Lesnad:
«Ein kan seie at eit språks grammatikk også er ein slik spegel som speglar relasjonane i verda, eller lagar eit samanlikningsgrunnlag, og ho [Inger Christensen] seier at 'man som digter må lære at elske præpositionerne, fordi de, nærmest urimeligt usynlige som de er, er dem der holder bevidstheden i samme slags bevægelse som verden'. Dette kan vi jo teste ved å ved å mumle preposisjonar høgt for oss sjølv og samstundes kjenne etter kva det gjer med medvitet vårt når vi seier dei slik etter kvarandre: over, under, gjennom, mellom, framfor, mot, på, omkring, ved, til, bak, i - etc. Blir ikkje medvitet vårt dradd av garde som på ei merkeleg berg og dal-bane av rørsle, og blir ikkje medvitet vårt etter avslutta ferd ovandotten over dette, og har ikkje medvitet lyst til å bryte ut i jubel over språkets makt, og særleg preposisjonane si makt, og har ein ikkje lyst til å skrive ei novelle for kvar preposisjon [...]? Jau, ein får kjempelyst.»
Gunnhild Øyehaug: «Rein som snø» (s. 139) i Stol og ekstase (2006)
Mannsdagen 2022
for 2 år siden
3 kommentarer:
Og den novella kunne handla om ein fyrsteklassing som eigentleg skal sitja PÅ ein stol, ingen vanskar med å bruka heile preposisjonsrekkja her!
Øystein Sunde har eit kjekt refreng i ein song:an,auf,hinter,in,neben,uber,unter,vor und zwishen!
Anonym svigermor
Hahaha! Godt framlegg! Variasjonar over temaet "fyrsteklassing og stol". Eg ser det levande føre meg.
Øystein Sunde, ja - kven andre kan få ei tysk preposisjonsrad til å løysa låtten? Apropos: No skal eg nytta høvet til å gjera noko eg ikkje fær lov til av frua. Nemleg å segja/skriva: Danke schön, bitte schön, Østersjøen og Mjøsa!
Legg inn en kommentar