søndag 14. februar 2016

mange um beinet

Me held fram i den språklege leidi frå fyrre helg. Denne gongen er emnet noko alle kann kjenna seg att i: talemålsskilnader. Rettare sagt ulik bruk av det same ordet. Husmori og nettnerden er uppvaksne på kvar sin kant av landet, og dei språklege skilnadene er jamnast ei kjelda til gaman og hugnad. Men ikkje stødt! Nettnerden synest det er morosamt at husmori segjer «bena» når ho viser til føtene, som her:

«Je ær så kald på bena.»
«Har du så små ben at du får på deg dessa skoa?»

Husmori hev ofta havt kjensla av at det er ho som gjer feil her, medan nettnerden hev rett. Lika vel vert det heilt gale for husmori å segja slikt som «je ær så kald på føttene». Øysterdalsformi «føten'» er greidare, men det er no ein gong slik at «bena» fell lettast for henne. Er det husmori som er rar i målet? Er det rett av nettnerden å flira åt dette?

NEI! Hemnen er søt! For husmori slo upp ordet bein i ordboki til Ivar Aasen:



Ingen kommentarer: