Meir elsk! Elsk elsk elsk yver heile lina. Ikkje fleire hjärta & smärta-innlegg, ikkje fleire lengtingskvæde og brotne voner. Fordi:
Kristin (15 år): «Jeg vil ha ei jente. Ja, ei jente. Herregud! Men det er jo dét jeg vil. Ei som skjønner meg uten at jeg trenger å si så mye. Som bare er snill og god og føler det samme som jeg. Jeg vet akkurat åssen det skal være.»
Kristin (22 år): «Du finn aldri ei slik gjenta. Og um du finn henne, kann du banna på at ho er uppteki. Og er ho ikkje uppteki, vil ho ikkje ha deg lell. Elskhug er berre vonbrot og drit. Du hev narra deg med hugsyner lenge nog, dei djevla tanåringsdraumane må du skilja deg av med. Ut med deim! Burt! Røyndi er för fan ikkje slik du trudde den gongen.»
Kristin (24 år): «Ho finst! Ho er mi! Ho ser! Ho skynjar! Ho ei slik eg hev ynskt meg og leita etter i tie år. Ho stiller all lengtingi, ho gjer meg heilt roleg. Vi känner alltid samma sak.»
Er'e rart eg er nøgd, undrast eg.
Mannsdagen 2022
for 2 år siden
12 kommentarer:
eg veit akkurat korleis det skal vera. me er nett slik.
Det är du och jag / låt ingenting annat få spela någon roll.
Kjærleik gjer meg alltid glad. Men din kjærleik gjer meg litt gladare!
No måtte eg knisa. Faktisk!
Jeg vil tegne hjerter i margen ved det blogginnlegget.
Å, Ellinor. So fint! I framtidi er det vel råd å få til noko slikt.
Anonym kjærastmor vil på vegne av 5 damer i sin beste alder takka for ei fin stund i peisestova!Den anonyme er stolt av og imponert over deg,og glad for å vera kjærastmor.
Å! Dette gjeng rett inn på lista yver minneverdige og rørande bloggkommentarar. Hjarteleg takk! Eg hadde det utruleg kjekt sjølv og sette stor pris på at de sat i salen. Eg vonar at eg ikkje gav anonym tanta ein alvorleg støkk då eg nemnde henne.
Dette er rett og slett vakkert.
Takk, Susanne!
jag saknar dig. (jag har alltid saknat dig)
Å, klåperska! Längtan skala sprängs.
Legg inn en kommentar