 15. september 2007

Muggslugg!

Det som førr en måne' sea var "gras på glas" har nå vørti det itte fullt så stilfulle "kadaver i kar", eller "grums i gluggen", eller bære Røtin & Bron & Kompani. Graset er gulbront, tyttbæra har miste rau'fargen og det veks kvite muggroser på glaset. Trivli å ha slikt no' i hylla. I grunnen er det itte så gæli. Prosessa høll seg jo under lokket. Men estetisk vakkert kan je fell itte akkurat kalle det... Så å skar'n gjøra? Je kan hæva det ut. Je er i stand tel å tømme ut nævan med kvist og kvåså fra hemetomta og vinke farvel tel det, jord blir det jo uansett ta det. Trondheimsjorda hadde sikkert syntes det var spennende med et eksotisk Ælvromsinnslag. Så joa, det går an. Men je kan óg ta med glaset hematt, i oktober, tømme ut innholdet i komposten så grasstråa her får råtne i hopes med dom andre grasstråvenna sine fra Fridtunplenen. Så kan je fylle det på nytt med høstblar fra småbjørken' rundt Femundshytta, og ta det med oppatt... Fy fasan, tenkj å væra så hemekjær! Noen som har forslag tel å je ska gjøra? Bære så det er sagt: je et itte opp innholdet. Grett at grøntfôr er viktig, særli for ihuga studenter på farten, men je står over dænna gongen. Det er lov å sea at je er barnslig og naiv og skrullete og gælin, men du ska væta at je er væpne med hissig (men egentlig ganske snill) Fridtunråte. Fett. Og je burde ha no' bære å fylle lordaskvelden min med, trur je.

søndag 9. september 2007

Nedovervatnet & eg

Jauda. Vêret. Vêret, denne kringsetjande tilstanden i atmosfæren som mennesket yndar å røda om. Dette mest frekvente samtaleemnet som ikkje er til å koma ifrå (korkje replikkane eller fenomenet). Sjølv på universitetet lærer me at vêret, jau, det er noko alle kan seia litt av kvart om, det er eit ufarleg tema som er godt eigna til bli-kjent-konversasjonar. Joggu. På morssida mi er vêret so godt som alfa og omega for dagskvaliteten. Godt vêr = god dag. Noko forenkla, givetvis. Farsan vert litt vreid av slikt vêrsnakk. Eg held med han. So kvifor byrja eit innlegg med vêrdrøftingar? Jau: eg har ei oppleving som botnar i eit vêrfenomen.

Regnet.

Regn og dikt, faktisk.

Det er ein god samansetnad. Og me er heller mange som har lesi "Hestene står i regnet" av Astrid Hjertenæs Andersen. For eventuelt nye lesarar (av diktet) skal eg sitera nokre sentrale liner, heile sistestrofa:

Slik som hester står i regnet,
lutende, med våte flanker,
og lar duft av muld og væte
drive sterkt og søtt i sinnet,
vil jeg stå og bare være
og la himmel-yret falle,
inntil tanken fri for feber
følger drømmene til klarhet
i en steil og stille ro.

Det følgjande er ei hending frå fredag, vekedagen over alle vekedagar, og Fridtun (som fortel meir enn ho teiknar) var på veg heim frå skulen. Eg hadde nett gått over den nybygde brua ved Voll gard. Nokre minutt tidlegare hadde eg sendt av stad ei tekstmelding til kärleken og openberra mi ekstatiske glede ved heimturar i mjukt regn sameina med haustmelankolsk kent-song i øyro. Eg gjekk for meg sjølv og smilte, slik eg gjer jamt og samt. Og eg gjekk over brua (ikkje brura, ho er omtalt i eit innlegg nedanfor), då eg brått laut stogga. Hadde det vori vinter og snø hadde eg stått fastfrosen i mine eigne spor, men på fredag var det berre grus under føtene, ikkje eit skarve frostlag eingong. Men like fullt; eg stogga. Og stod. Av di nokon andre stod.

Visst!

Det var hestane. Hestane på Voll gard. For ei veke sidan stod Helene Harefrøken (iført mine heite Swix-klede, me hadde förstås vori på springmarsj) og klappa desse digre hovdyra, av di det visstnok luktar so godt av nævan etterpå (og det gjer då det). Men det var førre veke. Denne gongen var eg åleine. Hestane var tre. Og dei stod. Og stod. Og eg. Stod. Det vil seia, eg såg at dei stod føre eg stogga. Eg tenkte, med diktet i minne, at: "Jøss, dei står faktisk dønn stille". So drog eg ut øyrepluggane (ja, eg er av denne fæle generasjonen som ofte må ha ei form for ljod i huggu). Deretter tenkte eg: "Lurer på korleis det er å berre gje faen i alt anna og berre stå." (ikkje faen som i at eg har noko å vera harm for, men heller som at eg slepper alt eg har i hendene og hovudet og lèt verda ta seg fram åleine litt). Og stå. Eller: berre vera. Fyrst stogga eg og stod. Med hendene djupt nedi bukselommene og hetta over hovudet. Og hestane og eg vart eit me. Særri. Eg & dei. Lufta mellom oss var i stadig vertikal rørsle, det højla, mildt sagt, men me stod. Alle andre sprang forbi og masa og tjasa og bala med bråkete regnjakker og viltre paraplyar, dei fanst liksom berre ein stad langt utanfor hestane og vatnet og meg, som skuggar, dei vart tekne av regnet medan hestane og eg var på lag. På lag med regnet. Visste desse andre i det heile kva dei gjekk glipp av? Har dei nokon gong prøvd å stå stille, i regnet, med tre hestar?

Bestemor ville sagt "fysj og fy for eit vêr".
Fridtun hadde so avgjord ei inni-beinmargen-god haustoppleving av det sjeldne slaget.