Eg hev tøygt og bøygt mange musklar so langt i livet, i alle fall i den tidi eg dreiv med skidhopping og laut vera mjuk, men andlitet hev eg ikkje tøygt meir hell det vanleg lått og gråt og anna minespel krev. Difyre vart eg både fjetra og nyfiki då lokalavisa nyleg skreiv um det tøygjelege andlitet mitt. Det gjekk til slik:
Fyrre fredag heldt eg eit lite kåseri, dei kallar, um ord og målbruk. Høvet var Volumfestivalen. I siste helvti av innlegget tok eg fram den fillutte og utslitne utgåva mi av Norsk Ordbog av far Aasen (den nye utgåva frå 2003, vel å merka, ikkje ei 1873-utgåva) og tala varmt – og vonleg klokt – um boki og verket hans Aasen. Ei bladkvinna frå Østlendingen var til stades i salen, og dagen etter kunde me lesa i bladet at eg, då eg greip boki og tok til å tala um henne, «ble mjuk i ansiktet på en annen måte». Den vyrde nettnerden og eg tok straks til å undrast: på ein annan måte? Korleides var den fyrste måten? Hev eg eit jamt drag av mjukleik i andlitet – som brådt skapte seg um?
Saki er enno ikkje uppklåra, so um nokon hev tips eller vink som kann føra oss nærmare ei løysing, er me takksame.
Mannsdagen 2022
for 2 år siden
3 kommentarer:
Anonym kjærastmor trur ho forstod damo!Ein vert endå mjukare/ein har det godt og får det endå betre.Som når eg ligg og oldbeddar med bok og nokon stikk til meg ein godbit(vinglas,sjokolade,kaffikopp) utan at eg har spurt om det!Eller katten som ligg og kroar seg og får eit klapp over ryggen eller magen av einkvan.Eller du som held føredrag og får lov å lesa høgt frå BOKI.God sommar!!
Og så ser du ganske snill ut til vanlig også.
Oldbedding, ja! Både oldbed(d) og laug - dette ordet er no godt innarbeidt hjå meg - må på plass i den framtidige Haugum-Fridtun-heimen.
Takk, Ellinor. Som eg vel hev nemnt tidlegare, hadde eg som einaste mål i livet å vera snild. Det gjeld i grunnen framleis.
Legg inn en kommentar